Ot.prp. nr. 58 (2003-2004)

Om lov om endringar i lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte til småbarnsforeldre

Til innhaldsliste

3 Vurderingar og forslag

3.1 Ny lovregel som gir arbeidarar på den norske kontinentalsokkelen rett til kontantstøtte

Regjeringa meiner at Noreg ikkje har plikt til å gjere føresegnene i trygdedelen av EØS-avtalen gjeldande på den norske delen av kontinentalsokkelen.

I 2001 valde Stortinget å endre folketrygdlova og barnetrygdlova slik at arbeid på den norske delen av kontinentalsokkelen blei likestilt med arbeid på land når det gjeld rett til ytingar etter desse lovene.

Ein har no avklart at kontantstøtta er ei familieyting som er omfatta av forordning 1408/71, på lik linje med barnetrygd, og norske styresmakter har begynt å utbetale stønaden til EØS-området for born av personar som arbeider på land.

Departementet meiner at dei vurderingane som låg til grunn for endringane i barnetrygdlova og folketrygdlova, nemleg at det ville vere rimeleg og rettferdig overfor dei som arbeider på sokkelen, gjer seg gjeldande på same vis når det gjeld kontantstøtta. Vidare kan departementet ikkje sjå nokon grunn til å ha andre reglar for kontantstøtta enn dei som gjeld for barnetrygda.

På bakgrunn av dette føreslår departementet å endre kontantstøttelova slik at arbeidarar på den norske kontinentalsokkelen får rett til kontantstøtte, og såleis blir stilte likt med dei som arbeider på land.

Departementet føreslår at endringa blir gjord i form av ein lovregel som svarer til barnetrygdlova § 6. Denne paragrafen regulerer retten til barnetrygd for arbeidstakarar o.a. på sokkelen.

Endringa i barnetrygdlova som gav rett til barnetrygd for arbeidarar på den norske kontinentalsokkelen, blei gitt verknad frå EØS-avtalen tok til å gjelde, 1. januar 1994, slik at grunnlaget for klagene til ESA skulle falle bort. Av same grunn føreslår departementet at endringa i kontantstøttelova blir gitt verknad frå kontantstøtteordninga blei innført, dvs. 1. august 1998. Dette inneber at ein må gjere unntak frå regelen i kontantstøttelova § 8 andre ledd om at kontantstøtte berre kan givast for opptil tre månader før den månaden søknad blei sett fram, sjå endringslova avsnitt II nr. 2.

Departementet meiner at ein må setje ein frist for å setje fram krav om etterbetaling av kontantstøtte etter den nye føresegna. Denne fristen kan setjast til 1. januar 2006. Ein slik frist vil etter departementet si meining gi dei aktuelle søkjarane nok tid til å setje fram krav om etterbetaling.

Det må vere ein føresetnad at dei som søkjer om å få etterbetalt kontantstøtte, ikkje har vore omfatta av trygdeordninga i eit anna land i den perioden det blir søkt for. Departementet føreslår at det for ordens skuld blir teke inn ei føresegn om dette, slik det blei gjort ved den tilsvarande endringa i barnetrygdlova, jf. Ot.prp. nr. 16 (2000-2001).

3.2 Endring av ordlyden i nokre av føresegnene i kontantstøttelova

Som nemnt under punkt 2.2, meiner departementet at den praksisen ein har i dag med å krevje at barnet ikkje, eller berre delvis, går i barnehage som får offentlegtilskot, er i samsvar med kontantstøttelova. For å unngå eventuelle mistydingar som ordlyden i den nogjeldande lova kan skape, ser likevel departementet at det kan vere ein fordel å endre nokre av føresegnene i lova. Dei føreslåtte lovendringane inneber ingen realitetsendringar når det gjeld retten til kontantstøtte, korkje for personar busette i Noreg eller for personar busette i utlandet.

Kontantstøttelova § 1 gjer greie for formålet med lova. Mellom anna skal lova medverke til «at det blir mer likhet i overføringene den enkelte familie mottar til barneomsorg fra staten, uavhengig av hvordan tilsynet ordnes». Ordlyden i føresegna må sjåast på bakgrunn av at meininga opphavleg var at kontantstøtta berre skulle utbetalast til familiar i Noreg. Føresegna har ikkje noko sjølvstendig innhald i den forstand at ho isolert sett gir rettar eller plikter. Departementet ser ikkje behov for å endre denne paragrafen.

Barnehagelova § 8a krev at kvar kommune skal føre register til bruk for trygdekontora i samband med kontroll av utrekning og utbetaling av kontantstøtte. Registeret skal mellom anna innehalde opplysningar om born som har barnehageplass med statleg driftstilskot. Eit tilsvarande register vil ikkje bli oppretta i andre EØS-land. Føresegna i barnehagelova § 8a vil derfor framleis berre bli gjord gjeldande i Noreg. Ettersom alle barnehagar i Noreg får statleg driftstilskot, ser ikkje departementet behov for å endre denne føresegna.