Ot.prp. nr. 58 (2003-2004)

Om lov om endringar i lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte til småbarnsforeldre

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn. Gjeldande rett

2.1 Bustadvilkåret og forholdet til Rådsforordning (EØF) nr. 1408/71

Etter kontantstøttelova §§ 2 og 3 er det eit vilkår for rett til kontantstøtte at barnet og den av foreldra som får stønaden, bur i Noreg. Bakgrunnen for dette er at retten til kontantstøtte er nær knytt til om, og kor mykje, barnet gjer bruk av barnehageplass med statleg driftstilskot.

Rådsforordning (EØF) nr. 1408/71 gir reglar om bruk av trygdeordningar for arbeidstakarar, sjølvstendig næringsdrivande og familiemedlemmene deira som flyttar innanfor Fellesskapet. Det følgjer av artikkel 73 i forordninga at såkalla «familieytingar» skal utbetalast for born av personar som er omfatta av føresegnene i forordning 1408/71, og som er arbeidstakarar eller driv sjølvstendig næringsverksemd i Noreg. Denne retten til eksport gjeld uavhengig av kvar i EØS-området barnet er busett.

Kontantstøtta er ei familieyting. Då kontantstøtteordninga blei innført, varsla Barne- og familiedepartementet i Ot prp nr 56 (1997-98) at ein ville ta initiativ til å forhandle fram eit unntak frå eksport for kontantstøtta. Desse forhandlingane førte ikkje fram. Etter at EF-domstolen i november 2002 kom til at den finske kontantstøtta er ei familieyting som må eksporterast, bestemte regjeringa at også den norske kontantstøtta skal eksporterast til EØS-området. Utbetaling av kontantstøtte til EØS-området tok til i september 2003. Kontantstøtte blir etterbetalt med verknad frå den datoen ordninga blei innført, 1. august 1998, til dei som har hatt krav på stønaden i perioden.

EFTAs overvakingsorgan (ESA) hevdar at forordning 1408/71 også gjeld på kontinentalsokkelen. Noreg tok i 1999 imot ei grunngitt fråsegn frå ESA i samband med ei klage frå ein arbeidstakar på den norske kontinentalsokkelen som ikkje fekk barnetrygd frå Noreg, ettersom familien ikkje var busett her. Det kom etter kvart fleire klager til ESA om det same. ESA meiner at verkeområdet for forordning 1408/71 må definerast funksjonelt i lys av tilknytinga mellom den indre marknaden og aktiviteten på kontinentalsokkelen. Den 27. oktober 2003 tok norske styresmakter imot eit nytt brev frå ESA. Bakgrunnen var ei klage frå ein sokkelarbeidar busett i Sverige som ikkje får kontantstøtte for barnet sitt fordi barnet ikkje er busett i Noreg. Når det gjeld spørsmålet om forordning 1408/71 omfattar arbeidarar på den norske kontinentalsokkelen, viser overvakingsorganet til den grunngitte fråsegna frå 1999.

Den norske kontinentalsokkelen er ikkje ein del av norsk territorium, og blir dermed heller ikkje omfatta av EØS-avtalen, jf. artikkel 126(1) i avtalen. Det inneber at forordning 1408/71 etter Noreg sitt syn i utgangspunktet ikkje gjeld på kontinentalsokkelen, sjå nærmare grunngiving for dette standpunktet i Ot.prp. nr. 16 (2000-2001) Om lov om endringer i folketrygdloven og barnetrygdloven (trygd på kontinentalsokkelen).

At Noreg ikkje har plikt til å la forordning 1408/71 gjelde på den norske kontinentalsokkelen, er ikkje til hinder for at norske styresmakter kan velje å la forordninga gjelde også der. I 2001 blei folketrygdlova og barnetrygdlova endra etter framlegg i Ot.prp. nr. 16 (2000-2001). Mellom anna blei det i begge lovene gitt lovreglar som slår fast at føresegnene i trygdedelen i EØS-avtalen (vedlegg VI nr. 1 og 2 til avtalen (Rådsforordning (EØF) nr. 1408/71 og Rådsforordning (EØF) nr. 574/72 o.a.)) skal gjelde for arbeidstakarar o.a. som arbeider med å leite etter eller å utvinne olje, gass eller andre naturressursar på den norske kontinentalsokkelen, på same vis som om vedkomande hadde arbeidd på norsk territorium (sjå folketrygdlova § 2-4 og barnetrygdlova § 6). Grunngivinga for endringane var at ein vurderte det som rimeleg og rettferdig overfor dei som arbeidde på sokkelen. Endringa inneber at arbeid på sokkelen er likestilt med arbeid på land. Arbeidarar på den norske kontinentalsokkelen som er omfatta av føresegna i forordning 1408/71, får dermed rett til ytingar etter folketrygdlova og barnetrygdlova i same utstrekning som om dei hadde arbeidd på land.

I Ot.prp. nr. 16 (2000-2001) er også forholdet til kontantstøttelova omtalt. På det tidspunktet då proposisjonen blei lagd fram, forhandla norske styresmakter med EU om unntak frå eksportføresegnene for kontantstøtta. Det heiter såleis i proposisjonen: «I lys av utfallet av disse forhandlingene vil situasjonen kunne bli revurdert.»

I brev av 19. desember 2003 frå Barne- og familiedepartementet blei det gjort klart for ESA at det norske synet framleis er at Noreg ikkje har plikt til å gjere forordning 1408/71 gjeldande på den norske kontinentalsokkelen. Det blei vidare gjort klart at regjeringa ville fremje ein odelstingsproposisjon med framlegg om endringar i kontantstøttelova slik at arbeidstakarar o.a. på sokkelen får rett til kontantstøtte etter føresegnene i forordning 1408/71 på lik linje med personar som arbeider på land.

2.2 Vilkåret om at barnet ikkje eller berre delvis gjer bruk av barnehageplass

Kontantstøtta er eit alternativ og supplement til bruk av barnehageplass. Foreldra får anten kontantstøtte, eller dei nyt godt av ein barnehageplass som er offentleg subsidiert.

Kontantstøtteordninga er utforma med tanke på norske forhold, ettersom ein opphavleg ikkje tenkte seg at kontantstøtta skulle utbetalast for born busette i utlandet. Alle barnehagar i Noreg har rett til statleg driftstilskot. Det har derfor vore naturleg å knyte retten til kontantstøtte til om, og kor mykje, barnet gjer bruk av ein barnehageplass som det blir ytt statleg driftstilskot til, jf. kontantstøttelova §§ 2 og 7.

Andre EØS-land kan ha organisert barnehagesektoren på andre måtar enn Noreg har gjort, mellom anna kan det vere mange ulike finansieringsmodellar for barnehagane. Somme land kan gi statstilskot til barnehagane, medan det i andre land er ei kommunal oppgåve å syte for finansiering av barnehagane. Andre land igjen kan gi tilskot til barnehagane frå delstatsnivå. Dersom det berre var bruk av barnehage med statleg driftstilskot som skulle føre til tap av kontantstøtte, ville det i mange tilfelle kunne føre til at familiar i andre EØS-land blei urimeleg godt stilte samanlikna med familiar i Noreg, for då kunne dei få utbetalt kontantstøtte samtidig som dei gjorde bruk av barnehagar med anna offentleg støtte. Ettersom alle barnehagar i Noreg får offentleg støtte i form av statstilskot, er det i realiteten eit vilkår for utbetaling av kontantstøtte i Noreg at det ikkje blir brukt barnehage som får offentleg tilskot. På bakgrunn av dette har ein også i EØS-området stilt som vilkår for utbetaling av kontantstøtte at barnet ikkje, eller berre delvis, gjer bruk av barnehageplass som det blir ytt offentleg driftstilskot til. Trygdeetaten har begynt å utbetale kontantstøtte til EØS-området i samsvar med dette. Departementet meiner at dette lèt seg sameine med lovteksten slik han lyder i dag. ESA er likevel varsla om at regjeringa vil føreslå ei endring av lovteksten på dette punktet, og at siktemålet med endringa er å unngå mistydingar som ordlyden i den nogjeldande lova kan skape når kontantstøtta blir utbetalt til fleire land enn Noreg.