Ot.prp. nr. 61 (1999-2000)

Om lov om endringar i lov 17. juli 1953 nr. 28 om Heimevernet og lov 17. juli 1953 nr. 29 om verneplikt (heving av aldersgrenser for militær teneste)

Til innhaldsliste

9 Merknader til dei einskilde paragrafane

Heimevernslova § 4

Regelen i heimevernslova § 4 omhandlar plikta til å gjere teneste i Heimevernet. Tredje ledd fastset i dag at også menn under vernepliktig alder har tenesteplikt i Heimevernet i krig, frå og med det året dei fyller 18. Det vil seie at nokre grupper 17-åringar kan kallast inn til pliktig teneste i krigstid. For å sikre ei ufråvikeleg 18 års grense for tvungen teneste, føreslår departementet at tredje ledd i § 4 endrast slik at tenesteplikta først startar den dagen vedkomande fyller 18 år.

Det er tenesteplikta som startar frå og med den dagen vedkomande fyller 18 år. Med andre ord vil personar under 18 år ikkje lenger kunne verte rekrutterte til teneste i Heimevernet. Det må likevel understrekast at ein med tenesteplikt her siktar til den faktiske rekrutteringa, det vil seie det tidspunktet ein personleg må møte til militærteneste eller på annan måte fysisk startar den militære tenesta i dei væpna styrkane. Formalia spelar her ingen rolle med omsyn til innlemminga i Forsvaret.

Derimot råker regelen ikkje personar som vert tekne inn som frivillige. Frivillig teneste vert regulert av lova §§ 5 og 6. Den endringa som er føreslått i § 4 vil difor ikkje forby tilsetjing av barn ved kontrakt eller anna frivillig teneste i Heimevernet, til dømes i HV-ungdomen.

Framlegget vil på den andre sida ikkje hindre Forsvaret i å setje i verk tiltak som tek sikte på førebuing av tenesteplikta gjennom mellom anna gjennomføring av sesjon, klassifisering, innrullering, utskriving, opptaksprøver og andre testar, administrativ fordeling av personellet, utsending av rekrutteringsmateriell m.m., sjølv om vedkomande på tidspunktet for det førebuande tiltaket ennå ikkje har fylt 18 år.

Heimevernslova § 6

Om grunngjevinga for heimevernslova § 6 viser ein til pkt. 7 ovanfor.

Om tydinga av uttrykket «stridsrelatert verksemd», som vert nytta i lovframlegget, vil Forsvarsdepartementet seie følgjande:

Uttrykket er nytta som ei avgrensing mot dei disiplinar frivillige mindreårige i Heimevernet ikkje skal gjevast opplæring i, eller på annan måte delta i, før dei fyller 18 år. Uttrykket må tolkast i lys av føremålet med regelen, som er at barn under 18 år ikkje skal gjevast opplæring eller på annen måte delta i verksemd som gjer det vanskelegare å unngå at disse i ein krigssituasjon vil gjere bruk av sine kunnskapar. Det er meint å dekkje militære strids- og våpenteknikkar, deltaking i felttenesteøvingar der stridselementet er ein vesentleg del og liknande operativ verksemd. Justisdepartementet seier i sine merknader at det er noko uklart kva som faller inn under forbodet, og viser mellom anna til at Forsvarsdepartementet har føresett at dagens våpentrening for HV-ungdom kan halde fram, medan opprekninga i føresegna til lov om Heimevernet pkt. 42 peiker nærast i retning av at til dømes våpentrening fell utanfor dei «ikkje-stridsrelaterte» disipliner. Justisdepartementet meiner difor at uttrykket bør klargjerast i motiva. Problemstillinga er også omtala i merknadene til Reserveoffiserers Forbund, som peikar på at dagens HV-ungdom i 16-17 års alderen kan «bli lidende ved en strengere tolkning av loven enn det departementet legger til grunn i sitt høringsutkast.»

Til dette vil Forsvarsdepartementet seie at det vanskeleg kan la seg gjere å trekkje opp retningslinjer i motiva som kan løyse alle tvilsspørsmål. I praksis vil det truleg oppstå gråsoner der det kan reisast spørsmål om ein bestemt disiplin/verksemd er å rekne som stridsrelatert eller ikkje. Dette kan etter Forsvarsdepartementet si vurdering best løysast gjennom en nærare regulering gjennom endringar i føresegn til heimevernslova, eventuelt gjennom retningslinjer som kan gjevast av Forsvarets overkommando. En slik løysing synest også Ombodsmannen for Forsvaret, som i sine merknader viser til merknadene frå Forsvarets Ombodsmannsnemnd, å vere inne på. Det heiter her mellom anna: «Nemnda vil også anta at det i forskriften til § 6 bør gis nærmere veiledende bestemmelser om hvilke opplæringstilbud Heimevernet kan by sitt frivillige personell under 18 år.»

Til spørsmålet om våpentrening fell utanfor eller innanfor uttrykket «stridsrelatert verksemd», vil Forsvarsdepartementet likevel seie at ein i alle fall har tolka gjeldande føresegn slik at våpentreninga til HV-aspirantane ikkje vert rekna for stridsrelatert verksemd. Ein viser også til departementet sine vurderingar av våpentreninga i pkt. 7 ovanfor.

For HV-aspirantane sitt vedkomande er grensa for dette også omhandla i føresegna til heimevernslova, jf. Kgl. res. 30. april 1999 nr. 431 pkt. 42, der det mellom anna heiter:

«Opplæringsprogrammet skal omfatte ikke-kombattante disipliner så som fysisk trening, sanitetstjeneste, sambandstjeneste, friluftsliv og informasjon om Heimevernet.»

Generelt kan ein også seie at aktivitetar som sjølvforsvar, feltskyting, bivuakkteneste, orienteringsløp med eller utan skyting, fjellklatring m.m. ikkje kan reknast som stridsrelaterte, av di dei ikkje primært rettar seg mot opplæring i strid eller stridsteknikkar, og av di dei har klare parallellar til sivile aktivitetar og idrettar. Opprekninga av kva som skal reknast som ikkje-stridsrelaterte disiplinar, gjev også ein peikepinn med omsyn til kva som reknast som stridsrelatert verksemd. Som døme på aktivitetar som må reknast som stridsrelatert, kan ein likevel nemne skytetrening som er meir direkte knytt til kamp, militære stridsteknikkar, taktikk m.m.

Departementet legg til grunn at ein skal forstå uttrykket i framlegget til nytt andre punktum i heimevernslova § 6 første ledd på same måte som den avgrensinga som er gjort i føresegna til heimevernslova, og meiner at framlegget til lovendring ikkje vil medføre et forbod mot å gi mindreårige opplæring i enkle militære disiplinar som ikkje direkte omfattar stridsopplæring eller stridsrelatert verksemd.

Forbodet som vert føreslått er eit forbod mot opplæring eller deltaking i stridsrelatert verksemd. I departementet sitt høyringsbrev var det i utgangspunktet føreslått at forbodet berre skulle gjelde praktisk opplæring eller deltaking i stridsrelatert verksemd, med den grunngjevinga at det neppe vil være mogleg eller ønskjeleg å oppstille eit lovforbod mot at personer under 18 får ei teoretisk innføring om militære stridsteknikkar, taktikk osv. På bakgrunn av merknader frå Justisdepartementet og Ombodsmannen for Forsvaret har Forsvarsdepartementet likevel kome til at ein vil føreslå et generelt forbod mot opplæring i stridsrelatert verksemd. Forbodet vil difor i utgangspunktet også ramme teoretisk opplæring. Det vil kunne skape ei rekkje problem for fortolkinga å oppretthalde eit skilje mellom praktisk og teoretisk opplæring. Det er vidare ingen spesielle grunnar som talar for at barn under 18 år bør få ei systematisk teoretisk opplæring i stridsrelaterte disiplinar i Forsvaret. Føremålet med regelen gjev heller ikkje nokon grunn til å skilje mellom praktisk og teoretisk opplæring. Departementet viser i denne samanheng til merknadene frå Ombodsmannen for Forsvaret, som viser til ei erklæring vedtatt av Forsvarets ombodsmannsnemnd. Her heiter det mellom anna:

«Hensett til framleggets formål om å hindre opplæring og tjeneste for stridende oppgaver av personer under 18 år, vil nemnda anbefale at begrepet «praktisk opplæring» endres til «opplæring». Ved en slik endring vil loven også hindre teoretisk opplæring i «kombattant virksomhet» og derved sikre mot eventuell mistanke om at Norge likevel gir personer under 18 år opplæring for stridende formål.

Nemnda tillater seg også å bemerke at den raske utvikling, særlig innen data og simuleringsteknologi, er i ferd med å utviske de tidligere forskjeller mellom teoretisk og praktisk opplæring.»

Vidare føreslår departementet at frivillige i Heimevernet som ikkje har fylt 18 år, straks skal fritakast frå teneste dersom riket er i krig eller krig truar, eller Forsvaret eller nokon del av det er beordra sett på krigsfot. Formuleringa «skal fritakast frå teneste» er å forstå som et absolutt påbod om at dette personellet under slike omstende skal verte beordra frå tenesta/ikkje innkalla til ny teneste, slik at personane ikkje skal kunne reknast som «medlemmer» av dei væpna styrkane. Det vil ikkje vere høve for dei som ønskjer det å halde fram i tenesta. Regelen krev aktive tiltak frå Forsvaret si side. Den Norske Advokatforeninguttalar dette om regelen i sitt høyringssvar:

«Advokatforeningen vil her nøye seg med å peke på at denne bestemmelsen forutsetter en beslutning om fritakelse. Det synes derfor behov for å avklare den frivilliges rettslige posisjon dersom en slik beslutning om fritakelse av en eller annen grunn ikke treffes. Det bør i hvert fall klargjøres at barn under 18 år ikke kan straffes for å nekte å følge en ordre i en situasjon der de etter loven skulle vært fritatt fra tjenesten. Det bør også avklares om barn under 18 år på eget initiativ kan eller bør forlate tjenesten dersom en krigssituasjon som beskrevet oppstår.»

Forsvarsdepartementet er usamd i at regelen føreset ei avgjersle om fritak. Dei andre problemstillingane Advokatforeningen reiser, vil likevel ikkje bli sett på spissen, av di personell under 18 år - som altså ikkje vil vere underlagt noko militært straffe- og disiplinærsystem - når som helst og med umiddelbar verknad kan avslutte tenesta. Til dømes kan HV-ungdom i dag når som helst slutte i tenesta utan at Forsvaret kan gjere noko med dette. Opplæringa skal være et tilbod og ingen tvang. Dersom framlegga til lovendringar vert vedtekne, legg departementet til grunn at dei same prinsippa vil gjelde for alt frivillig personell under 18 år som har ei tilknyting til Forsvaret. Det er difor klart at barn under 18 år ikkje kan verte straffa for å nekte å følgje ordre i ein situasjon der dei etter lova er fritekne frå teneste, men der Forsvaret av ein eller annen grunn ikkje har sytt for å treffe og gjennomføre avgjersle om fritak. Justisdepartementet har i sin merknad tatt opp følgjande problemstilling:

«Bestemmelsen reiser et spørsmål som ikke synes å være berørt i høringsnotatet, nemlig spørsmålet om hvordan stillingen blir dersom en som er dimittert etter første ledd fyller 18 år på et tidspunkt hvor det fremdeles er krig eller fare for krig. Forutsetningen for at problemstillingen skal bli aktuell er at den frivilliges opprinnelige tjenestetid ikke er utløpt. Spørsmålet om vedkommende kan pålegges å utføre videre tjeneste, bør drøftes i motivene.»

Forsvarsdepartementet legg til grunn at frivillige under 18 år som er fritekne for teneste etter denne regelen kan verte innkalla til ordinær teneste etter dei vanlege reglane, dersom vilkåra for slik innkalling føreligg på tidspunktet for innkalling, mellom anna at vedkommande i mellomtida vil ha fylt 18 år. Det føreligg ingen gode grunnar for at personell skal vere fritekne lenger enn formålet med regelen rekk. Denne løysinga følgjer også direkte av ordlyden i den regelen ein føreslår, av di denne berre vil gjelde for personell som ikkje har fylt 18 år.

Fritak skal skje straks riket er i krig eller krig truar eller Forsvaret eller nokon del av det er beordra sett på krigsfot. Sannsynlegvis kunne det vere nok at fritak skal skje dersom riket er i krig eller krig truar. Forsvarsdepartementet ønskjer likevel å syte for at barn som i fredstid gjer teneste i Forsvaret vert fritekne på eit så tidleg tidspunkt som mogleg i utviklinga av ei alvorleg tryggingspolitisk krise, og føreslår difor at fritak frå teneste skal skje dersom Forsvaret eller nokon del av det på eit eventuelt tidlegare tidspunkt vert beordra sett på krigsfot. Slik reduserer ein sjansen for at barna skal hamne som deltakarar i kamphandlingar før fritaksprosessen er gjennomført.

Departementet viser også til at bruken av utrykka i framlegget stort sett svarar til dei kriteria som er nytta i vernepliktslova § 15 om plikt til å gjere krigsteneste. Det er nettopp krigs- og krigsliknande teneste lovendringa skal syte for at personar under 18 år ikkje skal delta i. Elles legg departementet til grunn at formuleringa «krig eller krig truer» i § 6 første ledd anna punktum i framlegget, er å oppfatte som «krig eller fare for krig» i paragrafen sitt andre ledd.

Departementet tek sikte på at ein kan førebu tenestefritak for dette personellet og inngå som eit konkret tiltak i det som heiter «Beredskapsbestemmelser for Forsvaret» (BFF). Uavhengig av om det skjer gjennom iverksetjing av eit beredskapstiltak eller ikkje, legg departementet dessutan til grunn at tenestefritak for så vidt få personar, vil kunne gjennomførast på ein slik måte at tiltaket i seg sjølv og overfor publikum generelt ikkje vil skape inntrykk av at norske styresmakter ser situasjonen som ein mogleg krigsfare, noko som etter omstenda ville kunne skape negative konsekvensar. Ein understrekar difor at framlegget inneber at barn under 18 år skal ha fritak frå teneste på eit relativt tidleg tidspunkt i utviklinga av ei krise, altså sjølv om situasjonen ikkje er av ein slik karakter at norske styresmakter utan vidare vurderer den som ein mogleg krigsfare.

Forsvarsdepartementet føreslår at heimevernslova § 6 andre ledd første punktum vert endra tilsvarande som i heimevernslova § 4 tredje ledd. Ein viser her til merknadene til heimevernslova § 4.

Vernepliktslova § 4

Framlegget til endringar i vernepliktslova § 4 første ledd er utforma og grunna likt med framlegget til endringar i heimevernslova § 4 tredje ledd. Ein viser difor til merknadene til heimevernslova § 4.

Framlegget til nytt femte ledd i vernepliktslova § 4 er identisk med framlegget til nytt anna punktum i heimevernslova § 6 første ledd. Departementet viser til merknadene ovanfor til denne regelen.

Vernepliktslova § 5

Framlegget til endringar i vernepliktslova § 5 første ledd anna punktum er utforma og grunna likt med framlegget til endringar i heimevernslova § 4 tredje ledd. Ein viser difor til merknadene til heimevernslova § 4.

Iverksetjing

Før lovendringane kan tre i kraft, vil det vere naudsynt å syte for at føresegnene til heimevernslova og vernepliktslova vert tilpassa endringane. Departementet føreslår difor at lova trer i kraft frå den tid Kongen fastset.