Ot.prp. nr. 107 (2004-2005)

Om lov om endring i lov 14. desember 1973 nr 61 om statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.v. og lov 8. juni 1984 nr. 59 om fordringshavernes dekningsrett (dekningsloven)

Til innhaldsliste

2 Gjeldande rett

Den statlege lønnsgarantiordninga skal sikre arbeidstakarane sine krav på lønn m.m. som ikkje kan dekkjast på grunn av konkurs hos arbeidsgjevaren. Ved utbetaling av lønnsgarantidekning går staten inn i kravet til arbeidstakaren i konkursbuet. Ordninga har eit sosialt tilsnitt og skal sikre at arbeidstakarane får dekt sine krav sjølv om arbeidsgjevaren går konkurs.

Rådsdirektiv 80/987/EØF om vern av arbeidstakarane i tilfelle der arbeidsgjevaren er insolvent (insolvensdirektivet), krev at alle EU/EØS-land har ein garantiinstitusjon som sikrar arbeidstakarane lønn ved konkurs hos arbeidsgjevar. Noreg er bunde av direktivet gjennom EØS-avtalen.

Utgangspunktet etter insolvensdirektivet er at alle arbeidstakarar som blir råka av konkurs, har rett til lønnsgarantidekning. Det blir likevel opna for at det kan fastsetjast avgrensingar i utbetalingane, noko som både Noreg og dei andre nordiske landa har nytta seg av. I Noreg er dette blant anna gjort ved å avgrense den maksimale utbetalinga frå ordninga til inntil to gonger grunnsummen i folketrygda per arbeidstakar.

Lønnskrav blir dekte over lønnsgarantien i den utstrekninga dei har fortrinnsrett i konkurs etter arbeidsgjevar ut frå reglane i lov 8. juni 1984 nr. 59 om fordringshavernes dekningsrett (dekningsloven), kapittel 9. I norsk rett er krav frå tillitsmann i samanslutning eller stifting, dagleg leiar og styremedlem som ikkje har vore representant for arbeidstakarane i styret, i utgangspunktet haldne utanfor lønnsgarantidekning i samsvar med dekningsloven § 9-3 nr. 1 bokstav a), c) og d). Etter dekningsloven § 9-3 nr. 1 bokstav b) er også krav frå arbeidstakar som har hatt ein eigardel på minst 20 prosent, haldne utanfor lønnsgarantidekning. Unntaka gjeld lønnskrav som er opptente medan arbeidstakaren var i ein slik posisjon.

Dekning kan likevel gjevast dersom arbeidstakar som har vore styremedlem eller eigar, sannsynleggjer at vedkomande ikkje har hatt vesentleg innverknad på drifta i verksemda, jf. dekningsloven § 9-3, første ledd, nr. 1, andre ledd. Når det gjeld dagleg leiar, vil arbeidstakar ha krav på dekning dersom vedkomande ikkje har hatt slike mandat og fullmakter som normalt ligg til stillinga som dagleg leiar. Reglane byr på skjønnsvurderingar, og det vil ofte vere vanskeleg for arbeidstakar å kunne bevise at han eller ho ikkje har hatt vesentleg innverknad på drifta i verksemda. I ein del tilfelle vil dermed reglane kunne slå urimeleg ut. Dersom ein kjem til at det er rimeleg å bruke den ovanfor nemnde unntaksregelen, vil krav som eventuelt går utover dekningsområdet for lønnsgarantien, ha fortrinnsrett i forhold til andre kreditorar.

Insolvensdirektivet artikkel 10 a) og b) gjev også medlemsstatane rett til å treffe nødvendige tiltak for å unngå misbruk. I norsk rett er det ein regel som skal hindre lønnsgarantiutbetaling ved misbruk i lov 14. desember 1973 nr. 61 om statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.v.(lønnsgarantiloven) § 7.