Ot.prp. nr. 18 (2007-2008)

Om lov om endringar i inkassolova (godkjenning av kvalifikasjonsbevis frå ein annan EØS-stat m.m.)

Til innhaldsliste

6 Merknader til lovforslaget

Til § 4

Paragraf 4 første ledd blir endra ved tilføying av tilvising til eit nytt femte ledd. Frå føresegna i § 4 første ledd om at inkassoverksemd berre kan drivast av foretak som er registrerte i Foretaksregisteret og som har inkassoløyve, er det etter dette unntak i § 4 tredje til femte ledd. Tilvisinga inneber saman med forslaget til eit nytt femte ledd at inkassoverksemd også kan drivast mellombels i den mon dette følgjer av forskrift. Dette medfører at slik mellombels inkasso kan drivast i Noreg utan at det er krav om inkassoløyve og registrering i Foretaksregisteret.

Paragraf 4 nytt femte ledd gir lovheimel for at det i forskrift kan fastsetjast reglar om at framand­inkassoverksemd også kan drivast mellombels av personar som er rettsleg etablert i ein EØS-stat med sikte på å drive inkassoverksemd der. Omgrepet personar femner om både fysiske personar og foretak. Heimelen omfattar òg nærmare reglar om mellombels utøving av slik inkassoverksemd. Dei nærmare vilkåra for mellombels utøving av inkassoverksemd i Noreg for personar som nemnt, må fastsetjast i forskrift.

Til § 5

Paragraf 5 andre ledd nytt tredje punktum inneber at kravet om tre års praktisk erfaring med inndriving av pengekrav ikkje gjeld for EØS-statsborgarar som har kvalifikasjonsbevis frå ein annan EØS-stat som nemnt i direktiv 2005/36/EF artikkel 13 nr. 1 eller nr. 2.

Unntaket er avgrensa til å gjelde for EØS-statsborgarar. Dette omfattar både norske og utanlandske EØS-statsborgarar. Unntaket er vidare avgrensa til personar som har kvalifikasjonsbevis frå ein annan EØS-stat. Dette inneber at kvalifikasjonsbeviset må vere utferda av ei kompetent styresmakt i ein annan EØS-stat, jf. nedanfor.

I tillegg er det eit krav at kvalifikasjonsbeviset fyller vilkåra i direktiv 2005/36/EF artikkel 13 nr. 1 eller nr. 2. Når det gjeld kvalifikasjonsbevis etter artikkel 13 nr. 1, er det eit krav at søkjaren må kunne leggje fram eit kvalifikasjonsbevis – anten eit kompetansebevis eller eit anna bevis for formelle kvalifikasjonar – som er påkravd i ein annan EØS-stat for utøving av inkassoverksemd der, jf. artikkel 13 nr. 1 første ledd. Dette alternativet er derfor særleg praktisk der inkassoverksemd er lovregulert i heimstaten til søkjaren, og søkjaren har kvalifikasjonsbevis derfrå.

Kvalifikasjonsbeviset må vere utferda av ei kompetent styresmakt i ein EØS-stat, jf. artikkel 13 nr. 1 andre ledd bokstav a. Kvalifikasjonsbeviset må i tillegg stadfeste profesjonelle kvalifikasjonar som minst svarer til nivået under dei kvalifikasjonane som krevst i Noreg, jf. nr. 1 andre ledd bokstav b. Det siste må sjåast i samanheng med artikkel 11, som inneheld ulike nivå av profesjonelle kvalifikasjonar. Løyve til å drive inn pengekrav for andre utgjer som nemnt kompetansebevis etter direktivet, jf. artikkel 11 bokstav a (i) siste alternativ. Sidan kompetansebevis er det lågaste kvalifikasjonsnivået direktivet opererer med, vil alle kompetansebevis eller bevis for formelle kvalifikasjonar i form av sertifikat eller diplom, vere tilstrekkelege. Det siste vilkåret har dermed ingen sjølvstendig relevans her.

Framlegging av kvalifikasjonsbevis etter artikkel 13 nr. 2 er særleg praktisk der inkassoverksemd ikkje er lovregulert i heimstaten til søkjaren, men der søkjaren likevel har kvalifikasjonsbevis derfrå. Også her er det eit krav at søkjaren kan leggje fram kvalifikasjonsbevis i form av eit kompetansebevis eller eit anna bevis for formelle kvalifikasjonar, jf. artikkel 13 nr. 2 første ledd.

Kvalifikasjonsbeviset må også her vere utferda av ei kompetent styresmakt i ein EØS-stat, jf. artikkel 13 nr. 2 andre ledd bokstav a. Kvalifikasjonsbeviset må på same måte stadfeste kvalifikasjonar minst tilsvarande nivået under det som krevst i Noreg, jf. nr. 2 andre ledd bokstav b. Som nemnt vil likevel alle kompetansebevis eller bevis for formelle kvalifikasjonar i form av sertifikat eller diplom vere tilstrekkelege. Kvalifikasjonsbeviset må i tillegg stadfeste at innehavaren er blitt førebudd på å drive inkassoverksemd, jf. nr. 2 andre ledd bokstav c.

Paragraf 5 andre ledd nytt fjerde punktum inneber at dersom kvalifikasjonsbeviset ikkje er lovregulert i den andre EØS-staten, må søkjaren i tillegg ha drive inkassoverksemd på heiltid i minst to år i løpet av dei siste ti åra i ein annan EØS-stat. Bakgrunnen for dette praksiskravet er direktiv 2005/36/EF artikkel 13 nr. 2 første og tredje ledd, som opnar for å stille eit slikt krav i visse situasjonar. Dersom søkjaren ikkje legg fram bevis for formelle kvalifikasjonar som dokumenterer gjennomført lovregulert utdanning og trening som nemnt i artikkel 3 nr. 1 bokstav e, på eit kvalifikasjonsnivå som nemnt i artikkel 11 bokstav b, c, d eller e, krevst at søkjaren har praktisk erfaring frå inkassoverksemd som nemnt.

Paragraf 5 andre ledd nytt femte punktum gir heimel for at Kongen i forskrift kan fastsetje at tredje og fjerde punktum om unntak frå kravet om tre års praktisk erfaring med inndriving av pengekrav, skal gjelde tilsvarande for borgarar frå statar utanfor EØS og for søkjarar som har kvalifikasjonsbevis frå land utanfor EØS.

For statsborgarar frå land utanfor EØS kan slike reglar bli naudsynte ved ei eventuell framtidig innlemming i EØS-avtalen av rådsdirektiv 2003/109/EF om statsborgarar frå tredjeland sin status som fastbuande utlending eller europaparlaments- og rådsdirektiv 2004/38/EF om retten for unionsborgarar og deira familiemedlemmar til å ferdast og opphalde seg fritt på området til medlemsstatane.

For søkjarar som har kvalifikasjonsbevis frå eit tredjeland, følgjer det allereie av direktiv 2005/36/EF artikkel 3 nr. 3 at bevis for formelle kvalifikasjonar som er utferda i eit slikt land, skal reknast som eit bevis for formelle kvalifikasjonar, dersom innehavaren har tre års erfaring med inkassoverksemd frå den EØS-staten som har godkjent beviset som grunnlag for slik verksemd etter reglane i artikkel 2 nr. 2.