Ot.prp. nr. 4 (2007-2008)

Om lov om endringar i lov 24. februar 1995 nr. 11 om lotterier m.v. (overføring av oppgåver frå politiet til Lotteritilsynet)

Til innhaldsliste

4 Administrative og økonomiske konsekvensar av forslaget

Reint formelt har departementet ein rett til å instruere politiet i enkeltsaker etter lotterilova, jf. overordna forvaltningsorgan sin generelle instruksjonsmyndigheit etter forvaltningsretten. Det følgjer av lotterilova § 4 at departementet ikkje kan instruere Lotteritilsynet i enkeltsaker etter lotterilova og at departementet berre kan gi generelle instruksar («pålegg«). Sett på denne bakgrunn vil overføringa av politiet sine oppgåver etter lotterilova til Lotteritilsynet medføre at departementet sin rett til å instruere i enkeltsaker på dette området vert fjerna. I praksis vil dette ikkje innebere ei større endring. Departementet har avstått frå å instruere politiet i enkeltsaker etter lotterilova frå Lotteritilsynet vart oppretta i 2001, og har berre brukt generelle instruksar for å påverke utfallet ved politiet si handsaming av saker etter lotterilova.

Lotteritilsynet er sjølvfinansiert gjennom avgifter og gebyr frå aktørar som etter søknad har fått godkjenning, løyve eller autorisasjon o.a.

Politiet krev i dag inn særskilde sakshandsamingsgebyr til staten når dei ferdar ut løyver til bingo, lotteri og lykkespill. Frå 2008 vil gebyr for sakshandsaming krevjast inn av Lotteri- og stiftelsestilsynet.