Ot.prp. nr. 59 (2007-2008)

Om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.

Til innhaldsliste

6 Heimel for likningsstyresmaktene til å innhente kontrollopplysningar om bruk av utanlandske betalingskort

6.1 Innleiing og samandrag

Finansdepartementet foreslår endringar i lov 13. juni 1980 nr. 24 om ligningsforvaltning (ligningsloven) § 6-3. Departementet foreslår å gi Skattedirektoratet eller den direktoratet gir fullmakt heimel til å innhente opplysningar frå brukarstaden om identiteten til innehavaren av utanlandsk betalingskort som er brukt i Noreg. Internasjonale kontrollerfaringar viser at bruk av utanlandske betalingskort knytt til ein bankkonto i utlandet er ein vanleg metode for å få tilgang til skjulte midlar på ein enkel måte. Kontroll av bruken av utanlandske betalingskort i Noreg vil difor kunne avdekke midlar plassert i utlandet som ikkje er gjeve opp til skattlegging her. Slik kontroll vil også kunne avdekke personar som reelt sett oppheld seg i Noreg og som skulle ha betalt skatt hit, men som hevdar å opphalde seg i utlandet. Departementet legg til grunn at moglegheita for slik kontroll også vil kunne ha ein viss preventiv effekt. For betalingskort skrive ut av ein finansinstitusjon i Noreg har likningsstyremaktene tilgang til identiteten til kortinnehavaren gjennom den opplysnings- og oppgåveplikta som kortutskrivaren er pålagt etter likningslova § 6-4. Likningsstyresmaktene har ikkje tilsvarande høve til å identifisere innehavaren av eit betalingskort skrive ut i utlandet.

6.2 Bakgrunn

I lukka finanssenter - til dagleg gjerne omtalt som skatteparadis - blir utlendingar gitt tilbod om anonymitet gjennom streng lovgjeving om hemmeleghald, lempeleg verksemdsregulering og liten eller ingen skatt på formue eller inntekt med kjelde utanfor finanssenteret. Dei som ønskjer å unndra midlar frå skattlegging i heimlandet, er på denne måten sikra ideelle tilfluktsstader.

Internasjonalt er det i fleire undersøkingar gjort overslag over storleiken på formuesplasseringar i lukka finanssenter og elles i utlandet. Mellom anna konkluderte svenske skattesstyresmakter for nokre år sidan med at svenske skattytarar skjulte verdiar tilsvarande om lag 500 milliardar svenske kroner i utlandet. I «Skattestatistisk Årsbok» for 2006 reknar svenske skattesstyresmakter med at unndratt skatt samla utgjer 100 milliardar svenske kroner, og at unndratt skatt med internasjonale koplingar utgjer mellom 20 og 35 milliardar svenske kroner. Det er ingen tilsvarande berekningar for Noreg, og dei overslaga som kjem fram i utanlandske undersøkingar kan berre seie litt om storleiken. Kontrollerfaringar frå finansområdet dei siste åra tyder likevel på at ein stor del av dei inntektene og formuane som norske skattytarar har i land som reknast for å vere skjerma mot innsyn frå norske likningsstyresmakter, ikkje blir skattlagt i Noreg.

OECD har også peika på at bruk av utanlandske betalingskort, er ein mykje brukt metode for å få tilgang til skjulte midlar. Skatteadministrasjonane i fleire land, mellom anna svenske og danske skattestyresmakter, har difor gjennomført kontrollprosjekt retta mot bruken av utanlandske betalingskort. Erfaringane viser så langt at slike kontrollar er ein effektiv metode for å avdekke formue og inntekt i utlandet som ikkje er gjeve opp.

Departementet meiner at ein heimel som gir likningsstyresmaktene høve til å avdekke identiteten til innehavaren av utanlandsk betalingskort som vert brukt i Noreg i tillegg vil kunne avdekke skattskyldige personar som hevdar å opphalde seg i utlandet, men som i røynda er i Noreg.

6.3 Gjeldande rett

Likningslova

Tilgang til relevante opplysingar er naudsynt for at likningsstyresmaktene skal kunne gjennomføre effektiv kontroll og få til rett likning. Reglane om innhenting av kontrollopplysningar og likningsoppgåver frå tredjepartar er samla i likningslova kapittel 6. Føremålet med desse føresegnene er fyrst og framst å gi likningsstyresmaktene høve til å kontrollere om skattytarane har oppfylt sine opplysningspliktar overfor likningsstyresmaktene etter likningslova kapittel 4. Når det gjeld opplysningar knytt til utlandet, har likningsstyresmaktene også tilgang til opplysningar frå skattestyresmaktene i andre land og frå Valutaregisteret.

Likningslova §§ 6-3 og 6-4

Etter likningslova § 6-3 nr. 1 pliktar næringsdrivande etter krav frå likningsstyresmaktene å «gi opplysninger om et hvert økonomisk mellomværende med navngitt næringsdrivende når det knytter seg til begge parters virksomhet». Likningsstyresmaktene kan etter denne føresegna krevje opplysningar om og spesifisert oppgåve over varelevering og -kjøp, tenester, vederlag og andre tilhøve som er knytt til mellomvere og oppgjeret for dette. Det gjeld også omsetning som er skjedd gjennom mellommann. Føresegna er avgrensa til mellomvere som er knytt til begge partane si næringsverksemd, og stengjer difor for opplysningar om kjøp av varer og tenester mv. til privat bruk. Etter § 6-3 nr. 6 kan departementet gi forskrifter om oppgåve- og opplysningsplikt som nemnt i nr. 1 for ikkje namngitte næringsdrivande. Slik forskrift er ikkje gitt.

Likningslova § 6-4 gjeld likningsstyresmaktene si rett til å krevje opplysningar om fordringar og gjeld mv. Etter § 6-4 nr. 1 pliktar einkvar skyldnar etter krav frå likningsstyresmaktene å gi opplysningar om fordringar og gjeld som namngitt person, bo, selskap mv. har, og om renter mv. som er knytt til fordringa eller gjelda. Opplysningsplikta etter denne føresegna er avgrensa såleis at namnet til kreditor eller debitor må vera kjent. Etter § 6-4 nr. 2 skal finansinstitusjonar og andre som driv utlånsverksemd eller låneformidling som næring, verdipapirføretak og pensjonskasser ukravd gi opplysningar om sine innskotts- og lånekonti. Dei opplysningane som likningsstyresmaktene trengjer, er i første rekke saldo per 1. januar og renter for det seinaste året. Slike opplysningar blir innrapportert årleg for alle innskotts- og lånekonti. I ein del sakar har likningsstyresmaktene behov for meir utfyllande opplysningar om tilhøve som det ikkje skjer automatisk innrapportering om. Slike opplysningar kan bli innhenta med heimel i § 6-4 nr. 3. Etter denne føresegna pliktar institusjonar som nemnt over, etter krav frå likningsstyresmaktene å gi opplysningar om midlar som dei har til forvaltning og avkastning av midlane. Opplysningsplikta omfattar også opplysningar om innskotts- og gjeldskonti, deposita, formidling og andre mellomvere samt opplysningar om underliggande vedlegg og anna dokumentasjon til transaksjonane, medrekna opplysningar om kven som er partar i transaksjonen. Førespurnaden frå likningsstyresmaktene må i utgangspunktet gjelde namngitt person, bo, selskap eller innretning. Etter § 6-4 nr. 4 kan likevel Skattedirektoratet eller den direktoratet gir fullmakt, krevje slike opplysningar om ikkje namngitt person mv.

Valutaregisterlova

Valutaregisteret er regulert i lov 28. mai 2004 nr. 29 om register over opplysninger om valutaveksling og overføring av betalingsmidler inn og ut av Norge (valutaregisterloven) og valutaregisterforskrifta av 6. desember 2004 nr. 1573.

Etter § 4 i lova skal finansinstitusjonar som driv valutaverksemd, i hovudsak banker og kortselskap, rapportere til registeret om valutaveksling og om overføring av betalingsmidlar inn og ut av Noreg. Deklareringspliktig inn- og utførsel av betalingsmidlar rapporterast av toll- og avgiftsetaten.

Rapporteringsplikta ved overføring av betalingsmidlar ved bruk av utlandsutskrivne betalings- og kredittkort i Noreg er nærare regulert i forskrifta § 11. Etter føresegna skal enkeltoverføringar større enn 25 000 kroner eller tilsvarande i annen valuta rapporterast enkeltvis. Overføring av beløp som er mindre enn eller lik 25 000 kroner eller tilsvarande i annen valuta skal rapporterast med månadleg sum per kort og månadleg sum per brukarstad. I tillegg skal kontantuttak over 5000 kroner eller tilsvarande i annen valuta rapporterast enkeltvis til registeret. Ved bruk av utanlandske betalings- og kredittkort i Noreg rapporterast ingen opplysningar om namn, personnummer eller anna som kan identifisere den enkelte kortinnehavar.

Opplysningar frå skattestyresmakter i andre land

Mange av dei såkalla skatteparadisa har gått med på å inngå avtalar om utveksling av opplysningar til bruk for skatteformål. Dei nordiske landa har tatt initiativ til å innleie felles forhandlingar om slike avtalar. Dersom avtalar opprettas etter dei modellar som OECD har utarbeida i samråd med samarbeidsvillige skatteparadis, vil det innebere eit stort kontrollmessig framsteg også for opplysningar om kontohald. Slike avtalar vil likevel truleg berre gi heimel til utveksling etter særleg oppmoding, kor den norske skattytaren er identifisert med namn.

Tilgangen til slike opplysningar er heller ikkje sikra gjennom dei skatteavtalane som Noreg har med andre land enn skatteparadisa. Der landa i kraft av avtalane gir kvarandre bankopplysningar automatisk er behovet dekt, men frå mange land må innhentinga skje på grunnlag av særleg oppmodning. Dei landa som Noreg har skatteavtalar med, har ulik praksis når det gjeld krav til identifisering av personen og den kontoen oppmodinga gjeld. Interne opplysningsheimlar som gjer det mogleg å få kontohaldaren identifisert ved namn, kan difor vere like naudsynt når det gjeld kortutskrivande banker i andre land enn i skatteparadisa.

Når skatteopplysningar innhentast ved bistand frå andre lands skattestyresmakter er det dessutan ein grunnleggande føresetnad at heimlege kjelder for opplysningar skal vere uttømde før ein utanlandsk skattestyresmakt blir oppmoda om å yte bistand, jf. kommentarane til OECD si mønsteravtale artikkel 26, jf. punkt 9 bokstav a.

6.4 Høyring

Finansdepartementet sendte 15. november 2007 på høyring forslag om innføring av heimel for å gi Skattedirektoratet eller den direktoratet gir fullmakt tilgang til å innhente opplysningar frå brukarstaden for betalingskort om identiteten til innehavaren av utanlandske betalingskort som er brukt i Noreg. Forslaget var grunngitt med at gjennom innhenting av opplysningar om identiteten til innehavaren av utanlandske betalingskort som har vore brukt i Noreg, vil likningsstyresmaktene kunne avdekke inntekter og formuar skjult i utlandet. I tillegg vil kontrollane kunne identifisere personar som reelt sett har opphald i Noreg og som skulle skatta hit, men som hevder å vere skattepliktig til andre land. Identifisert kontohald vil dessutan kunne gi høve til vidare undersøkingar av inntektskjelder og transaksjonar med tilknyting til kontoen. Kontrollinteressa vil i hovudsak rette seg mot personar som har brukt utanlandske betalingskort over ein lengre periode og forbrukt relativt store beløp.

Betalingskorta kan delast inn i desse hovudgruppene; debetkort, faktureringskort, kredittkort og anonyme kort. Betalingskorta blir skrive ut av ein kortutskrivar, gjerne ein bank eller eit kortselskap i Noreg eller eit anna land. Kortet blir skrive ut til ein kortinnehavar. Kortinnehavaren vil vere ein privatperson eller bedrift som disponerer og står juridisk ansvarleg for bruken av betalingskortet. Kortinnehavaren bruker kortet til å betale for varer eller tenester på ein brukarstad, til dømes i ein butikk, på restaurant eller hotell o.a. Brukarstaden får sitt oppgjer frå ein innløysar. Innløysaren vil vere ein bank eller eit finansieringsselskap. Innløysaren krev deretter oppgjer for fordringa frå kortutskrivaren, som igjen krev sitt tilgodehavande frå kortinnehavaren. Innløysaren kan anten samle inn transaksjonsdata sjølv, det vil da vere fire partar involvert, eller overlate oppgåva til ein profesjonelle transaksjonsinnsamlar, slik at også ein femte aktør er involvert. I enkelte andre system kan den same aktøren inneha både kortutskrivar- og innløysarfunksjonen (trepartssystem).

Når ein kortinnehavar bruker kortet sitt på ein brukarstad i Noreg, registrerast transaksjonen i det betalingssystemet som brukarstaden er tilslutta. Data i eit betalingssystem inneheld ei rekke opplysningar, mellom anna kortnummer, terminalnummer, brukarstad angitt ved namn og adresse, beløp, valuta og dato for transaksjonen. Kortinnehavaren sin identitet er ikkje ein del av transaksjonsopplysningane, og er difor ikkje kjent for innløysaren. Verifisering av kortbrukaren skjer på brukarstaden, anten ved at kortinnehavaren slår inn ein PIN-kode eller ved at kortinnehavaren legitimerer seg, og brukarstaden i visse tilfelle noterer dette. Kortinnehavaren sin identitet kan dessutan vere notert i anna materiale på brukarstaden, til dømes ved kjøp av flybillettar, overnattingar og produkt kor det skrivast ut garantibevis. Ettersom identiteten til kortinnehavaren berre vil kunne finnast hos nokre brukarstader, må likningsstyresmaktene finne fram til dei brukarstadene det vil vere aktuelt å krevje opplysningar frå. Dette skjer ved at likningsstyresmaktene først innhentar opplysningar frå innløysarane i betalingssystema om all kortbruk i tilknyting til utanlandske kort her i landet i løpet av ein periode. Av den store mengda med informasjon må likningsstyresmaktene sortere opplysningane, og plukke ut dei transaksjonane som skal kontrollerast nærare. Skattedirektoratet reknar med, basert på erfaringar frå Danmark og Sverige, at ca 5 000 utanlandske betalingskort vil vere brukte i eit slikt omfang at nærare analyse og kontroll kan vere aktuelt. Transaksjonsopplysningane som skal leverast frå innløysarane omfattar kortnummer, brukarstad, beløp og dato for transaksjonen. Med utgangspunkt i desse opplysningane vil Skattedirektoratet kunne gå til dei brukarstadene som mest sannsynleg har opplysningar om kortinnehavaren sin identitet, til dømes eit flyselskap. For brukarstadene vil det normalt vere lett å finne fram til den dokumentasjonen som kan innehalde namnet på kortinnehavaren.

Høyringsnotatet ble sendt til 36 organisasjonar og andre instansar. Departementet har mottatt høyringsfråsegn frå 23 instansar:

  • Fornyings- og administrasjonsdepartementet

  • Justis- og politidepartementet

  • Nærings- og handelsdepartementet

  • Datatilsynet

  • Den Norske Advokatforening

  • Den norske Revisorforening

  • Finansnæringens Hovedorganisasjon (FNH)

  • Finansieringsselskapenes Forening

  • Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon (HSH)

  • Konkurransetilsynet

  • Kredittilsynet

  • Landsorganisasjonen i Norge (LO)

  • Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening (NARF)

  • Norges Bank

  • Norges Juristforbund

  • Norsk Tjenestemannslag (NTL)

  • NTL-Skatt

  • Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)

  • Regjeringsadvokaten

  • Skattedirektoratet

  • Statens innkrevingssentral

  • Toll- og avgiftsdirektoratet

  • ØKOKRIM

Statens innkrevingssentral, Norges Bank, Konkurransetilsynet, Finansnæringens Hovedorganisasjon(FNH), Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening (NARF), Den norske Revisorforeningen, Toll- og avgiftsdirektoratet og Regjeringsadvokaten hadde ikkje merknader til forslaget. Kredittilsynet har peika på føresegnene i kvitvaskingslova men har ellers ingen merknader.

Skattedirektoratet, ØKOKRIM, Norsk tjenestemannslag (NTL), NTL-Skatt, Landsorganisasjonen i Norge (LO), Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) og Norges Juristforbund støtter forslaget. Nærings- og handelsdepartementet støtter også forslaget med den føresetnaden at innhenting av kontrollopplysningar kan skje på ein effektiv måte slik at det ikkje inneberer økt ressursbruk for næringslivet. Den norske Advokatforening kan ikkje sjå at det er avgjørande omsyn som taler i mot forslaget så lenge personopplysningslova overhaldast.

Finansieringsselskapenes Forening, Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon, Justis- og politidepartementet, Fornyings- og administrasjonsdepartementet og Datatilsynet har hatt merknader til høyringa. Merknadene frå instansane er nærare omtalt nedanfor.

6.5 Vurderingar og forslag frå departementet

Nærare om forslaget

Det er eit hovudmål for likningsstyresmaktene at skattar og avgifter blir korrekt fastsett, og at beløp som ikkje er oppgitt til skattlegging blir avdekka. Innhenting av kontrollopplysningar frå ulike tredjepartar er viktig i denne samanheng.

Etter departementet sin vurdering vil ein heimel for Skattedirektoratet til å hente inn opplysningar om identiteten til innehavarane av utanlandske betalingskort som vert brukt i Noreg, vere eit viktig verkemiddel for å avdekke bankinnskott som ikkje er oppgitt i sjølvmeldinga. Slik kontrollundersøking kan også opne for vidare undersøkingar av inntektskjelder og transaksjonar som har tilknyting til kontoen. Omfattande og langvarig kortbruk i Noreg vil dessutan kunne gi grunnlag for vurdering av om ein kortinnehavar som anten har meldt utflytting eller ikkje har meldt innflytting, bor i Noreg og er skatteskyldig hit på det grunnlaget.

Om kortinnehavaren er skatteskyldig til Noreg eller ikkje, vil først kunne greiast ut når vedkomande er identifisert. Dersom vedkomande er skatteskyldig til eit anna land som Noreg har skatteavtale med, kan heimlandet til vedkomande og Noreg gi kvarandre opplysningar. Danske og svenske skattestyresmakter har alt inngått avtale om å gi kvarandre slike opplysningar. Departementet ser det som positivt at Noreg sluttar seg til dette samarbeidet. Også andre land som har satt i verk eller planleggjer å gjennomføre tilsvarande kontrollundersøkingar, vil kunne vere aktuelle for eit slikt samarbeid.

Behovet for heimel

Som nemnt registrerast ikkje opplysningar om kortinnehavaren sin identitet korkje hos innløysaren i betalingssystema eller i Valutaregisteret. Likningsstyremaktene må difor få opplyst identiteten til kortinnehavarane frå brukarstadene.

Kontrollen tenkast gjennomført ved at Skattedirektoratet først innhentar opplysningar frå innløysaren om all kortbruk med tilknyting til utanlandske kort i Noreg i løpet av ein periode, og deretter, etter ei sortering av transaksjonane, finner fram til den enkelte kortinnehavar ved å kontakte ein eller fleire brukarstader.

Ettersom opplysningar om overføring av betalingsmidlar inn og ut av Noreg vert registrerte i Valutaregisteret, kan ein stille spørsmål om likningsstyresmaktene, i staden for å innhente opplysningar om transaksjonane frå innløysarane, kan få dei naudsynte opplysningane frå registeret. Valutaregisteret gir berre tilstrekkeleg informasjon om enkeltoverføringar som er større enn 25 000 kroner. Slike transaksjonar skal rapporterast enkeltvis, og rapporteringa omfattar mellom anna korttype og kortnummer, transaksjonsdata og namn og adresse til brukarstaden. Likningsstyresmaktene vil difor kunne få opplysningar frå registeret til å gå vidare til ein av brukarstadene. Transaksjonar i denne storleiken utgjer likevel ein forsvinnande liten del av den totale mengda transaksjonar. Når det gjeld overføringar av beløp på 25 000 kroner eller mindre rapporterast berre månadleg sum per kort og månadleg sum per brukarstad. For slike transaksjonar gir Valutaregisteret ikkje detaljerte nok opplysningar til at ein kan knytte den enkelte transaksjonen til ein brukarstad. Likningsstyresmaktene må difor likevel kontakte innløysarane for å få nok opplysningar.

Innløysarane som brukarstadene får sitt oppgjer frå, vil vere ein bank eller eit finansieringsselskap. Frå desse skal likningsstyresmaktene innhente opplysningar om betalingskorta sine kortnummer, brukarstad angitt ved namn og adresse og terminalnummer, det enkelte transaksjonsbeløp og dato for transaksjonen. Etter departementet sin oppfatning følgjer opplysningsplikta til innløysarane av likningslova § 6-4 nr. 3 og 4, som mellom anna bestemmer at finansinstitusjonar m.fl. etter krav frå likningsstyresmaktene plikter å gi opplysningar om «formidling og andre mellomværende». Opplysningsplikta omfattar «opplysninger om underbilag og annen dokumentasjon til transaksjonene, herunder opplysninger om hvem som er parter i transaksjonene.»

Internasjonale betalingskort kan vere skrive ut både for privatkundemarknaden og bedriftskundemarknaden. For at likningsstyresmaktene skal kunne gjennomføre ein effektiv kontroll må opplysningsplikta til brukarstadene omfatte alle som er innehavar av betalingskort, både næringsdrivande og privatpersonar. Kontrollbehovet er like stort overfor begge grupper, og transaksjonsdata frå innløysar vil ikkje kunne skilje mellom desse. Slik opplysningsplikt er ikkje heimla i likningslova i dag. Etter likningslova § 6-3 nr. 1 har brukarstadene berre plikt til å gi opplysningar om «ethvert økonomisk mellomværende med navngitt næringsdrivende når det knytter seg til begge parters virksomhet.» Departementet foreslår difor at opplysningsplikt for brukarstadene blir heimla i ei ny føresegn i § 6-3. Departementet viser til forslaget til § 6-3 nr. 3 i likningslova.

Nærare om opplysningsplikta til brukarstadene

Som nemnt vil ein berre finne identiteten til kortinnehavarane hos brukarstadene. For likningsstyresmaktene vil det berre vere identiteten til kortinnehavarane som er av interesse, ikkje opplysningar om kva for nokre varer eller tenester som er betalt med kortet. Difor er det opplysningar om namnet til kortinnehavaren, eventuelt adressa, personnummeret eller organisasjonsnummeret, som likningsstyresmaktene trenger frå brukarstaden. Brukarstadane sin opplysningsplikt (utleveringsplikt) vil difor vere avgrensa til den dokumentasjonen som knyter betalingskortet til ein kortinnehavar. Denne avgrensinga er tatt inn i forslaget til lovføresegn. Likningsstyresmaktene må gjere brukarstadene merksam på denne avgrensinga ved innhenting av opplysningar, slik at desse ikkje leverer ut fleire opplysningar enn det styresmaktene har behov for. Viss dokumentasjonen som leverast ut inneheld opplysningar om varekjøp m.m., vil dei opplysningane ein ikkje trengjer kunne «sladdast». Dersom den brukarstaden som likningsstyresmaktene først kontaktar, ikkje har opplysningar om kortinnehavaren sin identitet, må dei kontakte ein av dei andre brukarstadene.

Justis- og politidepartementet har i sin høyringsfråsegn stilt spørsmål ved om brukarstadene i tilstrekkelig grad er underlagt regler om teieplikt om kjennskap dei får til den pågåande kontrollen av enkeltpersonar. Departementet vil her understreke at brukarstadene berre vil kunne få vite at likningsstyresmaktene kontrollerar, men ikkje om det blir avdekka tilhøve som kan tyde på eventuelle brot på likningslova. Det er ei rekkje føresegner i likningslova kapittel 6 om at likningsstyremaktene kan innhente kontrollopplysningar frå tredjepartar, og det vil ofte vere slik at desse får kjennskap til pågåande kontrollar. Departementet legg til grunn at likningsstyresmaktene normalt vil hente inn opplysningar om bruken av utanlandske betalingskort frå brukarstader som er seriøse aktørar, til dømes flyselskap og kjente hotell, da ein må rekna med at det vil gi best resultat for kontrollen. Sjølv om mange av brukarstadene ikkje er pålagt teieplikt, legg departementet til grunn at dei vil handsame eventuell kunnskap om pågåande kontroll diskret, både med omsyn til dei personane som blir kontrollerte og av eigeninteresse.

Opplysningsplikta til brukarstadane skal etter forslaget berre gjelde identiteten til innehavarar av internasjonale betalingskort som er skrivne ut i utlandet, som til dømes Visa, Visa Electron, MasterCard, Maestro, Cirrus, American Express, Diners Club m.fl., og ikkje betalingskort skrivne ut av bankar og kortselskap her i landet. Opplysningsplikta bør vidare omfatte alle typar betalingskort, både debet-, fakturerings- og kredittkort samt anonyme kort. Debetkort vil ha størst kontrollmessig interesse, fordi ein utanlandsk bankkonto er ein føresetnad for å kunne bruke denne korttypen, men også dei andre korttypane kan gi viktige kontrollspor. Dersom ein faktura eller kreditt er betalt med inneståande på ein norsk bankkonto, skal overføringa kunne finnast i Valutaregisteret. I motsatt fall kan oppgjer for disse korttransaksjonane ha skjedd frå formue i utlandet. Det vil dessutan vere vanskelig å skilje dei enkelte korttypane frå kvarandre i den datamengda som blir tatt i mot frå innløysarane, ettersom nokre betalingskort kan vere kombinerte kort.

Når kortinnehavaren er identifisert, og likningsstyresmaktene finn grunn til å vurdere å endre skattytaren si likning, skal skattytaren bli varsla. Skattytaren vil difor få høve til å forklare seg om tilhøvet, før likninga eventuelt blir teke opp til endring.

Departementet foreslår at myndigheit til å innhente opplysningane frå brukarstadene blir lagt til Skattedirektoratet eller den Skattedirektoratet gir fullmakt. Slik fullmakt kan bli gitt til skattekontora.

Personvern

Formålet med lov 14. april 2000 nr. 31 om behandling av personopplysninger (personopplysningsloven) er å beskytte den enkelte mot at personvernet blir krenka gjennom behandling av personopplysningar. Som personopplysningar reknast opplysningar og vurderingar som kan bli knytt til ein enkeltperson, jf. § 2 nr. 1.

Justis- og politidepartementet og Datatilsynet meiner at departementet tolkar personopplysningslova feil når det i høyringsnotatet er lagt til grunn at opplysningane som skal bli henta inn frå innløysaren, medrekna mellom anna kortnummer og brukarstad, ikkje er personopplysningar. Desse instansane viser til at etter førearbeida til personopplysningslova § 2 nr. 1 vil også slik indirekte identifikasjon av ein person omfattast av lova. Departementet har etter ei ny vurdering slutta seg til at opplysningane som vert motteke frå innløysarane må sjåast på som personopplysningar etter § 2 nr. 1. Dette betyr at innhenting av opplysningar frå innløysarane må vere i samsvar med personopplysningslova. I denne samanhengen har Datatilsynet uttalt at ei samla utlevering frå innløysarane av all kortbruk som er knytt til utanlandske kort vil komme i konflikt med personopplysningslova § 11 bokstav d, fordi det blir utlevert overskottsinformasjon sett i høve til det formålet skattesstyresmaktene skal nytte opplysningane til. Tilsynet peikar på at personvernulempene ved slik utlevering av overskottsinformasjon må veie tyngre enn at belastinga for innløysaren blir større.

Departementet meiner at ei samla utlevering frå innløysarane ikkje ville vere i strid med personopplysningslova § 11. Etter § 11 er det mellom anna eit krav om at personopplysningar som er innhenta berre skal bli nytta til uttrykkeleg angitte formål som er sakleg grunna i den behandlingsansvarlege si verksemd, og at opplysningane er tilstrekkelege og relevante for formålet med behandlinga. Bakgrunnen for Datatilsynet sitt standpunkt synest å vere at dei har lagt til grunn ei for snever oppfatning av kva som er formålet med innhentinga av opplysningar og dermed kva som vil vere relevante opplysningar. Som nemnt ovanfor så er formålet med å innhente opplysningar om bruken av utanlandske betalingskort i Noreg å sikre rett skattlegging av norske skattytarar som har inntekt og formue i utlandet, samt å avdekke personar som reelt sett oppheld seg i Noreg og som skulle skatta hit, men som hevdar å opphalde seg i utlandet. Departementet er av den oppfatning at dette er eit uttrykkelig angitt formål som er sakleg grunna i verksemda til likningsstyresmaktene.

Departementet har vurdert om alle opplysningane som likningsstyresmaktene skal innhente hos innløysarane kan sjåast på som tilstrekkelige og relevante for formålet med behandlinga. Det har i denne samanhengen vore vurdert, etter innspel frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet, om det ved innhenting av opplysningar frå innløysarane kan innførast mellom anna beløpsgrenser eller former for anonymisering. Det har også vore vurdert om innhenting av opplysningar frå innløysarane i første omgang ikkje skulle innehalde namnet på brukarstadene, noe som ville gjort at opplysningane ikkje er personopplysningar, men at likningsstyresmaktene etter ei sortering av opplysningane kan innhente namnet på dei brukarstadene som vil vere aktuelle for den vidare kontrollen. Departementet er kome til at dette ikkje kan gjennomførast da dette i betydeleg grad vil svekke kontrollmoglegheitene for likningsstyresmaktene. For at likningsstyresmaktene skal kunne oppnå formålet med innhentinga, er det naudsynt at alle opplysningane leverast samla. På tidspunktet for innhentinga er all kortbruk knytt til utanlandske betalingskort aktuell for vidare kontroll. Det er berre gjennom eit samla bilete av transaksjonane at likningsstyresmaktene kan sjå kor lenge eit kort har vore brukt, kor store beløp som er brukt, forbindelsar mellom forskjellige kort, brukarstader osv, som igjen gir grunnlag for å sortere ut dei transaksjonane som er aktuelle for vidare kontroll. På det neste stadiet, etter ei sortering av opplysningane, da likningsstyresmaktene innhentar opplysningar frå brukarstadene, vil nok berre ein liten del av opplysningane verte sett på som relevante. Det er som nemnt likevel slik at på tidspunktet for innhentinga frå innløysarane, så er alle opplysningar naudsynte og relevante i forhold til formålet. Etter departementet sin meining må dette vere avgjerande i forhold til personopplysningslova. Departementet vil understreke at når det gjeld opplysningar som ikkje blir brukt i den vidare kontrollen så vil desse bli behandla forsvarleg etter rutinar utarbeidd av Skattedirektoratet. Departementet vil her også peike på at likningsstyremaktene sin kontrollverksemd regulerast av strenge teiepliktsføresegner, jf. likningslova § 3-13. Etter likningslova § 3-13 nr. 1 plikter dei tilsette i likningsetaten å hindre at uvedkomande får tilgang til eller kjennskap til det vedkomande får «vite om noens formues- eller inntektsforhold eller andre økonomiske, bedriftsmessige eller personlige forhold».

Datatilsynet stiller spørsmål ved om fødselsnummer kan leverast ut til likningsstyresmaktene med heimel i personopplysningslova § 12. Departementet vil her peike på at opplysningar frå innløysarane ikkje inneheld fødselsnummer eller andre eintydige identifikasjonsmidlar. Det er bakgrunnen for at likningsstyresmaktene må kontakte brukarstadene for å identifisere kortinnehavarane. Dei opplysningane som likningsstyresmaktene kan innhente hos brukarstadene kan innehalde fødselsnummer, men dette vil avhenge av korleis den enkelte brukarstaden registrerar opplysningar. Dersom brukarstaden har fødselsnummer, så må likningsstyresmaktene gjere ei konkret vurdering etter personopplysningslova § 12 om det er naudsynt å innhente fødselsnummer for å oppnå ein sikker identifisering.

Justis- og politidepartementet har stilt spørsmål ved om kontrolloppgåvene brukarstadene og innløysarane vert pålagte er underlagt meldeplikt etter personopplysningslova § 31. Departementet meiner at så lenge ikkje brukarstadene og innløysarane opprettar eit nytt registar eller liknande i samband med utlevering av dei aktuelle opplysningane til likningsstyresmaktene, så vil dei ikkje vere behandlingsansvarlege for opplysningane og dermed ikkje meldepliktige.

6.6 Økonomiske og administrative konsekvensar

Dei aktuelle korttransaksjonane vil vere identifiserte ved kortnummer, transaksjonsbeløp og stad og dato for transaksjonen. Departementet reknar med at det normalt vil vere lett for brukarstadene å leite fram den dokumentasjonen som kan innehalde namnet på kortinnehavaren. Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon meiner at det vil vere tidkrevjande for brukarstadene å skaffe dokumentasjonen som skal brukast til å identifisere kortbrukaren, og at det av omsyn til dei administrative konsekvensane for brukarstadene er viktig at mellom anna opplysningsplikta avgrensast til å gjelde identiteten til innehavarane av internasjonale betalingskort skrivne ut i utlandet. Departementet er einig i at opplysningsplikta bør avgrensast til å gjelde identiteten til innehavarar av internasjonale betalingskort skrivne ut i utlandet. Departementet vil i denne samanhengen peike på at denne typen kontroller ikkje er tenkt gjennomført kvart år. Det er altså ikkje snakk om å påleggje dei næringsdrivande ein ny, årlig rapportering. Dersom ein kortinnehavar er tilfredsstillande identifisert ved hjelp av opplysningar frå ein brukarstad, vil det i utgangspunktet ikkje vere naudsynt å kontakte fleire brukarstader kor det same kortet er blitt brukt. Det blir lagt opp til at dei brukarstadene kor flest kort er blitt brukt, i størst mogleg grad vil bli plukka ut, for på den måten å effektivisere arbeidet og avgrense talet på brukarstader som må medverke ved kontrollundersøkinga.

Når det gjeld konsekvensar for innløysarane ønskjer Finansieringsselskapenes Forening mellom anna at innløysarane blir gitt høve til å gjere dei naudsynte systemmessige tilpassingane slik at informasjonen kan samlast inn og bli gitt ut på ein måte som legg beslag på minst mogleg ressursar. Departementet har forståing for at det må bli gjort tilpassingar hos innløysarane, men reknar med at dette ikkje vil vere vanskeleg for innløysarane å gjennomføre.

Skattedirektoratet vil bruke den føreslåtte kontrollheimelen så langt slike kontrollar kan ventast å gi eit større bidrag til rett likning enn alternativ bruk av tilgjengelege kontrollressursar. For etaten vil det såleis ikkje dreie seg om meirforbruk av ressursar, men om å disponere innanfor eksisterande rammer for å få størst mogleg effekt av sin samla kontrollinnsats.

Til forsida