Ot.prp. nr. 67 (2005-2006)

Om lov om endringar i foretaksregisterloven, enhetsregisterloven og regnskapsloven (gjennomføring av rådsdirektiv 2003/58/EF)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn for lovforslaget

2.1 Innleiing

Forslaget byggjer på eit høyringsnotat som blei utarbeidd av Nærings- og handelsdepartementet hausten 2005.

Bakgrunnen for forslaget er det vedtekne endringsdirektivet som vi er pålagde å oppfylle og at vi ønskjer å tilpasse regelverket for i størst mogleg grad å leggje til rette for effektiv elektronisk samhandling. Vi føreslår derfor enkelte endringar i einingsregisterlova, rekneskapslova og føretaksregisterlova for å harmonisere lovene best mogleg med tanke på elektronisk kommunikasjon.

I høyringsnotatet vart det også lagt fram forslag til ein del endringar i forskriftene til føretaksregisterlova, einingsregisterlova og rekneskapsregisterlova. Nærings- og handelsdepartementet vil følgje opp desse endringsforslaga separat.

2.2 Høyring

Høyringsnotatet vart sendt på høyring 24. november 2005 med høyringsfrist 1. februar 2006. Det vart sendt ut eit tillegg til høyringa 13. januar 2006 med forslag til endring i rekneskapslova. Høyringsfristen for tilleggsforslaget var 10. februar 2006. Høyringsbreva vart sende til desse institusjonane og organisasjonane:

  • Finansdepartementet

  • Justis- og politidepartementet

  • Fornyings- og administrasjonsdepartementet

  • Brønnøysundregistra

  • Datatilsynet

  • Domstoladministrasjonen

  • Forbrukarombodet

  • Kredittilsynet

  • Lotteri- og stiftelsestilsynet

  • Rikstrygdeverket

  • Skattedirektoratet

  • Statistisk Sentralbyrå

  • Bedriftsforbundet

  • Den norske advokatforening

  • Den norske revisorforening

  • Finansnæringens Hovedorganisasjon

  • Handels- og Servicenæringens Hovudorganisasjon

  • Landsorganisasjonen i Norge

  • Næringslivets Hovudorganisasjon

  • Norske Autoriserte Regnskapsføreres Fore­ning

  • Rederiforbundet

  • Sparebankforeningen

Desse instansane har hatt merknader til forslaget: Fornyings- og administrasjonsdepartementet, Fin­ansdepartementet, Brønnøysundregistra, Datatilsynet, Kreditttilsynet, Statistisk Sentralbyrå, Finansnæringens Hovedorganisasjon, Sparebankforeningen, Handels- og Servicenæringens Hovudorganisasjon, Næringslivets Hovudorganisasjon og Norske Autoriserte Regnskapsføreres Forening.

Høyringsinstansane er i hovudsak positive til dei føreslåtte endringane. Fleire er positive til tilrettelegging for auka bruk av elektronisk kommunikasjon og meiner det vil innebere ei betring av dei elektroniske tenestene til Brønnøysundregistra.

Merknadene blir behandla under kvart enkelt forslag i kapittel 3.

2.3 Endringsdirektivet

EØS-komiteen vedtok i avgjerd nr. 56/2004 av 23. april 2004 å endre EØS-avtalen vedlegg XXII ved innlemming av Europaparlaments-direktiv og rådsdirektiv 2003/58/EF om endring av rådsdirektiv 68/151/EØF (første selskapsrettsdirektiv) med tanke på offentlegheit i samband med visse selskapsformer. Stortinget samtykte i St.prp. nr. 76 (2003–2004).

Endringsdirektivet er eit resultat av EUs arbeid med å forenkle regelverket i den indre marknaden (SLIM). Formålet er å forenkle og effektivisere innsending av og tilgang til opplysningar om selskap. Direktivet tek vidare sikte på å forenkle formalitetane som selskapa blir pålagde i samband med offentleg innsyn. Det skal ein oppnå gjennom å bruke elektronisk kommunikasjon.

Krava skal vere oppfylte innan 1. januar 2007 og inneber i hovudtrekk at:

  • selskap skal kunne innlevere pliktige dokument og opplysningar elektronisk til registra, og interesserte partar skal kunne få kopi av slike opplysningar og dokument i elektronisk form

  • alle dokument og opplysningar som blir sende inn i papirform, skal konverterast til elektronisk form

  • tilgangen til selskapsopplysningar på tvers av landegrensene skal betrast ved å tillate frivillig registrering og offentleggjering av dokument og opplysningar også på andre språk enn norsk. Godtruande tredjeperson kan vise til offentleggjorde omsetjingar

  • krav om offentleggjering av registrerte opplysningar kan oppfyllast ved elektronisk offentleggjering. Plikter og rettar overfor tredjeperson skal som hovudregel fastsetjast på grunnlag av denne offentleggjeringa

  • opplysningsplikter som er heimla i første selskapsrettsdirektiv, skal gå fram av alle forretningsdokument, uavhengig av kva for medium som blir brukt. Desse opplysningane skal også gå fram av eventuelle heimesider selskapet har.

I tillegg opnar direktivet for at medlemsstatane kan påleggje selskap å levere inn registreringspliktige dokument og opplysningar elektronisk.

2.4 Norsk regelverk i dag

Registrering og kunngjering av selskapsopplysningar er regulert i lov 21. juni 1985 nr. 78 om registrering av foretak (føretaksregisterlova). Registrering av årsrekneskap og andre rekneskapsopplysningar er regulert i lov 17. juli 1998 nr. 56 om årsregnskap (rekneskapslova). Utfyllande føresegner er gitt i forskrift 18. desember 1987 nr. 984 om registrering av foretak (føretaksregisterforskrifta) og i forskrift av 16. desember 1998 nr. 1234 om innsending av årsregnskap mv. til Regnskapsregisteret og rett til innsyn i årsregnskap mv. (rekneskapsregisterforskrifta). Verksemda til Einingsregisteret er regulert i lov 3. juni 1994 nr. 15 om Enhetsregisteret (einingsregisterlova) og i forskrift om registrering av juridiske personer m.m. i Enhetsregisteret 9. februar 1995 nr. 114 (einingsregisterforskrifta).

Alle næringsdrivande føretak, med avgrensa så vel som uavgrensa ansvar, pliktar å registrere seg i Føretaksregisteret. Det same gjeld enkeltpersonføretak som driv handel med dertil innkjøpte varer, eller som har meir enn fem fast tilsette i hovudstilling. Andre enkeltpersonføretak kan registrere seg på frivillig basis.

Einingar som har rekneskapsplikt etter rekneskapslova, skal kvart år sende inn årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding til Rekneskapsregisteret.

I det som følgjer, blir både innsendingspliktige etter rekneskapslova og registreringspliktige etter føretaksregisterlova omtala som registreringspliktige.

I eRegelprosjektet (2001) vart alt regelverk gjennomgått for å fjerne hinder for elektronisk kommunikasjon. På denne bakgrunnen kan vi ikkje sjå at det i dagens regelverk eksisterer rettslege hindringar for elektronisk innrapportering.

Føretaksregisteret og Rekneskapsregisteret tilbyr i dag nettbasert registrering til dei fleste føretak. Ettersom ordning for elektronisk signatur førebels ikkje er på plass, må dei som bruker nettbasert registrering, sende inn signert utskrift på papir for å halde underskriftskravet som gjeld for meldingar i føretaksregisterlova § 4-3.

Det offentlege har i dag ikkje heimel for å påleggje elektronisk innsending.

Ved alle register blir alle innsende selskapsopplysningar lagra elektronisk.

Einingsregisteret og Føretaksregisteret avleverer i motsetning til Rekneskapsregisteret ikkje elektroniske kopiar enkeltvis. Ei rekkje selskapsopplysningar er likevel tilgjengelege elektronisk på nettsidene til registra. Dette er i hovudsak kunngjeringar og nøkkelopplysningar i Einingsregisteret o.l.

Det er i dag ikkje høve til å få registrert og kunngjort selskapsopplysningar som er omsett til andre språk.

Dokumentopplysningsplikta til næringsdrivande er regulert i føretaksregisterlova § 10-2. Føretak er pliktige til å gi opp namn og organisasjonsnummer, eventuelt MVA, på brev, kunngjeringar og andre dokument. For aksjeselskap og allmennaksjeselskap blir det stilt krav om at dei må gi opp meir omfattande opplysningar.

2.5 Om dei aktuelle registra

Forslaga i høyringsnotatet vedkjem Rekneskapsregisteret, Føretaksregisteret og Einingsregisteret. Registra er del av Brønnøysundregistra.

Informasjon frå registra blir offentleggjord elektronisk på Internett. Kunngjering av selskapsrelaterte opplysningar skjer gjennom den elektroniske kunngjeringspublikasjonen til Brønnøysundregistra, i samsvar med føretaksregisterlova § 6-2.

Rekneskapsregisteret (oppretta i 1981, underlagt Finansdepartementet/Kredittilsynet) mottek årsrekneskapane frå innsendingspliktige etter rekneskapslova og gjer dei tilgjengelege for allmenta. Informasjonen frå registeret blir brukt av kredittopplysningsinstitusjonar, bankar og næringsdrivande som ønskjer rekneskapsinformasjon. Rundt 160 000 norske selskap er pliktige til å sende inn årsrekneskapane sine. Dei siste fire åra har det vore mogleg å sende inn rekneskapar elektronisk, og i 2004 var innsendinga lagd til Altinn, sjå elles om Altinn nedanfor.

Føretaksregisteret (oppretta i 1988, underlagt Nærings- og handelsdepartementet) har ansvar for å registrere alle norske og utanlandske føretak som driv næringsverksemd i Noreg, med unntak av ein del enkeltpersonføretak. Registeret skal sikre rettsvern og oversikt, og er ei viktig kjelde for alle som treng korrekte opplysningar om aktørane i norsk næringsliv. Ved utgangen av 2004 var det registrert i overkant av 333 000 føretak i Føretaksregisteret. Aksjeselskap utgjorde 47 prosent av registrerte føretak per 31. desember 2004.

Einingsregisteret (oppretta i 1995, no underlagt Nærings- og handelsdepartementet) inneheld grunndata om alle einingar/juridiske personar som har registreringsplikt i arbeidsgivarregisteret, meirverdiavgiftsmanntalet, Føretaksregisteret, skattemanntalet for etterskotspliktige skattytarar, Stiftelsesregisteret og i Statistisk Sentralbyrås bedrifts- og føretaksregister, i tillegg til dei som registrerer seg frivillig for å få organisasjonsnummer. Tilveksten til Einingsregisteret har vore høg dei siste åra. Det ser ut som om verdien av organisasjonsnummeret som identifikator blir meir og meir verdsett både i det offentlege og i det private.

Altinn er ei innrapporteringsløysing og portal for offentlege tenester til næringslivet. Brønnøysundregistra har forvaltningsansvaret for Altinn (www.altinn.no). Nærings- og handelsdepartementet har det overordna ansvar. Målsetjinga for arbeidet med elektroniske tenester som er retta mot næringslivet, er å sikre samordna tenester, tempo i utviklinga og at utviklinga samsvarer med behova i næringslivet. Portalen har hatt stor tilstrøyming av brukarar. Brønnøysundregistra tilbyr i dag elektronisk innsending av årsrekneskapen gjennom Altinn. Tenesta nettbasert registrering i Føretaksregisteret og Einingsregisteret skal etter planen gjerast tilgjengeleg frå Altinn i løpet av 2006.

Den overordna målsetjinga er at i løpet av 2008 skal Altinn bli næringslivets inngangsportal til alle offentlege tenester. Her skal bedriftene få éin kanal for å finne informasjon om rettar og plikter, om offentlege krav og tilbod, nødvendige elektroniske skjema for søknader, for alle pålagde skjema osb. Her er arkiv slik at bedriftene på ein enkel måte skal finne att kommunikasjonen sin med det offentlege. Også svar på søknader og anna som i dag kjem i posten skal bedriftene kunne få tilsendt elektronisk via Altinn.

Til forsida