Ot.prp. nr. 4 (2007-2008)

Om lov om endringar i lov 24. februar 1995 nr. 11 om lotterier m.v. (overføring av oppgåver frå politiet til Lotteritilsynet)

Til innhaldsliste

5 Merknader til dei enkelte paragrafane

Til § 4

Forslag til endring i første ledd første punktum er ei stadfesting av at det er Lotteritilsynet som har mynde til å gi løyve og godkjenning eller lotterilova. Denne føresegna erstattar føresegna i noverande § 4 b som vert føreslått oppheva, jf. omtale nedanfor.

Endringa i første ledd, siste punktum inneber at tilvisinga til Lotteritilsynet som klageorgan for politiet sine vedtak etter lotterilova vert fjerna frå § 4 første ledd, andre punktum.

Til § 4 b

Forslaget medfører at § 4 b vert oppheva. Føresegna vert rekna som overflødig ved den føreslagne omlegginga av lotteriforvaltninga og endringar i § 4 første ledd.

Til § 4 c

Forslaget inneber at Lotteritilsynet sin heimel til å delegere myndigheit til å autorisere lokalinnehavarar vert oppheva. Dette vert gjort ved at andre ledd, andre punktum vert oppheva.

Til § 8

Forslaget inneber at paragrafen sitt andre ledd vert endra ved at «politiet» vert fjerna frå føresegna. Dette medfører at politiet ikkje lenger vert nemnd blant dei som kan foreta førehands- og etterhandstrekning av lotteri. Departementet lar det likevel vere rom for å delegere fullmakt til å foreta trekning til anna styresmakt enn Lotteritilsynet, herunder politiet, dersom det skulle vere behov for det. I tillegg til dette vert det gjort ei lovteknisk endring, ved at omgrepet «etterskuddstrekning» vert erstatta av «etterhåndstrekning», slik at bruken av omgrep blir meir lik lotterilova § 7 første ledd bokstav b). Dette inneber inga endring i paragrafen sitt virkeområde.