Ot.prp. nr. 12 (2008-2009)

Om lov om endringar i lov om erstatning frå staten for personskade valda ved straffbar handling m.m. (valdsoffererstatningslova)

Til innhaldsliste

5 Ikrafttreding

I høyringsnotatet 8. april 2005 skreiv Justisdepartementet blant anna: «endringene foreslås bare å komme til anvendelse i tilfelle der det søkes om voldsoffererstatning på grunn av straffbare handlinger e. l. som har funnet sted etter lovens ikrafttredelse.»

Dei fleste høyringsinstansane sluttar seg til forslaget, mens Landsforeninga for valdsoffer og Kristoffer Bastiansens minnefond går inn for at lova skal givast tilbakeverkande kraft.

Departementet viser til at utgangspunktet i norsk rett er at skjeringstidspunktet blir sett til når lova trer i kraft. Departementet kan ikkje sjå at det er komme fram moment som tilseier ei anna løysing i dette tilfellet.