Ot.prp. nr. 67 (2005-2006)

Om lov om endringar i foretaksregisterloven, enhetsregisterloven og regnskapsloven (gjennomføring av rådsdirektiv 2003/58/EF)

Til innhaldsliste

5 Administrative og økonomiske konsekvensar

Ei gjennomføring av direktivet medfører behov for endringar i delar av dei tekniske løysingane ved Føretaksregisteret og Rekneskapsregisteret, m.a. må løysingar for elektroniske signaturar kome på plass.

Direktivforslaget om å tillate registrering og kunngjering av omsetjingar kan føre til at fleire dokument må registrerast. Dette kan gi ein mindre auke i arbeidsoppgåvene for Føretaksregisteret og Rekneskapsregisteret. Det er svært usikkert kor mykje retten til å få registrert/kunngjort opplysningar på andre språk vil bli brukt. Vi reknar med at auken i dei administrative kostnadene vil bli små.

For dei næringsdrivande vil det ikkje vere særlege kostnader i samband med det å gjennomføre opplysningsplikter som er fastsette i direktivet. Det er ikkje tale om å skaffe fram nye opplysningar, men berre å gi opp tidlegare gitte opplysningar på nye medium. Ein del føretak har alt i dag dei aktuelle opplysningane på internettsidene sine.

Elles vil det vere store fordelar ved ein fullverdig elektronisk kommunikasjon, både for det offentlege og dei næringsdrivande.

Til forsida