Ot.prp. nr. 12 (2008-2009)

Om lov om endringar i lov om erstatning frå staten for personskade valda ved straffbar handling m.m. (valdsoffererstatningslova)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for forslaget

Valdsbrotsverk har til alle tider vore eit problem for samfunnet, og ikkje minst for dei valden går utover. Den beste hjelpa ein kan gi er støtte, slik at personen sjølv kan komme seg vidare i livet og leggje «offerrolla» bak seg. Enkelte klarar sjølve å integrere erfaringane sine, mens andre slit meir og treng hjelp frå fellesskapet. Det kan for eksempel vere nødvendig med hjelp til å bøte på fysiske eller psykiske skadar, eller hjelp til å komme seg ut av einsemd og isolasjon. Det er òg viktig med eit inkluderande arbeidsliv med plass til ulike menneskje med ulike erfaringar. Sjølv om samfunnet gjer ein god og stadig betre innsats her, kjem ein ikkje bort frå at enkelte valdsutsette blir påførde større eller mindre økonomisk tap som ikkje blir dekt gjennom trygdeordningar mv.

Eit klart etisk og juridisk utgangspunkt er at den enkelte skadevaldar sjølv skal stå økonomisk til ansvar for handlingane sine overfor skadelidde. Erstatningskravet er likevel svært ofte verdilaust fordi skadevaldaren har dårleg betalingsevne, og ikkje sjeldan vert gjerningsmannen verande ukjend. Det er derfor gode grunnar for at staten gjennom eksisterande erstatningsordning medverkar til å dekkje heile eller delar av tapet.

Frå eit restorative justice -perspektiv er valdshandlingar/kriminalitet ei krenking av enkeltpersonar og lokalmiljø (i motsetning til den tradisjonelle strafferettstenkinga der kriminalitet blir sett på som ei krenking av staten og lova). I grunn er dette ein person si krenking av ein annan. Det er derfor òg viktig at utøvaren blir pålagt ansvar for og får høve til å gjere opp for den valdshandlinga som er utført. Å flytte merksemda over frå valdsutøvar til staten kan motverke både ansvarleggjering av utøvar og helingsprosessen til den valdsutsette.

Eit liv let seg aldri erstatte med pengar. Tapt helse og tapt liv vil ikkje kunne reparerast same kor høg erstatning som blir gitt. Valdsoffererstatninga vil likevel kunne medverke til at dei valdsutsette eller deira pårørande ikkje får økonomiske bekymringar i tillegg.