Ot.prp. nr. 31 (2005-2006)

Om lov om endringar i lov 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfarten (sjøloven)

Til innhaldsliste

7 Særskilte merknader til endringane i § 135 i sjølova

Tredje ledd nytt andre punktum gjennomfører endringa i SAR-konvensjonen artikkel 2.1.1, som presiserer at også personar som ikkje er til sjøs, men som har søkt tilflukt ved kysten, kan vere i havsnaud i visse høve.

Nytt tredje punktum gjennomfører nytt punkt 6 i regel 33 i SOLAS-konvensjonen kapittel V om at personar som er tatt om bord, skal handsamast med humanitet («with humanity«). I lovteksten er dette presisert med at dei skal handsamast med omsorg og på ein verdig måte.

Nytt fjerde ledd gjennomfører den nye regel 34-1 i SOLAS-konvensjonen kapittel V om at ingen skal hindre kapteinen i å setje i verk tiltak mv. som er naudsynt for tryggleiken til menneskeliv til sjøs, eller for vern av det marine miljøet. På bakgrunn av merknadene frå Norges Rederiforbund i høyringa vil departementet presisere at det ikkje er meininga å utvide eller å avgrense krinsen av personar som ikkje skal kunne gripe inn i kapteinen sine tiltak mv. Det er klart etter ordlyden at ingen skal kunne gjere dette. Omsatt i norsk språkdrakt har ordet «ingen» først i setninga den same tydinga som ordet «or any other person» i den engelske konvensjonsteksten.

Ikraftsettinga av endringane er satt til 1. juli 2006, som er den dagen då endringane i SOLAS- konvensjonen og SAR-konvensjonen tar til å gjelde.