Ot.prp. nr. 32 (2003-2004)

Om lov om endring i straffelova (avgrensa rett til offentleg framsyning av grove valdsskildringar utanfor næring)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovframlegget

2.1 Historikk

Forbod mot omsetting m.v. av film og videogram der det med sikte på underhaldning er gjort utilbørleg bruk av grove valdsskildringar og mot bruk av slike valdsskildringar i fjernsynssendingar, vart første gong teke inni straffelova § 382 ved lov 11. juni 1982 nr. 50. Anna offentleg framsyning av film med slikt innhald var ikkje omfatta slik føresegna lydde då ho vart vedteke i 1982. I førearbeida til lova, jf. Ot.prp. nr. 54 (1981-82) side 11 og 38, er det i samband med dette vist til at det etter den då gjeldande kinolova (lov 25. juli 1913 nr. 4) gjaldt eit krav om førehandskontroll ved all offentleg framsyning av film.

Kinolova av 1913 vart avløyst av lov 15. mai 1987 nr. 21 om film og videogram (filmloven). Etter filmlova § 4, jf. § 1, gjeld kravet om førehandskontroll berre for filmar som skal synast fram i næring. Frå den nye filmlova tredde i kraft 1. januar 1988 og fram til straffelova § 382 fekk sitt noverande innhald ved lov 28. mai 1998 nr. 33, gjaldt det difor ikkje nokon grense for kva slags valdsskildringar ein kunne syne fram offentleg, så lenge framsyninga ikkje skjedde i næring.

I samband med endringa i straffelova § 382 i 1998 sa kulturkomiteen i Stortinget m.a. (Innst. O. nr. 40 (1997-98) side 3):

«Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Kristelig Folkeparti og Senterpartiet, vil understreke at filmklubber, som ikke viser filmer i næring, må unntas fra denne bestemmelsen. Det forutsettes at departementet tar hensyn til dette ved utforming av forskriftene. Filmklubbvirksomhet, slik den i dag drives av Norsk filmklubbforbunds medlemsklubber, er etter disse medlemmers oppfatning ikke av næringsmessig karakter. Det presiseres at bakgrunnen for dette unntaket er at filmklubber driver en kunst- og kulturvirksomhet og er uavhengige kritikk- og debattforum.»

Av Ot.prp. nr. 55 (1998-99) side 9 går det fram at Kulturdepartementet ikkje fann det mogleg å følgje opp merknadene frå komiteen, fordi det ikkje var heimel for slike forskrifter med unntak frå lova. Kulturdepartementet ville heller ikkje tilrå at lova vart endra slik at det vart teke inn eit særleg unntak frå forbodet for framsyningar i filmklubbar. Kulturdepartementet viste til at det ikkje ville vere mogleg å utforme ein slik unntaksregel på ein teknisk tilfredsstillande måte. Departementet peika vidare på at det av prinsipielle grunnar ikkje var aktuelt å utforme ein unntaksregel som berre omfatta medlemsklubbane i Norsk filmklubbforbund.

Ved den påfølgjande handsaminga i Stortinget heldt fleirtalet i kulturkomiteen fast ved det som vart sagt i Innst. O. nr. 40 (1997-98) side 3, og sette fram slikt framlegg til oppmodingsvedtak (Innst. O. nr. 14 (1999-2000) side 8):

«Stortinget pålegger Regjeringen å utarbeide forslag til regler for visning av filmer som omfattes av straffelova § 382, slik at disse kan fremføres som et åndsverk når dette ikke skjer i næring.»

Framlegget til oppmodingsvedtak vart vedteke av Stortinget som vedtak nr. 106 13. desember 1999.

2.2 Høyring

Departementet sende 29. januar 2001 eit framlegg til endring i straffelova § 382 på høyring til følgjande instansar:

  • Departementa

  • Høyesterett

  • Lagmannsrettene

  • Riksadvokaten

  • Statsadvokatane

  • ØKOKRIM

  • Regjeringsadvokaten

  • Alternativ til vold

  • Art House

  • Allmennkringkastingsrådet

  • Barneombodet

  • Den Norske Advokatforeining

  • Den norske Domarforeining

  • Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen

  • Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo

  • Fellesaksjonen mot pornografi og prostitusjon

  • Forbrukarombodet

  • Hammerfest kommune

  • Handels- og Servicenæringens hovedorganisasjon

  • Institutt for kunst- og medievitskap, NTNU

  • Institutt for medier og kommunikasjon, Universitetet i Oslo

  • Institutt for medievitskap, Universitetet i Bergen

  • Institutt for rettsvitskap, Universitetet i Tromsø

  • International Video Federation

  • Kommunale kinomatografers landsforbund

  • Kommunenes filmcentral A/S

  • Kommunanes sentralforbund

  • Konkurransetilsynet

  • Krisesentersekretariatet

  • Kristeleg kringkastingslag

  • Kvinne og familieforbundet

  • Likestillingssenteret

  • LO

  • Landsrådet for norske ungdomsorganisasjonar

  • Lærarforbundet

  • Mental barnehjelp

  • NHO

  • Nordisk forum for barn og medier

  • Noregs ungdomslag

  • Norges dagligvarehandels forbund

  • Norges Juristforbund

  • Noregs kunstnarråd

  • Norsk filmforbund

  • Norsk filmindustri

  • Norsk filmklubbforbund

  • Norsk filmkritikarlag

  • Norsk journalistlag

  • Norsk kino- og filmforbund

  • Norsk kinoforbund

  • Norsk kulturråd

  • Norsk lærarlag

  • Norsk medieforskarlag

  • Norsk Redaktørforening

  • Norsk videogramforening

  • Norske filmbyråers forening

  • Norske Fjernsynsselskapers Landsforbund

  • Norske Film- og Videoprodusenters Forening, Norsk Film AS

  • Norske kvinners sanitetsforening

  • Norske kinosjefers forbund

  • Norske Videogramhandleres Forbund

  • Norske videoutleieres forbund

  • NRK

  • Oslo kommune

  • Redd Barna

  • Sametinget

  • Samisk utdanningsråd

  • Skolenes landsforbund

  • Statens filmtilsyn

  • Statenes medieforvaltning

  • Statens studiesenter for film

  • Straffelovkommisjonen

  • Straffelovrådet

  • Telenor

  • TV2

  • TVNorge

Høyingsfristen var 2. mai 2001. Følgjande instansar har kome med høyringsfråsegn:

  • Oslo statsadvokatembete

  • Regjeringsadvokaten

  • Riksadvokaten

  • Allmennkringkastingsrådet

  • Hammerfest kommune

  • Institutt for kunst og medievitskap, NTNU

  • Kommunale kinomatografers landsforbund

  • Kommunenes filmcentral A/S

  • Kristeleg kringkastingslag

  • Norsk filmklubbforbund

  • Norsk medieforskarlag

  • Norske filmbyråers forening

  • Norske videohandleres forbund og Norsk videogramforening (Videobransjens felleskontor)

  • Oslo kommune

  • Statens filmtilsyn

Følgjande instansar uttalte at dei ikkje hadde merknader:

  • Arbeids- og administrasjonsdepartementet

  • Barne- og familiedepartementet

  • Fiskeridepartementet

  • Forsvarsdepartementet

  • Helse- og sosialdepartementet

  • Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet

  • Kommunal- og regionaldepartementet

  • Landbruksdepartementet

  • Miljøverndepartementet

  • Nærings- og handelsdepartementet

  • Samferdselsdepartementet

  • Utanriksdepartementet

  • Høgsterett

  • Borgarting lagmannsrett

  • Barneombodet

  • Forbrukarombodet

  • Den Norske Advokatforening

  • Kommunanes sentralforbund

  • Noregs kunstnarråd

  • Statens medieforvaltning

Eit fleirtal av instansane som har uttalt seg i saka, stør hovudpunkta i lovframlegget. Høyingsfråsegnene vert handsama nærare i punkt 3.3.