Ot.prp. nr. 43 (2004-2005)

Om lov om endring i lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna

Til innhaldsliste

4 Departementets vurdering

I tråd med langt dei fleste høyringsfråsegnene har departementet vurdert det slik at forstandarar/prestar i trudomssamfunn bør bli behandla på same måten som prestar i Den norske kyrkja, og at det derfor bør vere mogleg for fylkesmannen å gjere unnatak frå alderskravet i særskilte tilfelle. Til dømes bør eit trudomssamfunn kunne nytte kunnskapane og røynslene hos pensjonerte leiarar, slik at desse kan ta på seg oppgåva som forstandarar, dersom trudomssamfunnet finn at ein slik løysing er tenleg.

Hovudregelen vil framleis vere at forstandarar ikkje skal vere under 23 eller over 75 år. Enkelte av fylkesmannsembeta har peika på at dei har motteke søknader om å bli forstandar frå søkjarar under 23 år. Ut frå innhaldet i søknadene har Fylkesmannen tolka ønske om fritak frå militærteneste som einaste mål for søknaden. Fylkesmannen skal framleis avslå slike søknader.