Ot.prp. nr. 3 (2003-2004)

Om lov om endringar i lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling m.m. (gjennomføring av direktiv 2000/35/EF av 29. juni 2000 om kamp mot forseinka betaling i handelshøve)

Til innhaldsliste

8 Inndriving av uomtvista krav

8.1 Direktivet artikkel 5

Direktivet stiller krav om at kreditor normalt skal kunne få tvangsgrunnlag («enforceable title») innan 90 dagar etter at vedkomande har levert stemning eller oppmoding til retten eller anna kompetent styresmakt, jf. artikkel 5 nr. 1. I fristen på 90 dagar skal ein ikkje rekne den tida som går med til forkynning, jf. artikkel 5 nr. 3 bokstav a. Det same gjeld forseinkingar som kreditor er skuld i, for eksempel den tida som går med til å rette opp mangelfulle stemningar, jf. bokstav b. Retten skal gjelde i forhold til kvar ein kreditor som er etablert i ein EØS-stat, og skal gjelde uavhengig av storleiken på beløpet, så lenge gjelda eller forhold ved prosedyren («aspects of the procedure») ikkje er omtvista.

Med tvangsgrunnlag meiner ein alle former for avgjerder, dommar eller betalingspålegg frå ein domstol eller anna kompetent styresmakt, som set kreditor i stand til å innkrevje kravet ved tvangsfullføring, jf. artikkel 2 nr. 5. Det same gjeld dersom avgjerdene kan fullførast på eit førebels grunnlag - også om skuldnaren krev avgjerda overprøvd. Det er presisert i fortalen punkt 15 at direktivet ikkje tek sikte på å regulere prosedyrane for tvangsfullbyrding, og at det heller ikkje fastset noko om når tvangsfullbyrdinga kan stansast eller utsetjast. Etter artikkel 5 nr. 2 må dei same vilkåra gjelde for alle kreditorar som er etablert i EØS-området.

Reglane i direktivet er heller ikkje meint å gripe inn i reglane i Brussel-konvensjonen om domstolane sin kompetanse og om fullbyrding av rettsavgjerder i sivile saker, mellom anna handelssaker, jf. artikkel 5 nr. 4. Brussel-konvensjonen sine reglar svarar elles til reglane i Lugano-konvensjonen (Konvensjon 16. september 1988 om domsmyndigheit og fullbyrding av dommar i sivile og kommersielle saker), som Noreg er part i.

8.2 Gjeldande rett

Tvangsfullbyrdingslova § 4-1 andre ledd reknar opp dei alminnelege tvangsgrunnlaga, mellom anna «dom eller kjennelse av en norsk domstol», jf. bokstav a. Paragraf 4-1 tredje ledd definerer særskilte tvangsgrunnlag som tvangsgrunnlag nemnt i einskilde andre paragrafar i tvangsfullbyrdingslova. Til dømes er eksigible gjeldsbrev tvangsgrunnlag for utlegg, jf. § 7-2 bokstav a, medan avtale om salspant på visse vilkår er tvangsgrunnlag for tilbakelevering av lausøyre, jf. § 9-2.

Kor lang tid det tek å oppnå tvangsgrunnlag varierer. Men når det gjeld inndriving av uimotsagte krav som skuldnaren ikkje vil gjere opp frivillig, kan fordringshavaren, i fall han ikkje har særleg tvangsgrunnlag, reise sak for forliksrådet, jf. tvistemålslova kapittel 21. Når skuldnaren godtek hovudkravet, noko som er ein føresetnad etter direktivet artikkel 5, kan kreditor krevje dom i forliksrådet, jf. § 288 a, jf. § 1 første ledd nr. 2. Og om skuldnaren ikkje møter, kan fordringshavaren normalt krevje fråveredom, jf. § 289.

8.3 Departementet sitt syn i høyringsnotatet

Departementet meinte at norsk rett oppfyller krava i direktivet artikkel 5, og grunngav dette slik, jf. høyringsnotatet side 25:

«Å oppnå dom i forliksrådet går vanlegvis raskare enn 90 dagar. Dom i forliksrådet er som nemnt ovanfor tvangsgrunnlag. Det er utrykkjeleg presisert i direktivet artikkel 5 nr. 1 at kravet om å oppnå tvangsgrunnlag innan 90 dagar berre gjeld i normaltilfella. Det vil såleis ikkje vere noko brot på direktivet at det i særskilte tilfelle tek lenger tid enn 90 dagar å oppnå tvangsgrunnlag.

Etter norsk rett vil dei same reglane gjelde for alle kreditorane som er etablert i EØS-området og som vil oppnå tvangsgrunnlag.»

8.4 Høyringsinstansane sitt syn og departementet sitt syn no

Den norske Advokatforening uttaler:

«Departementet legger under pkt. 8.2 til grunn at det vanligvis går raskere enn 90 dager å oppnå dom i Forliksrådet. Dette vil variere geografisk. I Oslo kan det neppe karakteriseres som noe unntak at behandlingstiden overstiger 90 dager.

Departementet bes vurdere hvorledes en normal behandlingstid på under 90 dager kan oppnås.»

Sjølv om det i ein del tilfelle tek lengre enn 90 dagar å få dom i Forliksrådet i Oslo, meiner departementet at den generelle situasjonen ein har i Noreg tilfredsstiller krava i direktivet. Departementet held difor fast ved at artikkel 5 i direktivet ikkje gjer det naudsynt med endringar i norsk rett.

Til forsida