Ot.prp. nr. 51 (2001-2002)

Om lov om endringar i lov 3. juni 1977 nr. 50 om arbeidstiden på skip m.m. (EØS-tilpasning)

Til innhaldsliste

4 Endring av Sjødyktighetsloven

Sjødyktighetsloven vart endra 20. desember 1999, og endringane trådde i kraft 30. juni 2000, jf. Ot.prp. nr. 16 (1999-2000) og innst. O. nr. 28 (1999-2000). Endringa gjennomførte direktiv 98/25/EF om hamnestatskontroll.

I ettertid viser det seg at tidlegare gjeldande § 3, andre ledd, siste setning utilsikta vart oppheva i samband med lovendringa. Feilen oppstod under utarbeidinga av lovforslaget før dette vart sendt til Stortinget.

Setninga lyder: »I den utstrekning Kongen bestemmer, gjelder dette også de skip og innretninger som nevnt i § 1 tredje ledd.» Dette er ein heimel til å gje forskrifter om kontroll for mellom anna innretningar i petroleumsverksemda. Departementet meiner at denne heimelen ikkje er det einaste rettslege grunnlaget Sjøfartsdirektoratet har for å kunne føre kontroll med aktuelle skip og innretningar. Men føresegna gjev ein klarare lovheimel, er av informativ art og bør gå fram av lovteksten. Forslaget her går ut på at setninga på ny vert innført i lova.