Ot.prp. nr. 38 (2003-2004)

Om lov om endringar i lov 18. mai 1979 nr. 18 om foreldelse av fordringer og finansavtalelova m.m.

Til innhaldsliste

8 Økonomiske og administrative konsekvensar

8.1 Endringane i foreldingslova

Forslaget om at foreldingsfristen skal bli avbroten når ei sak blir fremja for Sivilombodsmannen, vil truleg ikkje ha mykje å seie for arbeidssituasjonen til verken Sivilombodsmannen eller domstolane. Ein legg til grunn at ein eventuell auke i arbeidsmengda vil la seg dekkje innanfor eksisterande budsjettrammer.

Truleg vil berre eit fåtal av dei som legg fram saka si for Sivilombodsmannen, kjenne til at saka i mellomtida kan bli forelda. Slik sett vil nok ikkje forslaget ha nemnande verknad for arbeidsmengda til Sivilombodsmannen. Innspel frå Sivilombodsmannen tyder på at det heller ikkje er sannsynleg at ordninga vil bli misbrukt.

Dersom Sivilombodsmannen si handsaming av saka resulteterer i kritikk mot forvaltninga, legg departementet til grunn at forvaltninga normalt vil rette seg etter dette. At saker med eit slikt utfall blir lagt fram for domstolane, er derfor ikkje så sannsynleg. Det er grunn til å tru at den private parten normalt heller ikkje vil sjå seg tent med å leggje fram ei sak for domstolane dersom Sivilombodsmannen ikkje har uttalt kritikk.

Avbryting av foreldingsfristen når eit krav om inndriving i utlandet blir sett fram, vil truleg føre til innsparingar for fordringshavaren. Ein privat fordringshavar vil etter forslaget sleppe å gå til sak i utlandet for å avbryte foreldingsfristen. For staten som fordringshavar for offentlegrettslege krav fører forslaget til at ein får høve til å avbryte foreldingsfristen i fleire saker enn i dag. Færre offentlegrettslege krav vil etter dette truleg falle bort som forelda.

Regelen om tilleggsfrist dersom skyldnaren etter at kravet oppstod tek opphald i ein stat ein ikkje kan drive inn kravet i, vil truleg føre til at fordringshavaren i nokre fleire saker kan få drive inn fordringa si her i landet. Fordringshavaren sparar dessutan eventuelle meirutgifter som det å reise sak i utlandet vil føre med seg. At fordringshavaren noko oftare enn før går til sak eller krev inndriving her i landet, kan gje noko meir arbeid for domstolane og/eller namsmennene. Departementet reknar med at dette ikkje vil føre til meirkostnader av særleg omfang og at ein kan handtere det innanfor eksisterande budsjettrammer.

Forslaget om at det ikkje skal vere nokon absolutt foreldingsfrist i saker om erstatning for personskade påført skadelidne medan vedkomande var mindreårig, inneber at det kan bli nokre fleire erstatningssaker. For dei involverte partane vil det medføre meirarbeid, både der kravet fører fram, og der det ikkje gjer det. Endar saka for domstolane, vil også deira arbeidsmengde auke. Departementet ser likevel ikkje for seg at det vil dreie seg om så mange saker. I dag er foreldingsfristen på 20 år, slik at lovforslaget berre har verknad for dei sakane som er eldre enn dette og som heller ikkje er forelda etter den relative foreldingsfristen. I tillegg vil truleg andre omstende i mange tilfelle føre til at slike saker ikkje blir fremja, til dømes svekka bevis. Ein går derfor ut frå at meirkostnadene for det offentlege vil kunne dekkjast innanfor eksisterande budsjettrammer.

8.2 Endringane i finansavtalelova

Forslaget om at finansavtalelova kapittel 3 og 4 skal gjelde fullt ut for kommunal utlånsverksemd, kan tenkjast å medføre auka kostnader for kommunane, fordi sakshandsaminga må vere noko grundigare ved inngåing av avtalar om kommunale lån. Departementet legg til grunn at ei omlegging av rutinane ikkje vil medføre meirkostnader av særleg omfang. Departementet viser i den samanhengen til at kommunal utlånsverksemd i ei viss utstrekning allereie er omfatta av finansavtalelova. Langt på veg er det tale om å innføre standardiserte rutinar, som neppe vil vere særleg arbeidskrevjande. Endeleg viser departementet til at enkelte kommunar allereie har tilpassa seg finansavtalelova kapittel 3, og har positive røynsler med det. I ein innføringsfase vil truleg dei fleste kommunane kunne kopiere rutiner som dei største kommunane set i verk, eller allereie har innført.

Justisdepartementet kan ikkje sjå at forslaget vil medføre auka utgifter for staten.

Til forsida