Ot.prp. nr. 58 (2003-2004)

Om lov om endringar i lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte til småbarnsforeldre

Til innhaldsliste

4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Meirkostnadane ved den endringa som er føreslått, er rekna ut til å bli på mellom 1,5 og 2 mill. kroner per år. Etterbetaling av kontantstøtte vil utgjere mellom 5 og 10 mill. kroner for perioden frå og med 1. august 1998 til og med 31. desember 2003. Overslaget er noko usikkert, ettersom ein har teke utgangspunkt i utbetaling av barnetrygd til arbeidarar på den norske kontinentalsokkelen og det ikkje finst nøyaktige tal for kor mange born av sokkelarbeidarar det blir utbetalt barnetrygd for. Ein veit heller ikkje kor mange av dei aktuelle borna det er som går i barnehage med offentleg driftstilskot, og som dermed heilt eller delvis fell utanfor ordninga.

Departementet reknar med at endringa berre vil ha mindre administrative konsekvensar.

Ordlydsendringane vil ikkje ha økonomiske konsekvensar. Dei vil heller ikkje ha administrative konsekvensar utover dei som knyter seg til oppdatering av søknadsskjema, rundskriv o.l.

Regjeringa vil kome tilbake til dei nødvendige løyvingane i budsjettsamanheng.