Ot.prp. nr. 107 (2004-2005)

Om lov om endring i lov 14. desember 1973 nr 61 om statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.v. og lov 8. juni 1984 nr. 59 om fordringshavernes dekningsrett (dekningsloven)

Til innhaldsliste

6 Økonomiske og administrative konsekvensar

Slik departementet vurderer det, vil ei slik endring som det er gjort framlegg om, gje reglar som forenklar saksbehandlinga. Vidare reknar ein med at endringa vil føre til ein nedgang i talet på klagesaker, noko som vil vere ressurssparande både for Direktoratet for arbeidstilsynet og for departementet som klageinstans. Etter erfaringane i departementet utgjer denne typen saker ein relativt stor del av klagesakene.

Sidan det vil bli enklare for denne gruppa arbeidstakarar å få lønnsgarantidekning, vil endringane innebere ein stor auke i utbetalingane gjennom lønnsgarantien. Meirutgiftene er estimerte til i overkant av 115 mill. kroner. Dette er eit usikkert tal, men er framkome ved å ta utgangspunkt i at alle selskap er pliktige etter loven til å ha dagleg leiar og eit styre med 2-3 medlemmer. Dette inneber at når det gjeld dagleg leiar, vil det i nær sagt alle konkursar vere ein dagleg leiar som vil ha krav på dekning, dersom vedkomande har uteståande forfallen lønn eller feriepengar, med mindre andre unntaksreglar blir aktuelle å bruke. Når det gjeld dei auka utgiftene knytte til styremedlemmer, er dette meir usikkert sidan det berre vil vere styremedlemmer som også er arbeidstakarar, som vil få dekning for sitt lønnskrav.