Ot.prp. nr. 107 (2004-2005)

Om lov om endring i lov 14. desember 1973 nr 61 om statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.v. og lov 8. juni 1984 nr. 59 om fordringshavernes dekningsrett (dekningsloven)

Til innhaldsliste

4 Merknadene frå høyringsinstansane

Høyringsbrevet har vore på vanleg høyring til 17 høyringsinstansar. Departementet har fått tilbake 13 høyringssvar, av dei har to høyringsinstansar kome med merknader til framlegget.

Justisdepartementet har i sitt høyringssvar peikt på at dersom endringa blir gjord i dekningsloven, slik det var framlegg om i høyringsbrevet, vil dette også verke inn på kva for krav som får prioritet som krav av første klasse i konkurs. Endringsframlegget vil føre med seg at arbeidstakarar som har vore tillitsmann, dagleg leiar eller styremedlem vil få fortrinnsrett for sine lønnskrav føre andre kravshavarar i buet. Justisdepartementet synest ikkje dette utan vidare er rimeleg i tilfelle der desse personane gjennom stillingane sine har teke del i avgjerder som førte til konkursen. Vidare har Justisdepartementet vist til at beløpsgrensa på 2G som følgjer av lønnsgarantiloven § 1, tredje ledd første punktum, og misbruksregelen i lønnsgarantiloven § 7, andre ledd ikkje vil bli brukt for prioritetsregelen i dekningsloven § 9-3. Dette kan føre til at lønnskrava får prioritet etter dekningsloven § 9-3 utan at dei nødvendigvis har dekningsrett over lønnsgarantien.

Konkursrådet støttar framlegget om at det blir opna for at tillitsmenn i samanslutningar og stiftingar, daglege leiarar og styremedlemmer kan få lønnsgarantidekning. Det blir hevda frå rådet at det, i tillegg til å vere ei beløpsgrense på 2G for dekning etter lønnsgarantiordninga, også bør setjast grenser for den prioriteten restbeløpet har i konkursbuet. Etter Konkursrådet sitt syn bør ein administrerande direktør som har fleire millionar kroner til gode i lønn, ikkje ha førsteprioritet etter dekningsloven § 9-3 for heile kravet fordi det vil kunne binde opp alt som måtte vere att til fordeling i eit bu. Slik Konkursrådet ser det, vil dette kunne verke svært urimeleg, og i visse tilfelle støytande, overfor dei andre kreditorane.