Ot.prp. nr. 107 (2004-2005)

Om lov om endring i lov 14. desember 1973 nr 61 om statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.v. og lov 8. juni 1984 nr. 59 om fordringshavernes dekningsrett (dekningsloven)

Til innhaldsliste

5 Vurdering og framlegg frå departementet

Det blei i 2002 gjort nokre få endringar i lønnsgarantiregelverket (Ot.prp. nr. 53 (2001-2002)), med sikte på å få dei norske reglane om styremedlemmer i samsvar med insolvensdirektivet. Den gongen blei det i utgangspunktet også teke høgd for at ein skulle møte krava i det nye direktivet slik at det ikkje blei nødvendig med fleire lovendringar. Etter ein nærmare gjennomgang av direktivet har departementet kome fram til at det er eit behov for å endre lønnsgarantiloven og dekningsloven for å gjennomføre direktivet i norsk rett. Stortinget er såleis ikkje tidligare varsla om at dette direktivet fordrar lovendring.

Insolvensdirektivet (80/987/EØF) artikkel 1 nr. 2 gjev medlemsstatane høve til å utelukke krav frå arbeidstakarar på grunn av den spesielle karakteren arbeidsavtalen eller tilsetjingsforholdet har. Dagens norske regelverk held som nemnt unna arbeidstakar som har hatt ein eigardel på meir enn 20 prosent, som har vore dagleg leiar, styremedlem eller tillitsmann i samanslutning eller stifting frå lønnsgarantidekning, med mindre det kan godtgjerast at personane ikkje har hatt vesentleg innverknad på drifta. Dette fører i utgangpunktet til at denne personkretsen er halden utanfor dekning, og berre i unntakstilfelle er søknadene blitt innvilga.

I Rådsdirektiv (2002/74/EC) om endring av direktiv om vern av arbeidstakarar når arbeidsgjevaren er insolvent (endringsdirektivet), er det slått fast at det ikkje lenger er mogleg å halde oppe unntaka for tillitsmann, styremedlemmer og dagleg leiar på eit slikt grunnlag som det norske regelverket no gjer. Endringsdirektivet opnar berre for å unnta frå dekning arbeidstakarar som, aleine eller saman med nære slektningar, har vore eigar av ein vesentleg del av verksemda, og som har hatt vesentleg innverknad på aktiviteten i verksemda, jf. artikkel 10, ny bokstav c).

Departementet kjem derfor med framlegg om at også desse gruppene arbeidstakarar i utgangspunktet får dekning. Ved å fjerne desse unntaka vil norsk rett også bli meir på linje med lønnsgaratiordningane i dei andre nordiske landa.

Som nemnt har det kome merknader i høyringsrunden knytt til i kva for ein lov dei aktuelle endringane bør gjerast. Departementet sluttar seg til innspelet frå Justisdepartementet, og kjem på bakgrunn av dette med framlegg om at endringane blir gjorde i lønnsgarantiloven. I framlegget går ein inn for at regelen i lønnsgarantiloven § 1, tredje ledd blir utvida til også å omfatte dekning for krav frå tillitsmann i samanslutning eller stifting, dagleg leiar og styremedlem. Etter departementet si vurdering vil ei slik løysing ikkje svekke grunnlaget desse arbeidstakarane har for å få lønnsgarantidekning, og vil såleis vere i tråd med bakgrunnen for høyringsframlegget. Ei slik løysing vil likevel innebere at lønnskrav frå dei nemnde arbeidstakarane som går over det maksimale dekningsbeløpet på 2G, eller som av andre grunnar ikkje får lønnsgarantidekning, ikkje vil vere prioriterte krav i konkursbuet.

Departementet føreslår vidare å føye til ein regel i dekningsloven § 9-3, første ledd som gjev staten regresstilgang i konkursbuet for krav som er dekte over lønnsgarantien til desse gruppene av arbeidstakarar.

Som det går fram av omtalen av gjeldande rett, har krav frå arbeidstakar som har vore styremedlem eller dagleg leiar, men som kan bevise at han eller ho ikkje har hatt vesentleg innverknad over drifta i verksemda, likevel fortrinnsrett. Det blir ikkje gjort noka endring når det gjeld dette.