Ot.prp. nr. 61 (1999-2000)

Om lov om endringar i lov 17. juli 1953 nr. 28 om Heimevernet og lov 17. juli 1953 nr. 29 om verneplikt (heving av aldersgrenser for militær teneste)

Til innhaldsliste

4 Reglane i Heimevernslova og vernepliktslova

Både heimevernslova og vernepliktslova, med utfyllande føresegner, opnar for å rekruttere personar i aldersgruppa 16-18 år til Forsvaret under visse føresetnader.

Menn og kvinner kan takast inn som frivillige i Heimevernet dersom dei har fylt 16 år, jf. heimevernslova § 5 første ledd første punktum. I ei føresegn til lova (Kgl. res. 30. april 1999 nr. 431) er det mellom anna fastsett at frivillige kan takast inn som HV-ungdomar frå den dagen dei fyller 17 år, og som aspirantar frå den dagen dei fyller 16 år.

Vernepliktslova § 3 fastset den generelle aldersgrensa for verneplikt til 1. januar i det året ein mann fyller 19 år. I § 4 er det likevel fastsett at dersom riket er i krig eller krig truar, kan Kongen bestemme at verneplikta skal starte i utskrivingsåret, det vil seie det året vedkomande fyller 18 år, jf. § 20 første ledd. Dette inneber at det i prinsippet er mogleg med tvungen rekruttering av 17-åringar. Det same går fram av § 5 om oppsetting av krigsforsterking. I krigsforsterkinga er ein kvar mann som er dugeleg til teneste og som ikkje tilhøyrar det faste oppbod, pliktig til teneste frå og med det året han fyller 18.

Nokre 16-åringar kan etter lovgivinga rekrutterast etter samtykke frå den einskilde. Den som enno ikkje har vorte pliktig til utskriving, kan såleis etter nærare reglar gjevne av Kongen likevel få tillating til utskriving, likevel ikkje tidlegare enn frå 1. januar i det år han fyller 17, jf. vernepliktslova § 20 anna ledd. Kongen treffer nærare reglar om frå kva for tidspunkt verneplikta trer inn for personar som etter eiga ønskje vert skrivne ut under omsyn til § 20 andre ledd (sjå § 4 andre ledd). I ei føresegn til vernepliktslova (Kgl. res. 22 november 1991 nr. 855) er det fastsett at menn under vernepliktig alder, som etter søknad får innvilga framskoten teneste, vert vernepliktige frå og med fordelinga, men tidlegast frå 1. januar det år dei fyller 18. Av dei om lag 17 000 soldatane som årleg vert tekne inn i Forsvaret som ordinære vernepliktige, er gjennomsnittleg færre enn 100 av desse personar som ennå ikkje har fylt 18 år når tenesta startar. Mellom anna finn ein ombord på nokre av Sjøforsvaret sine fartøy lærlingar under 18 år som har inngått kontrakt med Forsvaret.

Menn som vert tekne inn som frivillige i militære stillingar eller som elevar ved militære skular før den ordinære alderen for verneplikt, er vernepliktige frå og med det tidspunkt dei vert tekne inn, jf. vernepliktslova § 4 tredje ledd. I føresegna til lova er det bestemt at menn under vernepliktig alder som søkjer opptak ved militære skular, vert vernepliktige frå og med opptaket, likevel tidlegast frå 1. januar det år dei fyller 17.

Reglane i heimevernslova og vernepliktslova opnar med andre ord for at Noreg, i tillegg til å rekruttere barn, også kan utskrive barn til aktiv krigsteneste. Ein ting er rett nok dei formelle heimlane, ei anna sak er den praksis og den haldning Forsvaret har når dei skal velje ut personell. Haldninga, som også er nedfelt i Forsvaret sitt planverk, er at desse heimlane ikkje er førebudde, eller vil bli nytta med sikte på rekruttering av personar under 18 år, sjølv ikkje ved ei eventuell mobilisering. Det er likevel etter departementet sitt syn uheldig at det ligg føre eit slikt misforhold mellom dei formelle heimlane og gjeldande praksis og planverk.