Ot.prp. nr. 45 (2000-2001)

Om lov om endringar i lov 29. april 1977 nr. 34 om kommunal forkjøpsrett til leiegårder m.m.

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn for lovrevisjonen

2.1 Endring av lov om kommunal forkjøpsrett til leigegardar (leigegardslova)

Med heimel i leigegardslova kan kommunen gjere bruk av forkjøpsrett på vegner av leigarane når desse ønskjer å overta leigegarden som burettslag eller som eigarseksjonssameige. Dessutan har kommunen kompetanse til å gjere bruk av forkjøpsretten på eigne vegner - eller på vegner av selskap som blir leidd og kontrollert av kommune eller stat.

Departementet gjer no framlegg om at kommunen også skal få høve til å nytte forkjøpsretten på vegner av studentsamskipnader. Ein føresetnad for forkjøpet er at studentsamskipnaden hovudsakeleg skal leige ut bustadene til studentar.

Dette framlegget tek utgangspunkt i ei brei politisk semje om at det er behov for fleire studentbustader. Tradisjonelt har ein fått opp talet på studentbustader ved å byggje nytt. Også i framtida vil nok nybygging vere ein vanleg framgangsmåte. Eit alternativ til nybygging er likevel å omdisponere leigegardar til studentbustader. Dette er til dømes gjort av Studentsamskipnaden i Oslo då skipnaden kjøpte ein eigedom som tidlegare blei nytta som tenestebustad for helsepersonell tilknytt Ullevål sjukehus. Etter departementets vurdering vil fleire leigegardar sentralt i byane ha små bustadeiningar som utan større kostnader kan ombyggjast til studentbustader. Med sikte på å gjere det lettare å få til slik omdisponering og auke talet på studentbustader, gjer departementet framlegg om å utvide den krinsen leigegardslova kan nyttast til fordel for til også å omfatte studentsamskipnader.

2.2 Endring av husleigelova og husleigereguleringslova

Husleigelova § 12-5 gir departementet heimel til å setje i verk forsøk med eit husleigetvistutval. Husleigetvistutval skal ha kompetanse til å løyse tvistar i leigeforhold. Føremålet med ordninga er at utvalet kan ta stilling til slike tvistar raskare og billigare enn ved bruk av dei ordinære domstolane. Frå 1. mars 2001 vil det bli sett i gang ei slik forsøksordning i Oslo kommune.

Departementet gjer no framlegg om ei presisering av verkeområdet til husleigetvistutval. Etter ordlyden i husleigelova § 12-5 har utvalet berre kompetanse til å handsame tvistar som spring ut av den nye husleigelova. Jamvel om den nye lova regulerer dei fleste husleigeforholda i dag, vil det framleis vere slik at enkelte leigeavtalar, som er inngått før den nye lova tok til å gjelde, er regulert av den gamle husleigelova. Anten leigeavtala er regulert av ny eller gamal husleigelov vil partane ha same behov for å få ei billeg og snøgg løysing på ein tvist som oppstår mellom dei. Departementet har lagt til grunn at stortingsfleirtalet har meint at husleigetvistutval også skal kunne ta stilling til tvistar etter den gamle husleigelova. Dette har ikkje kome direkte til uttrykk i lovteksten eller i førearbeida til denne. For å unngå tvil om dette, gjer departementet framlegg om å endre føresegna slik at husleigeutvalet får ein utvetydig kompetanse til å handsame alle tvistar etter den gamle lova. Departementet kan ikkje sjå at det er til stades vesentlege innvendingar mot ei slik avgrensing av bruksområdet til føresegna.

Husleigereguleringslova § 16 gjev husleigetvistutval heimel til å ta stilling til tvistar om leige og auking av leige etter § 35 i husleigelova frå 1939. Når det no blir presisert at husleigetvistutval kan ta stilling til alle tvistar etter husleigelova frå 1939, omfattar dette også tvistar om leige etter § 35. Spesialføresegna i husleigereguleringslova blir då overflødig ved sida av den generelle føresegna i husleigelova. Departementet gjær difor framlegg om å oppheve den overflødige føresegna i husleigereguleringslova.

2.3 Høyring

Den 27. november 2000 blei eit høyringsnotat med framlegg til lovendringar i leigegardslova og husleigelova sendt på høyring til alle departementa, Bergen byfogdembete, Bergen kommune, Den norske Advokatforening, Den Norske Bankforening, Den Norske Stats Husbank, Forbrukarrådet, Huseiernes Landsforbund, Juss-Buss, Kommunale Boligadministrasjoners Landsråd, Kommunanes Sentralforbund, Kredittilsynet, Landsorganisasjonen i Noreg, Leieboerforeningen i Bergen, Leieboerforeningen i Oslo, Norges Eiendomsmeglerforbund, Norges Huseierforbund, Norges Leieboerforbund, Norsk studentunion, Norske Boligbyggelags Landsforbund, Norske Kommunars Sentralforbund, Oslo Bolig- og Sparelag (OBOS), Oslo skifterett og byskrivarembete, Sparebankforeningen i Norge, Stavanger byfutembete, Studentsamskipnaden i Bergen, Studentsamskipnaden i Oslo, Studentsamskipnaden i Tromsø, Studentsamskipnaden i Trondheim, Tromsø kommune, Trondheim byfutembete, Trondheim kommune, Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen, Det juridiske fakultet ved Universitetet i Oslo og Det juridiske fakultet ved Universitetet i Tromsø.

Høyringsfristen blei sett til 15. januar 2001. Det har innan fristen kome inn merknader frå 31 instansar. Dei aller fleste høyringsinstansar har slutta seg til framlegga til lovendringar utan merknader. Følgjande instansar har kome med utsegner om realiteten i lovforslaget: Finansnæringens Hovudorganisasjon, Leieboerforeningen i Bergen, Norges Eiendomsmeglerforbund, Norsk Studentunion, OBOS og Studentenes Landsforbund.