Ot.prp. nr. 45 (2000-2001)

Om lov om endringar i lov 29. april 1977 nr. 34 om kommunal forkjøpsrett til leiegårder m.m.

Til innhaldsliste

5 Merknader til dei enkelte paragrafane

I: Lov 29. april 1977 nr. 34 om kommunal forkjøpsrett til leiegårder

Til § 3:

Det går fram av den endra føresegna at kommunen også kan nytte forkjøpsretten på vegner av ein studentsamskipnad. Med studentsamskipnad er det meint institusjonar som er omfatta av lov 28. juni 1996 nr. 54 om studentsamskipnader § 1. Frå før av har kommunen rett til å nytte forkjøpsretten av leigegardar på vegner av leigarar når desse ønskjer å overta leigegarden som burettslag eller eigarseksjonssameige. Vidare kan kommunen nytte forkjøpsretten på eigne vegner eller på vegner av eit selskap som blir leidd og kontrollert av kommune eller stat.

Kommunen kan sjølv velje om ein vil nytte forkjøpsretten som oppstår når ein leigegard blir overført, og kven kommunen i så fall skal nytte forkjøpsretten til fordel for. Ingen av dei med forkjøpsrett har fortrinnsrett framfor andre. Departementet viser elles til punkt 3.2 over, der det er vist moment kommunen bør leggje vekt på når det er fleire grupper som ønskjer at kommunen skal gjere bruk av forkjøpsrett på deira vegner.

Føremålet med å nytte forkjøpsretten til fordel for ein studentsamskipnad er at bustadene skal nyttast til studentbustader. I nokre tilfelle vil det likevel ta tid før alle bustadene kan nyttast på dette viset. Personar som bur i eigedomen når forkjøpsretten blir gjort gjeldande, beheld sine rettar etter husleigelova og leigekontrakten. Slike leigarar kan difor halde fram med leigeforholdet i samsvar med leigeavtalen. Departementet legg også til grunn at det ikkje vil vere i strid med formålet om studentsamskipnaden let nokre av dei opphavlege leigarane fortsette leigeforholdet etter utløpet av kontrakten dersom avvikling av leigeforholdet vil verke urimeleg eller brutalt. Studentsamskipnaden bør då serleg leggje vekt på leigarens alder, kor lenge leigaren har budd i bustaden og deira høve for å finne anna husvære. Når dei opphavlege leigarane flyttar, må det derimot vere ein føretsetnad at bustadene skal leigast ut til studentar.

II: Lov 26. mars 1999 nr. 17 om husleieavtaler (husleigelova)

Til § 12-5:

Det blir presisert i første punktum at husleigetvistuval i tillegg til tvistar etter husleigelova frå 1999 også kan handsame tvistar etter husleigelova frå 1939. Nokre leigeavtalar som er inngått før den nye husleigelova tok til å gjelde, er framleis regulert av husleigelova frå 1939. Det går fram av § 13-2 i husleigelova frå 1999 kva leigeforhold dette gjeld.

III: Lov 7. juli 1967 nr. 13 om husleieregulering m.v. for boliger

Til § 16

Føresegna blir no oppheva. Føresegna gav husleigetvistutval heimel til å ta stilling til tvistar om leige etter § 35 i husleigelova frå 1939. Det blir nå klargjort at husleigetvistutval kan avgjere alle tvistar etter husleigelova frå 1939, jf. framlegget til endring av § 12-5 i husleigelova frå 1999. Føresegna i husleigereguleringslova § 16 er difor overflødig ved sidan av den generelle føresegna i husleigelova § 12-5.

IV: Når lova skal ta til å gjelde

Lova tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset.