Ot.prp. nr. 12 (2008-2009)

Om lov om endringar i lov om erstatning frå staten for personskade valda ved straffbar handling m.m. (valdsoffererstatningslova)

Til innhaldsliste

4 Departementet si vurdering

Departementet meiner at det bør vere ei øvre grense for utbetaling av valdsoffererstatning i kvart enkelt skadetilfelle. Ein viser til utgreiinga lenger framme under punkt 2, Bakgrunn for forslaget. Dessutan nemner ein at valdsoffererstatningsordninga kan sjåast på som ei form for indirekte tvungen forsikring gjennom skattesetelen. «Tvungen forsikring» er fornuftig for å dekkje inntekter av ein slik storleik at ein kan ha eit normalt liv med eit normalt forbruk. For det som overstig vanlege inntekter, kan det hevdast at forsikringa bør vere frivillig og skje i privat regi.

Enkelte av høyringsinstansane har foreslått at grensa skal gjelde for kvar enkelt etterlaten, og ikkje slik som i dag, då dødsfallet er sett på som eitt skadetilfelle i forhold til maksimumsgrensa i § 11. Etter departementet sitt syn vil ei slik løysing for eksempel kunne oppfattast lite rettferdig i forhold til barn av sterkt skadde valdsutsette. Også i desse tilfella vil det vere behov for at det inntektstapet mor eller far har hatt no og i framtida blir kompensert slik at barna kan forsytast på anstendig vis.

Elles legg ein til at det etter departementet sitt syn er viktig at ein òg på andre måtar hjelper desse barna. Blant anna er det viktig at dei blir sikra gode omsorgspersonar for framtida.

Departementet har òg vurdert om det bør fastsetjast differensierte beløpsgrenser, slik som ein har i blant anna Danmark, Sverige og Finland. Dette ville kunne avskjere erstatning for svært høge inntekter, samtidig som ein ville ha fått dekt andre typar tap/utgifter. Men etter departementet si vurdering vil ei slik ordning medverke til å komplisere erstatningsutmålinga unødig, samtidig som ein heller ikkje med ei meir nyansert utmåling vil kunne unngå vanskelege grensetilfelle i dei mest omfattande og kompliserte sakene.

Departementet har komme til at dei beste grunnane talar for å ha ei fast øvre grense, men at denne bør aukast kraftig i forhold til gjeldande grense. Departementet foreslår at øvre grense for valdsoffererstatninga blir dobla til 40 gonger grunnbeløpet i folketrygda. Dermed blir det gjort eit kraftig løft for dei valdsutsette.