Ot.prp. nr. 67 (2005-2006)

Om lov om endringar i foretaksregisterloven, enhetsregisterloven og regnskapsloven (gjennomføring av rådsdirektiv 2003/58/EF)

Til innhaldsliste

3 Krav i direktivet og forslag til gjennomføring

3.1 Innleiing

Her gjer vi greie for krav i direktivet og forslag til gjennomføring i norsk rett.

Forslaga byggjer på høyringsnotatet som er omtala i kapittel 2. Forslaga i høyringsnotatet, synspunkta til høyringsinstansane og vår vurdering er tekne inn etter kvarandre.

Det er teke utgangspunkt i direktivet slik det ligg føre i engelsk offisiell omsetjing, men det er sitert frå den norske offisielle omsetjinga (førebels ikkje publisert).

Verkeområdet til endringsdirektivet og første selskapsrettsdirektiv omfattar berre aksjeselskap og allmennaksjeselskap. Første selskapsrettsdirektiv er gjennomført m.a. ved opprettinga av Føretaksregisteret. Registeret registrerer og kunngjer selskapsopplysningar for selskap med avgrensa så vel som uavgrensa ansvar, og for enkeltpersonføretak. Føretaksregisteret tilbyr i dag nettbasert registrering til dei fleste føretak. Vi vil vidareføre dette som ei ordning som er til fordel både for det offentlege og brukarane.

Direktivet sitt krav om rett til elektronisk innsending er i praksis ivareteke ved at dei fleste føretak i dag får tilbod om nettbasert registrering. Retten til elektronisk innsending blir i praksis gitt til fleire føretak enn det direktivet krev. Det eksisterer ikkje rettslege hinder i regelverket for elektronisk innsending. Både krava i direktivet og dei næringsdrivande sitt behov er etter vår vurdering tilstrekkeleg ivareteke, og i tråd med vurdering i høyringsnotatet føreslår vi ikkje ei uttrykkeleg lovregulering. Så lenge ordning for elektronisk signatur ikkje er på plass, inneber underskriftskrava i føretaksregisterlova at dei som bruker nettbasert registrering, må sende inn underskriven papirutskrift. Ei signeringsløysing blir tilgjengeleg gjennom den nye offentlege sikkerheitsportalen i løpet av 2006.

Direktivet sitt krav om elektronisk lagring er også klart oppfylte i praksis. Både ved Føretaksregisteret, Einingsregisteret og Rekneskapsregisteret blir alle dokument og opplysningar i dag lagra elektronisk. Papirdokument blir skanna og lagde i elektroniske databasar, elektronisk innrapporterte dokument blir lagde direkte inn. I tråd med vurdering i høyringsnotatet, går departementet ikkje inn for å lovregulere krav om elektronisk lagring.

Dagens dokumentopplysningsplikt, sjå kapittel 3.6, er ikkje avgrensa til aksjeselskap og allmennaksjeselskap. Det blir føreslått at endringsforslaget skal gjelde for alle føretak, som i dag.

3.2 Pålegg om elektronisk innrapportering til registra

3.2.1 Direktivet

Det går fram av direktivet artikkel 3 nr. 2 andre ledd at medlemsstatane kan

«pålegge alle selskaper eller visse kategorier av selskaper å inngi alle eller visse typer av slike dokumenter og opplysninger elektronisk».

3.2.2 Forslag i høyringsnotatet

Frå det offentlege si side vil det vere ressurssparande å påleggje næringsdrivande å sende inn dokument og opplysningar elektronisk. Dette er med på å effektivisere registreringa. Det vil også vere til fordel for brukarane mellom anna når det gjeld saksbehandlingstid. Eit stort fleirtal av dei næringsdrivande har i dag tilgang til PC og Internett. På den andre sida kan innføring av tvungen elektronisk innsending innebere ei meirbelastning for dei næringsdrivande som ikkje har enkel tilgang til elektronisk kommunikasjon. Det kan delvis ordnast ved overgangsordningar.

Høyringsnotatet peika på at det kan bli aktuelt å innføre reglar som pålegg dei næringsdrivande elektronisk innsending. I høyringsnotatet vart det derfor føreslått ein heimel i føretaksregisterlova § 4-1 nytt fjerde ledd til å gi forskrift om pålegg om elektronisk innsending av pliktige selskapsopplysningar.

Ved registrering og ved endringsmeldingar til m.a. Einingsregisteret og Føretaksregisteret skal samordna registermelding nyttast. For å få samanheng i regelverket vart det også føreslått heimel til å gi forskrift om pålegg om elektronisk innsending i einingsregisterlova § 12 nytt tredje ledd. Pålegg om elektronisk innrapportering vil i første rekkje vere aktuelt for einingar som også er registreringspliktige i Føretaksregisteret. Avhengig av korleis einingane bruker elektronisk innrapportering, kan det på lengre sikt vere aktuelt å la pålegget omfatte andre einingar i Einingsregisteret.

Dei omsyna som talar for å påleggje næringsdrivande elektronisk innsending til Føretaksregisteret og Einingsregisteret, talar også for å påleggje dei elektronisk innsending til Rekneskapsregisteret. I eit tilleggshøyringsbrev 13. januar 2006 vart det føreslått heimel til å gi forskrift om pålegg om elektronisk innsending i rekneskapsregisterlova § 8-2 fjerde ledd andre punktum.

Det vart føreslått generelle forskriftsheimlar. Ved innføring av pålegg om elektronisk innrapportering vil det mellom anna bli gjort ei nærmare vurdering av kva for typar føretak heimlane skal omfatte. Tidspunktet for innføringa av eit slikt pålegg, og kven som skal omfattast av det, er avhengig av kor stor auken i bruken av elektronisk innrapportering blir framover. Det er ikkje aktuelt å innføre slike pålegg før i 2008. Det vil bli vurdert å ta i bruk stimuleringstiltak først. Forskriftsreguleringane vil bli sende på ordinær høyring.

3.2.3 Høyringsinstansane sitt syn

Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon peikar på at ved eventuell innføring av pålegg om elektronisk innrapportering må det vurderast overgangsordningar, sidan fleire norske bedrifter framleis ikkje har tilgang til PC og Internett. Fleire andre næringsorganisasjonar peikar på tilsvarande problemstilling.

Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening uttalar:

«Fra vår side er det en forutsetning at man anvender positive stimuleringstiltak først, slik det blant annet er gjort med hensyn til innsending til Regnskapsregisteret (utsatt forsinkelsesgebyrfrist ved bruk av Altinn), med hensikt å oppnå mest mulig frivillig overgang til elektronisk innrapportering.

Dessuten må infrastrukturen være bedre tilrettelagt enn den er i dag; det vil si ved landsdekkende bredbåndsutbygging fordi det erfaringsmessig er for tungt å jobbe mot Altinn bare via ISDN og lignende».

Høyringsinstansane har elles ikkje hatt merknader til forslaget.

3.2.4 Departementet si vurdering

Nærings- og handelsdepartementet vil, i tråd med forslaget, føreslå å ta inn heimlar til å gi forskrift om pålegg av elektronisk innsending i føretaksregisterlova § 4-1 nytt fjerde ledd, einingsregisterlova § 12 nytt tredje ledd og rekneskapsregisterlova § 8-2 fjerde ledd andre punktum. I samband med vurderinga om å innføre ei forskrift om pålegg om elektronisk innrapportering, vil også overgangsordningar bli vurdert.

Lov 15. juni 2001 nr. 59 om stiftelser (stiftingslova) § 8 har føresegn om m.a. innsending til Stiftingsregisteret. I siste ledd er det gitt opp at fleire av føresegna i føretaksregisterlova skal gjelde tilsvarande for stiftingar. Føretaksregisterlova § 4-1 er ikkje nemnd. Det må truleg etablerast eigen heimel til å gi forskrift om pålegg av elektronisk innsending til stiftingsregisteret i stiftingslova. Slik heimel vart ikkje omtalt i høyringsnotatet. Dette vil bli vurdert på eit seinare tidspunkt.

3.3 Elektronisk kopi frå registra

3.3.1 Direktivet

Direktivet, artikkel 3 nr. 3 andre ledd, slår fast at kopiar skal

«kunne fås fra registret på papir eller elektronisk etter søkerens valg».

3.3.2 Forslag i høyringsnotatet

Einingsregisteret og Føretaksregisteret avleverer, i motsetning til Rekneskapsregisteret, i dag ikkje elektroniske kopiar enkeltvis. Plikta til elektronisk avlevering er heller ikkje regulert i regelverket for Einingsregisteret og Føretaksregisteret. Ei rekkje selskapsopplysningar er tilgjengelege elektronisk gjennom nettsidene til registra. Dette er i hovudsak kunngjeringar og nøkkelopplysningar i Einingsregisteret o.l.

Det er nødvendig med ei endring av føretaksregisterforskrifta og einingsregisterlova for å gjennomføre krava i direktivet.

I høyringsnotatet vart det føreslått å regulere at det er høve til å få elektronisk kopi av dei elektronisk lagra dokumenta. Kostnader ved å få ein elektronisk kopi eller ein papirkopi skulle ikkje vere høgare enn administrasjonskostnadene, jf. artikkel 3 nr. 3 i direktivet.

Det går elles fram av artikkel 3 nr. 3 i direktivet at medlemsstatane kan bestemme at dokument som er leverte inn på papir seinast 31. desember 2006, ikkje skal vere å få elektronisk dersom det er gått eit visst tidsrom mellom den datoen då dei vart innleverte, og dato for innlevering av søknad til registeret. Dette tidsrommet kan ikkje vere kortare enn ti år.

I høyringsnotatet vart det føreslått at retten til å få elektronisk kopi av lagra dokument skulle avgrensast til dokument som er sende inn etter 1. januar 1997. Dokument før den tid er lagra på mikrofilm.

3.3.3 Høyringsinstansane sitt syn

Ingen av høyringsinstansane har kommentert forslaget.

3.3.4 Departementet si vurdering

Nærings- og handelsdepartementet går, i tråd med forslaget, inn for at einingsregisterlova § 22 andre ledd blir endra slik at det går fram at det er høve til å få elektroniske kopiar av dei elektronisk lagra dokumenta. Tilsvarande klargjering vil bli tatt inn i føretaksregisterforskrifta § 12 første ledd. Kostnader ved å få ein elektronisk kopi eller ein papirkopi skal ikkje vere høgare enn formidlingskostnadene. Retten til å få elektronisk kopi av lagra dokument blir avgrensa til dokument som er sende inn etter 1. januar 1997.

3.4 Elektronisk stadfesting av elektronisk kopi frå registra

3.4.1 Direktivet

Etter direktivet, artikkel 3 nr. 3 siste ledd, skal det nyttast i det minste éin avansert elektronisk signatur dersom det blir gjort ei stadfesting ved avlevering av elektroniske dokumentkopiar. Definisjonen på ein avansert elektronisk signatur går fram av lov 15. juni 2001 nr. 81 om elektronisk signatur § 3 nr. 2.

3.4.2 Forslag i høyringsnotatet

I høyringsnotatet vart det føreslått å ta inn rett til elektronisk stadfesting av elektroniske kopiar i føretaksregisterforskrifta § 12, einingsregisterlova § 22 og rekneskapsregisterforskrifta § 3-1.

I utkast til lovtekst vart ikkje nemninga «avansert elektronisk signatur» brukt. Det vart i staden føreslått ei formulering med innhaldsmessige krav til den elektroniske stadfestinga som samsvarer med innhaldet i ein avansert elektronisk signatur. Den elektroniske stadfestinga måtte vere eigna til å autentisere avsendar og innhaldet i dokumentet. Det skal då vere mogleg å identifisere avsendar, og dataintegriteten skal sikrast. Dette er i tråd med dei formuleringane i lovteksten som vart valde i eRegel-prosjektet, jf. Ot.prp. nr. 108 (2000–2001).

3.4.3 Høyringsinstansane sitt syn

Finansnæringens Hovedorganisasjon og Sparebankforeningen påpeikar at omgrepet "autentisering" i utkast til lovtekst knyter seg til identifisering av avsendar og ikkje til innhaldet i eit dokument, og at lovteksten heller bør lyde:

«Utsendelse av elektroniske dokumenter skal skje ved hjelp av en metode for å autentisere avsender og sikre dokumentet mot endring, dersom rekvirenten ber om det».

3.4.4 Departementet si vurdering

Nærings- og handelsdepartementet går, i tråd med forslaget, inn for å ta inn ein rett til å få elektronisk stadfesta elektroniske kopiar i einingsregisterlova § 22. Tilsvarande rett vil bli tatt inn i føretaksregisterforskrifta § 12 og rekneskapsregisterforskrifta § 3-1.

I tråd med merknader i høyringsrunden, føreslår vi ein lovtekst der det går fram at det skal nyttast ein metode som sikrar autentisering av avsendar og sikrar dokumentet mot endring.

3.5 Registrering og kunngjering av omsette selskapsopplysningar

3.5.1 Direktivet

Etter artikkel 3a nr. 1 i direktivet skal dokument og opplysningar som blir offentleggjorde etter artikkel 2, opprettast og leverast inn på norsk. Etter artikkel 3a nr. 2 i direktivet skal det i tillegg til den nemnde obligatoriske offentleggjeringa på norsk tillatast at dokument og opplysningar som er nemnde i artikkel 2, frivillig blir offentleggjorde på det språket ein ønskjer av dei offisielle språka til Fellesskapet, når eit selskap krev det i samsvar med artikkel 3. Etter artikkel 3a nr. 3 kan det elles tillatast frivillig offentleggjering på alle andre språk. Det kan innførast krav om at omsetjinga av dokument og opplysningar som frivillig blir kunngjorde etter artikkel 3a nr. 2 og 3, skal vere stadfesta. Det går elles fram av artikkel 3a nr. 2 tredje ledd at medlemsstatane skal treffe nødvendige tiltak for å lette tredjepersons tilgang til omsetjingar som er offentleggjorde frivillig.

Verknaden i forhold til tredjeperson av at det er offentleggjort slike omsetjingar, er regulert i artikkel 3a nr. 4 i direktivet og lyder slik:

«I tilfelle av manglende samsvar mellom dokumenter og opplysninger offentliggjort på registerets offisielle språk og oversettelsen som er offentliggjort frivillig, kan sistnevnte ikke påberopes overfor tredjemann. Tredjemann kan derimot påberope seg oversettelser som er offentliggjort frivillig, med mindre selskapet godtgjør at tredjemann kjente til den versjonen som er gjenstand for obligatorisk offentliggjøring.»

3.5.2 Forslag i høyringsnotatet

Etter norsk regelverk i dag er det ikkje mogleg å registrere selskapsopplysningar på andre språk enn norsk. Det har vorte tillate å leggje omsette versjonar av registrerte opplysningar, som for eksempel årsrekneskap på engelsk, i mappa til føretaka i registeret. Men slike omsetjingar har ikkje vore registrerte formelt og har heller ikkje vore kunngjorde.

I høyringsnotatet vart det, i samsvar med krav i direktivet, føreslått at ein skulle etablere ein rett for selskap med avgrensa ansvar til frivillig registrering og kunngjering av omsetjingar til alle språk i Fellesskapet, i første ledd i ny § 6-3 i føretaksregisterlova.

Verknaden i forhold til tredjeperson av at det er offentleggjort omsetjingar, er regulert i direktivet, artikkel 3a nr. 4. Føresegna vernar utanforståande tredjeperson ved manglande samsvar mellom omsetjingane og dei norskregistrerte opplysningane. Føresegna inneber at tredjeperson skal kunne stole på det han eller ho les, og at han/ho skal kunne leggje til grunn dei norskregistrerte opplysningane som er offentleggjorde. Tredjeperson som berre kjenner den offentleggjorde omsetjinga, skal likevel kunne vise til denne. Selskapet har bevisbyrda for å godtgjere at tredjeperson eventuelt kjende til dei norskregistrerte opplysningane. I høyringsnotatet vart det føreslått at ein skulle ta dette inn i den nye lovføresegna i føretaksregisterlova.

I høyringsnotatet vart det påpeika at Føretaksregisteret sin kontroll er avgrensa til dei norske dokumenta som kjem inn til registrering, jf. føretaksregisterlova § 5-1. Registrering og kunngjering av omsetjingar skal ytast som ein service til selskap som ønskjer dette. Selskapet skal altså ha ansvaret for at innhaldet i omsetjingane er i samsvar med dei norskregistrerte opplysningar til kvar tid.

Det vart vidare føreslått at omsetjingar som ein ønskjer å offentleggjere, skal førast inn på vanleg måte i registeret. Det offentlege vil ikkje stille krav om at omsetjingane er stadfesta av autorisert translatør, sjølv om direktivet opnar for dette. Det er i selskapet si eigeninteresse å ha korrekte omsetjingar fordi selskapet sjølv har ansvaret. Selskapet må såleis vurdere om det vil bere kostnadene i samband med autorisert translatør.

Direktivet gir ikkje konkret tilvising om korleis ein skal offentleggjere omsetjingar. I høyringsnotatet vart det føreslått at omsetjingar skal offentleggjerast samtidig med den obligatoriske kunngjeringa av dei norskregistrerte opplysningane. Det vil gi best oversikt.

3.5.3 Høyringsinstansane sitt syn

Næringslivets Hovudorganisasjon uttalar:

«NHO ber om at departementet sørger for at Foretaksregisteret gir enhver som benytter seg av muligheten for offentliggjøring på annet språk en norsk, tydelig opplysning om at selskapene risikerer ansvar overfor tredjemann ved manglende språklig samsvar mellom opplysningene i norsk og utenlandsk versjon. »

Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening uttalar:

«Selv om rådsdirektivet er begrenset til å omfatte selskaper med begrenset ansvar, merker vi oss at de fleste av dets plikter foreslås gjeldende for andre organisasjonsformer. Hva angår retten til å få registrert og kunngjort oversatte selskapsopplysninger, finner vi det således berettiget at dette også får anvendelse for øvrige registreringspliktige allerede nå.»

Ingen av høyringsinstansane har elles kommentert forslaget.

3.5.4 Departementet si vurdering

Nærings- og handelsdepartementet går, i tråd med forslaget i høyringsnotatet, inn for å sikre ein rett til frivillig registrering og kunngjering av omsetjingar til alle språk for aksjeselskap og allmennaksjeselskap i Fellesskapet i ny § 6-3 i føretaksregisterlova. Det kan vere aktuelt frå eit seinare tidspunkt å utvide tilbodet til i praksis også å gjelde andre organisasjonsformer. Selskapa sitt ansvar for at innhaldet i omsetjingane er i samsvar med dei norskregistrerte opplysningane går fram i lovteksten. Departementet vil i samråd med Brønnøysundregistra sikre at selskapa får tilstrekkeleg informasjon om sitt ansvar.

Krava i endringsdirektivet omfattar også rett til registrering og kunngjering av omsette opplysningar i Rekneskapsregisteret.

Etter vår vurdering må denne retten også gå fram av regelverket. Etter rekneskapslova § 8-2 fjerde ledd andre punktum, kan det fastsetjast nærare reglar om innsending til Rekneskapsregisteret. Finansdepartementet vurderer denne føresegna til å gje heimel til å fastsetje forskrift om rett til frivillig innsending av omsette rekneskapsdokument til Rekneskapsregisteret, men peikar på at det kan vere tenleg, særleg med omsyn til den særskilte ansvarsregelen, å ha føresegna i lova.

Vi føreslår derfor eit nytt femte ledd i rekneskapslova § 8-2 som viser til føretaksregisterlova ny § 6-3.

3.6 Dokumentopplysningsplikt for næringsdrivande

3.6.1 Direktivet

Det går fram av direktivet artikkel 4 tredje ledd og tiande ledd i fortalen at dokumentopplysningsplikta blir utvida til å gjelde for brev og bestillingsblankettar uavhengig av kva for medium dei finst på, og for heimesider. Kravet inneber at obligatoriske opplysningar om selskapet også skal gå fram i m.a. elektroniske dokument, i tillegg til heimesidene til føretaket.

3.6.2 Forslag i høyringsnotatet

Dagens dokumentopplysningsplikt i føretaksregisterlova og einingsregisterlova byggjer på selskapsrettsdirektiva. Etter føretaksregisterlova § 10-2 første ledd inneber plikta at føretaka skal gi opp namn og organisasjonsnummer, og eventuelt nemninga MVA på brev, kunngjeringar og andre dokument. Etter føretaksregisterlova § 10-2 andre ledd skal ytterlegare tilleggsopplysningar takast med for aksjeselskap og allmennaksjeselskap. Dei som ikkje rettar seg etter denne plikta, blir sanksjonerte med tvangsmulkt.

I høyringsnotatet vart det føreslått å gjere dokumentopplysningsplikta i føretaksregisterlova § 10-2 første og andre ledd teknologinøytral, i samsvar med krava i direktivet.

Føretaksregisterlova og einingsregisterlova har i dag ulike formuleringar av kva for dokument dokumentopplysningsplikta omfattar. Føretaksregisterlova bruker «brev, kunngjøringer og andre dokumenter», mens einingsregisterlova har uttrykket «brev og forretningsdokumenter».

I samband med endringar i einingsregisterlova i 2004 (Ot.prp. nr. 80 (2003–2004) varsla departementet at ein ville kome tilbake til spørsmålet om å samordne formuleringane i føretaksregisterlova og einingsregisterlova i samband med oppfølginga av endringsdirektivet til første selskapsrettsdirektiv.

Høyringsnotatet peika på at formuleringa i føretaksregisterlova, «brev, kunngjøringer og andre dokumenter», og formuleringa «brev og forretningsdokumenter» i einingsregisterlova ikkje har noko eintydig innhald. I første selskapsrettsdirektiv (68/151/EØF) og i endringsdirektivet (2003/58/EF) bruker ein det noko meir presise utrykket «letters and order forms», på norsk omsett til «brev og bestillingsblanketter». I den danske omsetjinga er uttrykket omsett til «breve og bestillingssedler». I det danske forslaget til gjennomføring av endringsdirektivet bruker ein elles uttrykket «breve og forretningspapirer».

I høyringsnotatet vart det føreslått å endre dokumentopplysningsplikta i føretaksregisterlova § 10-2 til å omfatte «brev og forretningsdokumenter», i tråd med den løysinga som er vald i einingsregisterlova. Det vart vurdert slik at behovet for dokumentopplysningar er størst der føretaket tek på seg plikter i ulike typar bestillingsdokument, pakksetlar, ordrestadfestingar o.l., og på fakturadokument o.l. Formuleringa «brev og forretningsdokumenter» vil dekkje alle desse dokumenttypane og krava i direktivet.

Vi føreslo elles å stryke føretaksregisterlova § 10-2 andre ledd andre punktum om at den «tegnede og innbetalte kapital» skal givast opp, sidan dette er ei løysing som berre var mogleg etter den gamle aksjelova 4. juni 1976 nr. 59 § 2-9 tredje ledd andre punktum, jf. Ot.prp. nr. 73 (1991–1992) s. 15.

3.6.3 Høyringsinstansane sitt syn

Finansnæringens Hovedorganisasjon og Sparebankforeningen påpeikar i felles høyringssvar:

«Det blir stadig flere steder i lovverket hvor det stilles krav til hvilken informasjon som skal legges ut på bedrifters hjemmesider når det gjelder firmanavn, organisasjonsnummer, hvor bedriften er registrert og så videre. For uten i foreliggende lovforslag er det allerede slike krav både i angrerettloven §§ 7 og 7 a og ehandelsloven § 8. De to foreninger antar det lett kan bli uoversiktlig for bedriftene når ’lister’ med slike informasjonskrav spres i lovgivningen og disse heller ikke alltid er fullt ut ’samstemte’ mht hvilke opplysninger som kreves.»

Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon meiner krava til dokumentopplysningsplikta ikkje bør gå lenger enn til uttrykket «letters and order forms» i selskapsrettsdirektivet, og at ordet «forretningsdokumenter» bør presiserast nærmare slik at det går fram at ikkje alle typar korrespondanse blir omfatta av kravet.

NARF peikar på at det er enkelte utfordringar knytt til det å gjere dokumentopplysningsplikta teknologinøytral. Dei uttalar:

«Ut fra det gjengitte er vi usikre på om dokumentopplysningsplikten skal gjelde for alle typer e-post, eller kun der e-posten i seg selv er å anse som et – pr. definisjon – brev eller forretningsdokument (alternativ: ordredokument).»

Næringslivets Hovudorganisasjon uttalar:

«NHO støtter forslaget om å endre foretaksregisterloven § 10-2 slik at dokumentopplysningsplikten gjøres teknologinøytral i samsvar med direktivets krav.

Vi mener imidlertid at forslaget om å endre foretaksregisterloven § 10-2 slik at den omfatter «brev og forretningsdokumenter» går for langt i forhold til formuleringene som finnes i direktivene dokumentopplysningskravene bygger på. Vi viser i denne sammenheng til bemerkningene i vår høringsuttalelse forut for Ot.prp. nr. 80 (2003-2004) – som er inntatt i høringsnotatet pkt. 3.7, og som vi fortsatt står ved.

NHO mener begrepet «forretningsdokumenter» er for omfattende og uklart, og at plikten derved strekkes lengre enn det er grunn til. Vi minner i denne sammenheng om at det er knyttet alvorlige rettsvirkninger til brudd på dokumentopplysningsplikten – tvangsmulkt – og at det således er grunn til å benytte et presist og snevrere begrep.

NHO mener dokumentopplysningsplikten bør knyttes til brev og ordredokumenter, og at det i forarbeidene bør angis hva som menes med dette. Behovet for dokumentopplysninger er størst der foretaket påtar seg forpliktelser, og bør begrenses til dokumenter av denne typen. Begrepet «forretningsdokumenter» vil lett oppfattes å dekke også andre dokumenter, så som reklamemateriell og andre dokumenter av mer generell karakter.

Dersom begrepet «forretningsdokumenter» benyttes, bør det klart fremgå av forarbeidene at begrepet kun er ment å dekke dokumenter som stifter rettigheter, så som bestillingsdokumenter, pakksedler og ordrebekreft-elser.»

3.6.4 Departementet si vurdering

Nærings- og handelsdepartementet går, i tråd med forslaget i høyringsnotatet, inn for at dokumentopplysningsplikta i føretaksregisterlova § 10- 2 første og andre ledd og i einingsregisterlova § 23 skal gjelde for dei aktuelle opplysningane, uavhengig av kva for medium dei finst på, og for heimesider, i samsvar med krav i direktivet. Det er ikkje kome merknader frå høyringsinstansane på dette.

Dokumentopplysningsplikta vil gjelde når det reelle innhaldet er (tilsvarande) eit brev eller forretningsdokument. Det vil seie at for eksempel for e-post vil plikta til å gi desse opplysningane avhenge av om innhaldet er eit formelt brev eller forretningsdokument. Ein e-post som berre oversender eit vedlagt brev, treng ikkje ha slik informasjon.

Vi går inn for å bruke uttrykket «forretningsdokumenter» i lovteksten, i tråd med forslag i høyringsnotatet, slik at formuleringa blir språkleg samordna med einingsregisterlova § 23. Som peika på i høyringsnotatet, vil behovet for dokumentopplysningar vere størst der føretaket tek på seg plikter, i ulike typar bestillingsdokument, pakksetlar, ordrestadfestingar o.a., og på fakturadokument o.l. Det er i all hovudsak desse typene dokument som er omfatta av dokumentopplysningsplikta. Utsendingar av reklame og kundemateriell og dokument av meir generell karakter som ikkje er meint å gi/etablere rettskrav, fell utanfor.

I tråd med forslag i høyringsnotatet, føreslår vi å stryke føretaksregisterlova § 10-2 andre ledd andre punktum om at den «tegnede og innbetalte kapital» skal givast opp.

Merknadene frå Finansnæringens Hovedorganisasjon og Sparebankforeningen gjeld kva for opplysningar som skal omfattast av plikta.

Vi er einige i at like krav til opplysningar bør formulerast likt i ulike regelverk.

Føresegnene i føretaksregisterlova og einingsregisterlova regulerer den generelle dokumentopplysningsplikta for næringsdrivande. Sjølv om angrerettlova §§ 7 og 7a og ehandelslova § 8 stiller til dels samanfallende krav til opplysningar, m.a. om namn og organisasjonsnummer, krev dei også ei rekkje andre opplysningar. Det har samanheng med at dette er særreguleringar av spesielle situasjonar. Angrerettlova §§ 7 og 7a skal verne forbrukaren i forkant av at det blir inngått avtale, og ved fjernsal. Ehandellova regulerer handel på nett. Føresegnene har eit anna bruksområde og formål enn den generelle dokumentopplysningsplikta i føretaksregisterlova og einingsregisterlova, og kjem i tillegg til den.

Til forsida