Ot.prp. nr. 32 (2003-2004)

Om lov om endring i straffelova (avgrensa rett til offentleg framsyning av grove valdsskildringar utanfor næring)

Til innhaldsliste

5 Merknader til føresegna

Det nye andre punktum i straffelova § 382 fjerde ledd inneber at straffeansvaret ikkje gjeld for offentleg framsyning når fire kumulative vilkår er oppfylt:

  1. Framsyninga må ikkje skje i næring.

  2. Personar under 18 år må ikkje vere til stades under framsyninga.

  3. Framsyninga kan berre finne stad i lokalar der den ansvarlege kan kontrollere at ingen under 18 år er til stades.

  4. Det må før framsyning vere sendt melding til det lokale politiet. Ei slik melding skal innehalde informasjon om kor framsyninga vil finne stad, når framsyninga vil finne stad og om kven (ein eller fleire personar) som står ansvarleg for framsyninga.

Unntaket gjeld berre film og videogram, og ikkje for dataspel og anna som fell innunder forbodet i § 382. Unntaket gjeld for voldsfilmar generelt og ikkje berre for filmar som Statens filmtilsyn har nekta å godkjenne for offentleg framsyning.

Vidare fell berre framsyning inn under unntaket; sal, utleige eller annan utbreiing fell utanfor.

Kriteriet i næring har same innhald som det tilsvarande kriteriet i filmlova, jf. mellom anna filmlova §§ 1 og 4. Det vil vere framsyning i næring når verksemda som står bak, har eit økonomisk formål. Det er ikkje avgjerande at verksemda går med overskot. Framsyning av film treng heller ikkje å vere ein vesentleg del av verksemda. Det er tilstrekkeleg at framsyninga skjer i samband med næring.

Vanleg kinoframsyning i regi av kommunale eller private kinematografar vil vere næringsverksemd, og er difor ikkje omfatta av unntaket. Det same vil normalt òg gjelde framsyningar i forretningar, restaurantar, pubar og barar m.m. Framsyning i samband med undervisning, på politiske møte og liknande vil derimot normalt vere omfatta av unntaket. Også framsyning i regi av filmklubbar fell innunder unntaket såframt klubbane vert drivne ut frå ideelle - og ikkje kommersielle - føremål.

Meldeplikta vil være oppfylt når ei skriftleg melding med den naudsynte informasjonen er motteke av politiet seinast siste vyrkedag før framsyninga skal finne stad. Slik må det vere om politiet skal få ein reell sjanse til å føre tilsyn med at framsyninga er lovleg på det tidspunktet ho faktisk finn stad.

Ein må kunne legge til grunn at politiet hovudsakeleg vil kontrollere i dei tilfella der det ligg føre informasjon i framkant om at framsyninga kan vere ulovlig, t.d. basert på opplysningar om at tidlegare framsyningar på same staden eller med same ansvarleg ikkje var etter boka. At politiet ikkje møter fram for kontroll etter at det er gitt melding, er difor ikkje eit uttrykk for at framsyninga er godkjent eller eit uttrykk for at politiet meiner at framsyninga er lovleg, men berre eit uttrykk for at politiet ikkje har funne grunn til sjå nærare på saka. Etterfølgjande ansvar kan difor bli gjort gjeldande om det seinare kjem prov for at det vart vist valdsfilm i strid med vilkåra.

Den ansvarlege for framsyninga må være ein eller fleire namngjevne personar over 18 år. Den eller dei som er namngjeve, er ansvarlege for å kontrollere at ingen under 18 år er til stades i lokalet når framsyninga finn stad og for at vilkåra elles er oppfylte.