Ot.prp. nr. 38 (2003-2004)

Om lov om endringar i lov 18. mai 1979 nr. 18 om foreldelse av fordringer og finansavtalelova m.m.

Til innhaldsliste

9 Merknader til dei enkelte føresegnene i lovforslaget

9.1 Til endringane i foreldingslova

Til § 9 nr. 2 andre punktum bokstav a

Endringa inneber at gruppa av krav som det ikkje skal gjelde nokon absolutt ytre foreldingsfrist for, blir utvida til også å omfatte skadebotkrav for skadar påført medan skadelidne var under 18 år, dvs. mindreårig etter lov 22. april 1927 nr. 3 om vergemål for umyndige § 1. Dette vil til dømes kunne hindre at skadebotkrav for seinskadar av mobbing på skulen, blir forelda 20 år etter at den skadevaldande handlinga var avslutta. Det er eit vilkår at den ansvarlege eller nokon som den ansvarlege heftar for, for eksempel ein lærar, kjende eller burde kjenne til den risikoen mobbinga representerte for skadelidne si helse.

Foreldingsfristen skal reknast frå tidspunktet då den skadevaldande handlinga opphøyrde, jf. foreldingslova § 9 nr. 2 første punktum. Der ei skadevaldande handling varer lenger enn til vedkomande er 18 år, vil ein måtte dele opp forholdet. Unntaket frå den absolutte foreldingsfristen på 20 år skal berre gjelde den delen av den skadelidne handlinga som finn stad medan den skadelidne er under 18 år.

Departementet viser elles til drøftinga under punkt 6.3 ovanfor.

Til § 10 ny nr. 3

Regelen gir ein fordringshavar eit alternativ til å forfølgje ei sak i utlandet etter foreldingslova § 23. Ein føresetnad er for det første at skyldnaren ikkje lenger oppheld seg i Noreg. Normalt må han ha opphørt å ha verneting her. Dernest må ein berre kunne avbryte foreldinga etter reglane i foreldingslova § 23, dvs. ved å reise sak mot skyldnaren i utlandet. Er desse vilkåra oppfylte, har fordringshavaren etter lovforslaget ein tilleggsfrist på eitt år. Eit offentlegrettsleg krav vil ein berre kunne bringe inn for utanlandske domstolar dersom det ligg føre ein avtale mellom Noreg og vedkomande stat som opnar for det. Er ikkje det tilfellet, følgjer ein tilleggsfrist allereie av regelen i § 10 nr. 2.

Tidspunktet for når ei fordring skal reknast for å ha oppstått, må avgjerast på grunnlag av dei reglane som gjeld for kravsforholdet, til dømes erstatningsrettslege og kontraktsrettslege reglar. Til dømes vil ei fordring ha oppstått når ein skade er påført fordringshavaren, sjølv om skaden ikkje syner seg og fordringshavaren derfor ikkje har grunn for å fremje eit krav mot skyldnaren før etter at han har reist frå landet. Eit anna eksempel vil vere at skyldnaren inngår ein avtale om etterskotsvis betaling, til dømes om leige av eit hotellrom. Fordringa oppstår når hotelleigaren har oppfylt sin del av avtalen. At kravet mot skyldnaren først forfell til betaling etter at han har forlate landet, fråtek ikkje fordringshavaren rett til tilleggsfrist etter denne regelen.

Tilleggsfristen på eitt år tar til når fordringshavaren får eller bør ha skaffa seg kunnskap om dei faktiske forholda som gjer at skyldnaren no har heimting i Noreg, eller om andre måtar å avbryte fristen på enn etter foreldingslova § 23. Ordet «hjemting» skal tolkast på same måte som i tvistemålslova, jf. §§ 17 til 21 og tvangsfullbyrdingslova, jf. § 1-8 femte ledd. Får saksøkte heimting i Noreg, kan saksøkaren avbryte foreldingsfristen etter reglane i foreldingslova §§ 15 eller 16, eller ved å setje fram krav om tvangsfullbyrding etter foreldingslova § 17.

Som følgje av at nr. 3 får ny ordlyd, blir regelen i noverande nr. 3 plassert i ny nr. 4.

Elles viser departementet til drøftinga under punkt 5.3 ovanfor.

Til § 16 nr. 2

Regelen blir no delt opp i to bokstavledd. Bokstav a vidarefører regelen i nr. 2, slik den lyder i dag, medan bokstav b er ny.

Tilvisninga i nr. 2 innleiingsvis til nr. 1 syner at det å bringe ei sak inn for ei reklamasjonsnemnd eller Sivilombodsmannen for å få ei fråsegn, skal ha same foreldingsavbrytande verknad som om ein la saka fram for eit forvaltningsorgan etter nr. 1.

Regelen gjeld krav mot «den offentlige forvaltning». Meininga er at ein skal forstå uttrykket på same vis som i sivilombodsmannslova § 4. Praksis syner at uttrykket vert tolka vidt, og omfattar til dømes også helseføretak.

Ikkje alle avgjerder av «den offentlige forvaltning» skal ha fristavbrotande verknad. Uttrykket «krav mot» er meint å skulle avgrense mot avgjerder som gjeld forholdet mellom to private partar, til dømes i ei sak om fostringstilskot til eit barn.

Om ei sak som vert brakt inn for ombodsmannen gjeld ein tvist om eit krav på pengar eller andre ytingar, må ein avgjere etter ei konkret vurdering. Det avgjerande må vere i kva grad det spørsmålet som er lagt fram for Sivilombodsmannen, har direkte samband med innhaldet i eit underliggjande vedtak som gjeld krav på pengar eller andre ytinger som fell inn under reglane i foreldingslova. Inhabilitet hos klageorganet kan ha eit slikt samband. Lang sakshandsamingstid vil derimot normalt ikkje ha slik innverknad.

Elles viser departementet til drøftinga under punkt 4.3 ovanfor.

Til § 17 nr. 3

Ein fordringshavar kan avbryte foreldingsfristen for alle krav som kan bli fullbyrda i utlandet ved å setje fram kravsmål om dette. Dette gjeld uavhengig av kva kravet gjeld. Ein føresetnad er at det er ein avtale mellom Noreg og vedkomande stat som opnar for dette. Likt med avtale er lov som opnar for dette, til dømes lov 10. juni 1977 nr. 71 om anerkjennelse og fullbyrding av nordiske dommer på privatrettens område.

Foreldingsfristen blir avbroten når kravet blir sett fram for rette styresmakt, enten i Noreg eller i vedkomande stat. På dette punktet gir lova fordringshavaren valfridom.

Av § 29 nr. 3 følgjer at skjeringstidspunktet er forskjellig. Hovudregelen er at ein avbryt fristen når kravet er motteke. Dette må truleg gjelde tilsvarande for krav som blir sett fram for utanlandsk styresmakt, enten det er sett fram i den aktuelle staten, her i landet eller i ein tredje stat. Eit unntak gjeld for krav som er sett fram her i landet overfor norske styresmakter. Då avbryt ein fristen alt ved postlegging av brevet.

Framgangsmåten må følgje reglane i vedkomande lov eller avtale. Skjer dette i samsvar med Lugano-konvensjonen 16. september 1988 om domsmyndighet og fullbyrding av dommer i sivile og kommersielle saker, avbryter kravshavaren fristen ved å setje fram krav om å få dommen erklært tvangskraftig etter konvensjonen artikkel III avsnitt 2.

Elles viser departementet til drøftinga under punkt 5.3 ovanfor.

Til § 21 nr. 2 nytt tredje punktum

Ny foreldingsfrist på 3 år som nemnt i andre punktum, skal etter forslaget også gjelde i saker Sivilombodsmannen har vurdert, og der det har ført til kritikk mot den offentlege forvaltninga og til at forvaltninga har blitt beden om å sjå på saka på ny. Treårsfristen skal starte når saka er avgjort. For saker som Sivilombodsmannen har handsama, tar fristen til den dagen då fråsegna blir gitt. Som følgje av at denne regelen blir nytt tredje punktum, blir gjeldande tredje punktum nytt fjerde punktum.

Fører ikkje Sivilombodsmannen si vurdering av saka til kritikk mot den offentlege forvaltninga, startar foreldinga igjen eitt år etter at Sivilombodsmannen har gitt si fråsegn. Det same gjeld om saka blir avvist dersom dette «ikke skyldes forsettlige forhold fra fordringshaverens side». Departementet viser her til foreldingslova § 22 nr. 1 første punktum jf. fjerde punktum og tilvisinga til § 16.

Elles viser departementet til drøftinga under punkt 4.3 ovanfor.

Til § 21 nr. 3 tredje punktum

Endringa har si årsak i tilføyinga av nytt tredje punktum i nr. 2. Ein tek med dette sikte på å vidareføre gjeldande rett.

9.2 Til endringa i inkassolova

I tilvisinga frå inkassolova § 26 til foreldingslova § 16 nr. 2 legg ein til ei tilvising til bokstav a som er den regelen som innhaldsmessig vidarefører gjeldande § 16 nr. 2. Denne endringa er ikkje meint å medføre realitetsendring.

9.3 Til endringane i forsikringsavtalelova

I tilvisninga i §§ 8-5 og 18-5 begge sitt andre ledd tredje punktum endrar ein tilvisinga til foreldingslova § 10 nr. 3 til nr. 4. Etter lovforslaget er det nr. 4 som innhaldsmessig vidarefører gjeldande nr. 3. Med endringane tek ein ikkje sikte på å gjere realitetsendringar i forsikringsavtalelova.

9.4 Til endringane i finansavtalelova

Til § 1 nytt fjerde ledd

Fjerde ledd slår fast at finansavtalelova kapittel 3 om låneavtalar og kapittel 4 om kausjon gjeld for lån der långivaren er ein kommune eller ein fylkeskommune. Departementet viser til drøftinga under punkt 7.3 ovanfor.

Justisdepartementet har vurdert om føresegna i tredje ledd om såkalla internbankavtalar bør omfatte også kommunar og fylkeskommunar. Etter departementet sitt syn er dette eit spørsmål som krev nærmare utgreiing. At høyringsnotatet ikkje inneheldt forslag om å endre tredje ledd, talar også for at føresegna ikkje blir endra i denne omgong. Dersom det skulle vise seg å vere behov for å utvide tredje ledd til også å omfatte kommunar og fylkeskommunar, vil departementet kome tilbake til dette seinare.

Til § 44 første ledd nytt andre punktum

Finansavtalelova har i § 44 ei eiga føresegn som avgrensar verkeområdet til kapittel 3 om låneavtalar mv. Det er nødvendig å presisere i denne føresegna at kapittel 3 også skal gjelde når kommunar og fylkeskommunar er långivar. Departementet har derfor utforma eit nytt andre punktum. Føresegna må sjåast i samanheng med den nye føresegna i § 1 fjerde ledd.

Til § 57 første ledd første punktum

Finansavtalelova har i § 57 ei eiga føresegn som avgrensar verkeområdet til kapittel 4 om kausjon. Det er nødvendig å presisere i denne føresegna at kapittel 4 også skal gjelde når kommunar og fylkeskommunar er kreditor stilt for lån eller annan kreditt. Departementet har derfor gjort ei tilføying i første ledd første punktum. Endringa må sjåast i samanheng med den nye føresegna i § 1 fjerde ledd.

9.5 Til iverksetjings- og overgangsreglane

Lova tek til å gjelde frå det tidspunktet Kongen fastset. Då det ikkje er gitt at det same tidspunktet vil vere tenleg for alle endringane, opnar ein for at dei ulike endringane kan setjast i verk til ulik tid.

Endringane i foreldingslova skal gjelde både for nye fordringar som oppstår etter at lova har tatt til å gjelde, og for dei som har oppstått men som ikkje er forelda på det tidspunktet.

Justisdepartementet foreslår at endringane i finansavtalelova langt på veg også skal gjelde for låne- og kausjonsavtalar som er inngått før lova vert sett i verk. Slike avtalar går ofte over mange år, og det ville vere både uheldig og upraktisk dersom endringane generelt ikkje skulle gjelde for eldre avtalar. Departementet presiserer at dei overgangsføresegnene som blir foreslått, ikkje har konsekvensar for kommunale- og fylkeskommunale låne- og kausjonsavtalar som allereie er omfatta av lova. For desse avtalane vil lova halde fram med å gjelde som før.

Departementet har valt å utforme overgangsføresegner etter mønster av dei føresegnene som vart gitt i samband med vedtakinga av finansavtalelova. Departementet viser i denne samanheng til Ot.prp. nr. 41 (1998-99) Om lov om finansavtaler og finansoppdrag (finanasavtaleloven), der det på s. 122 og 123 er gjort nærmare greie for overgangsføresegnene.

Departementet finn særskilt grunn til å nemne at føresegner i lova som gjeld plikter før avtaleinngåinga, ikkje kan gjelde for eksisterande avtalar. Til dømes vil ikkje reglane om opplysningsplikt i finansavtalelova §§ 46 og 59 gjelde for eldre avtalar. Departementet har ikkje funne det nødvendig å seie dette uttrykkjeleg i overgangsreglane. Lovføresegnene om innhaldet i avtalen, sjå lova §§ 48 og 61, kan heller ikkje nyttast på eldre avtalar. Dette er særskilt presisert i dei foreslåtte overgangsreglane.

Departementet understreker generelt at føresegner i overgangsreglane som går ut på at lova ikkje skal gjelde, ikkje utelukkar at den løysinga som følgjer av lova, kan gjelde for avtaleforholdet på grunnlag av avtalen eller på grunnlag av ulovfesta rett.

Til forsida