Ot.prp. nr. 67 (2005-2006)

Om lov om endringar i foretaksregisterloven, enhetsregisterloven og regnskapsloven (gjennomføring av rådsdirektiv 2003/58/EF)

Til innhaldsliste

6 Merknader til dei enkelte føresegnene

6.1 Lov 21. juni 1985 nr. 78 om registrering av foretak

Til § 4-1 nytt fjerde ledd

Føresegna gir heimel til at ein i forskrift kan påleggje dei registreringspliktige i Føretaksregisteret å sende inn selskapsopplysningar og -dokument elektronisk. Tilsvarande forskriftsheimel er føreslått i einingsregisterlova § 12 nytt tredje ledd og i rekneskapsregisterlova § 8-2 fjerde ledd andre punktum.

Heimelen er generell. Ved innføring av pålegg om elektronisk innrapportering må det m.a. gjerast ei nærmare vurdering av kva for typar føretak det skal omfatte. Tidspunktet for innføringa av slikt pålegg og kven det skal omfatte, er avhengig av kor stor auken i bruken av elektronisk innrapportering blir framover. Det er ikkje aktuelt å innføre slike pålegg før i 2008. Det blir vurdert å ta i bruk stimuleringstiltak først. Overgangsordningar vil bli vurdert.

Til § 4-3 nytt andre ledd

Føresegna gir heimel til at ein i forskrift kan gjere unntak frå underskriftskrava i føretaksregisterlova § 4-3 første ledd ved elektronisk innsending av adressa til selskapet og for endring av opplysningar om telefonnummer, telefaksnummer og andre elektroniske adresser. Forenkla underskriftskrav er berre aktuelt for mindre endringar som ikkje utløyser krav om vedtektsendring. For forretningsadresser vil for eksempel flytting av forretningskontor til ein annan kommune utløyse krav om vedtektsendring/selskapsavtaleendring. Forenkla underskriftskrav vil derfor berre gjelde for adresseendring innanfor same kommune.

Til § 4-4 første ledd bokstav a-c

Føretaksregisterlova § 4-4 listar opp kva for vedlegg som skal følgje melding etter føretaksregisterlova § 4-1. Det blir føreslått at ein opphevar kravet om at vedlegg etter § 4-4 a-c skal sendast inn i bekrefta gjenpartar. Kravet er ei formforskrift og inneber ikkje noka innhaldsmessig stadfesting. Kravet kan komplisere den elektroniske innsendinga.

Til § 6-2 sjette ledd

Føresegna viser til rådsdirektiv 68/151/EØF med tanke på opplysningar som skal kunngjerast i den elektroniske kunngjeringspublikasjonen til Brønnøysundregistra, og blir for ordens skuld oppdatert gjennom tilvising til dei endringane som er gjorde i rådsdirektiv 2003/58/EF.

Til ny § 6-3

Første ledd sikrar rett til frivillig å registrere og kunngjere omsetjingar av opplysningar i Føretaksregisteret til alle språka i Fellesskapet. Dette er i samsvar med rådsdirektiv 2003/58/EF artikkel 3a nr. 4.

Omsetjingar som ein ønskjer å få offentleggjort, skal førast inn i registeret på vanleg måte. Delvise omsetjingar vil ikkje bli godtekne. Det inneber at for eksempel omsette enkeltføresegner i vedtektene eller delar av årsrekneskapen ikkje kan registrerast. Det blir ikkje stilt krav om at omsetjingane er bekrefta av autorisert translatør. Det er i føretaket si eigeninteresse å ha korrekte omsetjingar fordi det har ansvaret, og selskapet må sjølv vurdere om det vil bere kostnadene til autorisert translatør.

Omsetjingar blir kunngjorde samtidig med den obligatoriske kunngjeringa av dei norskregistrerte opplysningane. Det inneber at omsetjinga må sendast inn i tilknyting til den obligatoriske førstegongsmeldinga, eller til endringsmeldingar. I kunngjeringsteksten vil det bli opplyst at det ligg føre ei omsetjing, og kva for eit språk omsetjinga ligg føre på. Opplysning om dette går fram på engelsk i tillegg til norsk. Registeret skal sørgje for at annan standardtekst i den elektroniske kunngjeringspublikasjonen ligg føre på engelsk i tillegg til norsk.

Andre ledd regulerer verknaden i forhold til tredjeperson av at det er offentleggjort slike omsetjingar. Føresegna tilsvarer formulering i artikkel 3a nr. 4 i direktivet.

Føresegna vernar utanforståande tredjeperson når det er manglande samsvar mellom omsetjingane og dei norskregistrerte opplysningane. Føresegna inneber at tredjeperson skal kunne stole på det han eller ho les, og at han eller ho skal kunne leggje til grunn dei norskregistrerte opplysningane som er offentleggjorde. Tredjeperson som berre kjenner den offentleggjorde omsetjinga, skal likevel kunne vise til denne. Selskapet har bevisbyrda for å godtgjere at tredjeperson eventuelt kjende til dei norskregistrerte opplysningane.

Føretaksregisteret skal berre kontrollere dei norske dokumenta som kjem inn til registrering, jf. føretaksregisterlova § 5-1. Selskapet har ansvaret for at innhaldet i omsetjingane er i samsvar med dei norskregistrerte opplysningar til kvar tid.

Til § 10-2 første ledd første punktum

I samsvar med krav i rådsdirektiv 2003/58/EF er det føreslått endringar for å gjere dagens dokumentopplysningsplikt teknologinøytral. Det inneber at dokumentopplysningsplikta skal gjelde for dei aktuelle opplysningane, uavhengig av kva for medium dei finst på, og for heimesider.

I tillegg føreslår ein at uttrykket «brev, kunngjøringer og andre dokumenter» blir erstatta med uttrykket «brev og forretningsdokumenter». Tilsvarande uttrykk er nytta i einingsregisterlova, og endringa inneber ei harmonisering av dei to lovene. Uttrykket «forretningsdokumenter» omfattar dokument der føretaket tek på seg plikter, ulike typar bestillingsdokument, pakksetlar, ordrestadfestingar o.l., men også fakturadokument o.l. Utsendingar av reklame og kundemateriell og dokument av meir generell karakter som ikkje er meint å gi/etablere rettskrav, fell utanfor.

Til § 10-2 andre ledd første punktum

Det er føreslått endringar som inneber at dokumentopplysningsplikta for aksjeselskap og allmennaksjeselskap skal gjelde for dei aktuelle opplysningane, uavhengig av kva for medium dei finst på, og for heimesider. Endringa er ledd i gjennomføringa av krav i rådsdirektiv 2003/58/EF.

Til § 10-2 andre ledd andre punktum

Andre ledd andre punktum om at den «tegnede og innbetalte kapital» skal givast opp er foreslått oppheva. Dette er ei løysing som berre var mogleg etter den gamle aksjelova 4. juni 1976 nr. 59 § 2-9 tredje ledd andre punktum, jf. Ot.prp. nr. 73 (1991–1992) s. 15.

6.2 Lov 3. juni 1994 nr. 15 om Enhets- registeret

Til § 3 nytt tredje ledd

Det føreslåtte tillegget gjer det klart at krav i lova om underskrift, om at dokument skal vera skriftleg o.l ikkje er til hinder for elektronisk kommunikasjon. Ein tilsvarande regel finst i føretaksregisterlova § 1-1 fjerde ledd, og forslaget her inneber ei harmonisering av regelverka.

Til § 8 nytt tredje ledd

Det føreslåtte tillegget gir departementet heimel til å gi forskrift om unntak frå underskriftskrava ved elektronisk innsending av eininga si adresse, og for endringar i opplysningar om telefonnummer, telefaksnummer og andre elektroniske adresser. Sjå kommentarar til føretaksregisterlova § 4-3 nytt andre ledd.

Til § 12 nytt tredje ledd

Føresegna gir heimel til i forskrift å påleggje dei registreringspliktige elektronisk innsending til Einingsregisteret. Tilsvarande føresegn er teken inn i føretaksregisterlova § 4-1 nytt fjerde ledd og rekneskapsregisterlova § 8-2 fjerde ledd andre punktum. Sjå kommentarar til føretaksregisterlova § 4-1 nytt fjerde ledd.

Til § 22 andre ledd første punktum

Den føreslåtte endringa inneber at retten til å få elektroniske kopiar frå registeret går klart fram. Endringa er ledd i gjennomføringa av rådsdirektiv 2003/58/EF. Kostnader ved å få ein elektronisk kopi eller ein papirkopi skal ikkje bli høgare enn formidlingskostnadene. Retten til å få elektronisk kopi av lagra dokumenter blir avgrensa til dokument som er sende inn etter 1. januar 1997.

Til § 22 nytt tredje ledd

Føresegna sikrar rett til å få elektronisk stadfesting frå registeret ved avlevering av elektroniske kopiar. Endringa er ledd i gjennomføringa av rådsdirektiv 2003/58/EF (første selskapsrettsdirektiv). Registeret vil ikkje automatisk gi elektronisk stadfesting, rekvirenten må sjølv be om dette. Direktivet stiller krav om at slik stadfesting skal skje ved hjelp av ein avansert elektronisk signatur. Denne nemninga er ikkje nytta i lovteksten. I staden stiller ein innhaldsmessige krav til den elektroniske stadfestinga som samsvarer med innhaldet i ein avansert elektronisk signatur. Metoden registeret bruker ved stadfesting skal vere eigna til å autentisere avsendar og sikre dokumentet mot endring.

Til § 23 første punktum

Det er føreslått endringar som inneber at dokumentopplysningsplikta skal gjelde for dei aktuelle opplysningane, uavhengig av kva for medium dei finst på, og for heimesider. Endringa er ledd i gjennomføringa av krav i rådsdirektiv 2003/58/EF.

6.3 Lov 17. juli 1998 nr. 56 om årsrekneskap

Til § 8-2 fjerde ledd andre punktum

Føresegna gir heimel til at ein i forskrift kan påleggje dei rekneskapspliktige elektronisk innsending til Rekneskapsregisteret. Tilsvarande føresegn er teken inn i føretaksregisterlova § 4-1 nytt fjerde ledd og einingsregisterlova § 12 nytt tredje ledd. Sjå kommentarar til føretaksregisterlova § 4-1 nytt fjerde ledd.

Til § 8-2 nytt femte ledd

Etter føresegna skal føretaksregisterlova § 6-3 om omsette selskapsopplysningar og –dokument gjelde tilsvarande. Det sikrar selskapa ein rett til frivillig å registrere og kunngjere omsetjingar av opplysningar i Rekneskapsregisteret til alle språka i Fellesskapet. Dette er i samsvar med rådsdirektiv 2003/58/EF artikkel 3a nr. 4. Sjå kommentarar til føretaksregisterlova ny § 6-3.

Vi gjør elles merksam på at retten til registrering av omsette dokument og opplysningar kjem i tillegg til, og ikkje i staden for dei lovbestemte krava til registrering og innsending av opplysningar og dokument i rekneskapslova, mellom anna rekneskapslova § 2-6 om krav til språk.

Til forsida