Ot.prp. nr. 10 (2000-2001)

Om lov om iverksetjing av visse internasjonale tiltak i samband med vedtak av Den europeiske unionen innanfor Den felles utanriks- og tryggingspolitikken

Til innhaldsliste

6 Merknader til dei einskilde lovparagrafane

§ 1 gjev Kongen fullmakt til å treffe føresegner til iverksetjing av visse internasjonale tiltak i tilslutning til vedtak av Den europeiske unionen innan området for Den felles utanriks- og tryggingspolitikken. Kongen kan med heimel i denne føresegna fastsetje dei nærare prosedyrane i samband med slike særlege tiltak. Det kan vere føremålstenleg med særreglar om iverksetjing og handheving av tiltak. Kongen eller den han gjev fullmakt kan endre, suspendere eller oppheve føresegner som er gjevne i medhald av denne lova.

§ 2 skal sikre at føresegner ikkje blir gjevne i strid med alminneleg folkerett eller avtaler med framande statar.

§ 3 byggjer på § 2 i lov av 7. juni 1968 nr. 4 til gjennomføring av bindande vedtak gjorde av Tryggingsrådet i Dei sameinte nasjonane, og gjev den naudsynte heimelen for straff ved brot på føresegner som er gjevne i medhald av lova.

§ 4 seier at lova tek til å gjelde straks.