Ot.prp. nr. 4 (2007-2008)

Om lov om endringar i lov 24. februar 1995 nr. 11 om lotterier m.v. (overføring av oppgåver frå politiet til Lotteritilsynet)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovforslaget

2.1 Innleiing

Politiet har sidan opprettinga av lotterilova av 1938 hatt hovudansvar for å utstede løyver til lotteri o.a. Ved etableringa av Lotteritilsynet i 2001 vart nokon av desse oppgåvene overført til Lotteritilsynet. Tilsynet vart også klageorgan for politiets vedtak i lotterisaker.

Ein vesentleg del av politiet si forvaltning av lotterisaker har vore knytt til gevinstautomatane. Frå 1. juli 2007 vart drifta av slike automatar avvikla. Som ei følgje av dette vil vel halvparten av politiet sin ressursbruk på lotterisaker falle bort.

Lotteritilsynet er kontroll- og forvaltningsorganet for lotterisaker her til lands, jf. lotterilova § 4. Lotteritilsynet er et uavhengig tilsynsorgan som administrativt høyrer inn under Kultur- og kyrkjedepartementet. Lotterinemnda er klageorgan for Lotteritilsynets vedtak etter lotterilova, jf. lotterilova § 4 a første ledd.

Oppgåvene som politiet per i dag har etter lotterilova omfattar områda lykkespel, bingo, gevinstautomatar, underholdningsautomatar og tradisjonelle lotteri. Politiet har også etter lotterilova ei rekke kontrolloppgåver knytt til gjennomføring av lotteri. Lotteritilsynet er klageorgan for vedtak politiet har fatta etter lotterilova, jf. lotterilova § 4 første ledd, andre punktum.

Politiet sine oppgåver på lotterifeltet kan delast inn i tre grupper. Den første omfattar dei sakene der ein aktør søkjer om ein generell rett til å skaffe seg inntekter frå lotteriverksemd. Den andre gruppa omfattar søknader om løyve til å gjennomføre sjølve lotteriet, og den siste gruppa omfattar kontrollaktivitetar.

2.2 Lotteritilsynet sin rapport

Den 17. juni 2003 vedtok Stortinget regjeringa sitt forslag i Ot.prp. nr. 44 (2002-2003) Om endringer i pengespill- og lotterilovgivningen . Lovvedtaket innebar m.a. at Norsk Tipping AS skal ha einerett til oppstilling av gevinstautomatar frå 1. januar 2006. Lovvedtaket innebar at politiet sitt ansvar for forvaltning av løyver knytt til gevinstautomatar ville falle bort, og det følgjer av proposisjonen at politiet sine attverande forvaltningsoppgåver etter lotterilova ville bli vurdert overført til Lotteritilsynet, jf. Ot.prp. nr. 44 (2002-2003) pkt. 4.5.4. (s. 31).

I tråd med dette gav departementet 7. oktober 2003 Lotteritilsynet i oppdrag å vurdere konsekvensane av ei eventuell overføring av oppgåver. Mandatet var følgjande:

«I tråd med forutsetningene under pkt. 4.5.4. i proposisjonen anmoder departementet med dette om at Lotteritilsynet etablerer et samarbeid med Politidirektoratet med sikte på en utredning av konsekvensene ved at politiets gjenværende forvaltningsoppgaver etter lotteriloven overføres til Lotteritilsynet. Utredningen bør omfatte en nærmere beskrivelse av følgende forhold:

  • omfanget av politiets nåværende forvaltningsoppgaver etter lotteriloven

  • politiets faktisk ressursbruk i tilknytning til forvaltningsoppgaver etter lotteriloven

  • gebyrinntekter som følge av politiets forvaltningsoppgaver etter lotteriloven

  • forvaltningsmessige (og eventuelle politifaglige) konsekvenser som følge av at politiets forvaltningsoppgaver etter lotteriloven helt eller delvis overføres til Lotteritilsynet

  • økonomiske og administrative konsekvenser for både Lotteritilsynet og politiet som følge av at politiets forvaltningsoppgaver etter lotteriloven helt eller delvis, overføres til Lotteritilsynet

Departementet anmoder om at Lotteritilsynets vurdering av ovennevnte forhold sendes departementet innen 1. juli 2004.

I den grad Lotteritilsynet og Politidirektoratet har avvikende syn på de forhold som blir vurdert bør dette framgå av utredningen.»

Lotteritilsynet overleverte rapporten 1. juli 2004 til Kultur- og kyrkjedepartementet. Rapporten er utarbeidd i dialog med Politidirektoratet og opplysningar er innhenta frå alle dei 27 politidistrikta.

I rapporten vart det konkludert med at ei overføring av politiet sine oppgåver etter lotterilova til Lotteritilsynet ville medføre vesentlege effektiviseringsgevinstar og bidra til å sikre likebehandling og betre kvalitet på sakshandsaminga i desse sakene. Rapporten konkluderer med at ei overføring av oppgåvene vil vere føremålsteneleg av omsyn til behova til brukarane, til tross for at Lotteritilsynet ikkje vil ha den same nærleik til brukarane som politiet i mange tilfeller vil ha. Overføringa vil også medføre ei meir føremålstenleg samling av desse sakene hos ein etat med særskilt kompetanse på feltet.

Departementet gjer merksam på at rapporten vart utforma under føresetnad av at Norsk Tipping skulle verte tildelt einerett for oppstilling av gevinstautomatar frå og med 1. januar 2006. Grunna sivile rettsprosessar, både for nasjonale domstolar og EFTA-domstolen, har iverksetjinga av reforma som vart føreslått i Ot.prp. nr. 44 (2002-2003) vorte utsett. Den norske stat har no fått fullt medhald for at Stortinget sitt vedtak av 2003 er i samsvar med norske EØS-rettslige plikter. Norsk Tippings spelterminalar skal etter planen verte oppstilt i 2008.

2.3 Høyring av forslag om overføring av politiets forvaltningsoppgåver etter lotterilova til Lotteritilsynet

Kultur- og kyrkjedepartementet sendte Lotteritilsynets rapport på høyring den 8. november 2004. Høyringsfristen vart sett til 20. desember 2004. Adressatar for høyringsbrevet 8. november 2004 var:

  • Barne- og familiedepartementet

  • Finansdepartementet

  • Helsedepartementet

  • Justisdepartementet

  • Landbruksdepartementet

  • Nærings- og handelsdepartementet

  • Sosialdepartementet

  • Barneombodet

  • Brønnøysundregistra

  • Forbrukarombodet

  • Justervesenet

  • Kripos

  • Landets politidistrikt

  • Lotterinemnda

  • Norsk Petroleumsinstitutt

  • Norsk Rikstoto

  • Norsk Tipping AS

  • Politidirektoratet

  • Riksrevisjonen

  • Skattedirektoratet

  • Statens Innkrevingssentral

  • Østnorsk kompetansesenter

  • Bellona

  • Care Norge

  • De 10 Humanitære AS

  • Den Norske Kreftforening

  • Dysleksiforbundet i Norge

  • Flyktningerådet

  • Frelsesarmeen

  • Handels- og servicenæringens hovedorganisasjon

  • Handikappede barns foreldreforening

  • Indremisjonsforbundet

  • Innsamlingskontrollen i Norge

  • Juvente

  • Landsforeningen for hjerte- og lungesyke

  • Landsforeningen for kvinner med bekkenløsning

  • Landsforeningen for polioskadde

  • Landsforeningen for støtte ved krybbedød

  • Landsforeningen for trafikkskadde

  • Motorførernes avholdsforbund

  • Nasjonalforeningen for folkehelsen

  • Norges Astma- og allergiforbund

  • Norges Automobilforbund

  • Norges Bokseforbund

  • Norges Blindeforbund

  • Norges Bordtennisforbund

  • Norges Bryteforbund

  • Norges Bygdeungdomslag

  • Norges Døve-Ungdomsforbund

  • Norges Fotballforbund

  • Norges Friidrettsforbund

  • Norges Handikapforbund

  • Norges Håndballforbund

  • Norges Idrettsforbund

  • Norges Ishockeyforbund

  • Norges KFUK-KFUM

  • Norges Klatreforbund

  • Norges Miljøvernforbund

  • Norges Musikkorpsforbund

  • Norges Naturvernforbund

  • Norges Røde Kors

  • Norges Seilerforbund

  • Norges Skiforbund

  • Norges Svømmeforbund

  • Norges Volleyballforbund

  • Normisjon

  • Norsk Amatørteaterråd

  • Norsk Folkehjelp

  • Norsk forbund for psykisk utviklingshemmede

  • Norsk Foreldrelag for funksjonshemmede

  • Norsk Forening for Pengespillproblematikk

  • Norsk Musikkråd

  • Norsk Organisasjon for Asylsøkere

  • Norsk Psoriasisforbund

  • Norsk Revmatikerforbund

  • Norske kvinners sanitetsforening

  • Norske Trekningslister

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

  • Organisasjonen Voksne for barn

  • Orienteringsforbundet

  • Oslo Idrettskrets

  • Private barnehagers landsforbund

  • Redd Barna

  • Redningsselskapet

  • Regnskogsfondet

  • Rådet for psykisk helse

  • Sjømannskirken – Norsk kirke i utlandet

  • SOS Rasisme

  • Stiftelsen Fadderbarnas Fremtid

  • Stiftelsen helse og rehabilitering

  • Stiftelsen Sofielund

  • Stiftelsen SOS barnebyer Norge

  • Ungdom mot narkotika

  • Entreprenørar:

  • Bingo- og lotteriforbundet

  • Holland Bingo

  • Humanitære spill

  • Norsk Automatbransjeforening (NOAF)

  • Norsk Cirkus- og Tivoliforening

  • Norsk lokalradioforbund

  • Norsk Lotteridrift ASA

  • Per Rosenblad Brun

  • Røde Kors automatene

  • Samarbeidsutvalg for Norsk Humanitær Automatvirksomhet (SUNHA)

  • Tippekommisjonærenes landsforening

Kultur- og kyrkjedepartementet mottok 22 høyringssvar innan høyringsfristen. Følgjande har sendt inn høyringssvar:

  • Barne- og familiedepartementet

  • Helse- og omsorgsdepartementet

  • Landbruks- og matdepartementet

  • Nærings- og handelsdepartementet

  • Barneombudet

  • Brønnøysundregistra

  • Helgeland politidistrikt

  • Justervesenet

  • Kripos

  • Politidirektoratet

  • Romerike politidistrikt

  • Skattedirektoratet

  • Statens innkrevingssentral

  • Vestfold politidistrikt

  • Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon

  • Indremisjonsforbundet

  • Motorførernes Avholdsforbund

  • Norges Handikapforbund

  • Norges Idrettsforbund og Olympiske Komité

  • Norsk Cirkus- og Tivolieierforening

  • Norsk Psoriasisforbund

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

Av desse hadde følgjande ingen realitetsmerknader til høyringsbrevet og Lotteritilsynet sin rapport om overføring av politiet sine oppgåver etter lotterilova til Lotteritilsynet:

  • Barne- og likestillingsdepartementet

  • Helse- og omsorgsdepartementet

  • Landbruks- og matdepartementet

  • Nærings- og handelsdepartementet

  • Brønnøysundregistra

  • Justervesenet

  • Kripos

  • Skattedirektoratet

  • Indremisjonsforbundet

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

Høyringsinstansane sine synspunkt vil verte omtalt ved drøftinga av dei enkelte spørsmåla nedanfor i kapittel 3.