Ot.prp. nr. 31 (2005-2006)

Om lov om endringar i lov 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfarten (sjøloven)

Til innhaldsliste

6 Økonomiske og administrative konsekvensar

Forslaget har ingen administrative konsekvensar og fører ikkje med seg kostnader for det offentlege. Forslaget vil heller ikkje ha nemnande administrative eller økonomiske konsekvensar for kapteinen og reiaren til eit skip som treffer på personar i havsnaud til sjøs, fordi forslaget her berre presiserer det som gjeld i dag om plikta til å hjelpe m.m. I visse høve er plikta til å hjelpe litt utvida med forslaget. Dette gjeld personar som har søkt tilflukt ved kysten. Slike tilfelle er ikkje vanlege. Samla sett vil forslaget ha minimale konsekvensar for skipsfarten.