Ot.prp. nr. 43 (2004-2005)

Om lov om endring i lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn, gjeldande rett og forslag til endringar

I lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna § 24 heiter det:

«Den som skal vera prest eller forstandar i registerført trudomssamfunn, må ikkje vera under 23 år og ikkje over 75 år. Han må liva eit heiderleg liv og ha evne til å gjera sine skyldnader etter lova.

Før han tek til i tenesta, skal han sende fylkesmannen skriftlig lovnad om at han skal gjera samvitsfullt alle gjeremål som er lagde til tenesta i eller med heimel i lov.

Når fylkesmannen har godteke lovnaden, skal han gjeva presten eller forstandaren brev om detta.»

Verken Kultur- og kyrkjedepartementet eller fylkesmannen kan gjere unnatak frå regelen om alder for forstandar.

Grunngivinga for regelen om alder finn vi i Dissenterlovkomiteens innstilling om lov om trossamfunn overlevert til Justis- og politidepartementet 4. juni 1962 (s. 172), der det heiter:

«For statskirkeprester er nedre aldersgrense 25 år, for kallskapellaner og hjelpeprester 23. Den øvre er 70 år, men med adgang for Kongen til å forlenge tjenesten i inntil 5 år. Det synes naturlig at man også for frikirkeprester har aldersgrenser som i noen grad beskytter mot umodenhet og alderdomssvekkelse.»

Departementet er kjent med nokre tilfelle der reglane om alder ikkje har tent formålet.

Forstandarar i trudomssamfunn har offentlegrettslege funksjonar. Det er derfor nødvendig å fastsetje krav for å bli godkjend som forstandar. Den viktigaste offentlegrettslege funksjonen er vigselskompetanse. Stortinget har vedteke å innføre obligatorisk borgarleg prøving av ekteskapsvilkåra, og det er folkeregistra som skal stå for denne prøvinga. Det inneber at vigslarane kan konsentrere seg om dei seremonielle og religiøse sidene ved vigselen. Som ei følgje av at vigslaren ikkje lenger skal prøve ekteskapsvilkåra, vil ein vigsel utført i Noreg ikkje vere gyldig utan at det ligg føre ein gyldig prøvingsattest. Det er følgjeleg ikkje lenger nødvendig av denne grunn å regulere krav om alder for forstandarar.

Departementet gjer framlegg om å endre lov om trudomssamfunn og ymist anna § 24, slik at fylkesmannen kan gjere unnatak frå regelen om alder for forstandarar i særskilte tilfelle. Forstandarar i trudomssamfunn vil etter dette i hovudsak bli behandla på lik linje med prestar i Den norske kyrkja. Utviklinga i dei seinare åra har ført til at reglane om alder for prestar i Den norske kyrkja blir praktiserte meir fleksibelt enn slik det er omtala i meldinga frå Dissenterlovkomiteen. Den nedre aldersgrensa for prestar i Den norske kyrkja er oppheva, men på grunn av utdanningskrava vil ein sjeldan kunne bli tilsett som prest før ein er 25 år. Den øvre aldersgrensa for prestar i Den norske kyrkja er 70 år, men prestar som er gått av for aldersgrensa, kan vere vikarar og ha vigselskompetanse.

Reglane i ekteskapslova om kven som kan utføre ein vigsel, er utvida til å gjelde også seremonileiarar eller tilsvarande i livssynssamfunn som får tilskot etter lov 12. juni 1981 nr. 64 om tilskot til livssynssamfunn. Barne- og familiedepartementet har gjort gjeldande den same regelen om alder som den Kultur- og kyrkjedepartementet no gjer framlegg om for forstandarar.