Ot.prp. nr. 18 (2007-2008)

Om lov om endringar i inkassolova (godkjenning av kvalifikasjonsbevis frå ein annan EØS-stat m.m.)

Til innhaldsliste

5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet kan ikkje sjå at forslaget om å endre inkassolova §§ 4 og 5 vil få nemnande økonomiske eller administrative konsekvensar for det offentlege. Forslaget inneber at det blir lettare for inkassoforetak frå andre EØS-statar å få norsk inkassoløyve. Dette kan ha ein gunstig konkurransemessig effekt. Justisdepartementet ser det likevel ikkje som sannsynleg at mange utanlandske inkassoforetak vil starte å tilby sine tenester i Noreg som følgje av lovendringa. Departementet viser i denne samanhengen til at utanlandske inkassoforetak allereie etter gjeldande reglar kan tilby sine tenester i Noreg, og til at lovendringa her berre gjeld yrkeskvalifikasjonsvilkåra for å få inkassoløyve i Noreg. Det er derfor ikkje grunn til å tru at lovforslaget vil føre til nemnande meirarbeid for Kredittilsynet, som er tilsynsorgan på området.