Ot.prp. nr. 7 (2004-2005)

Om lov om endringar i folketrygdlova (rett til lønnskompensasjon under fedrekvoten basert på eiga opptening)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for endringsforslaget

2.1 Om fedrekvoten. Gjeldande rett

Fedrekvoten inneber at fire veker av stønadsperioden ved fødsel eller adopsjon er reservert for far. Som hovudregel fell vekene bort dersom far ikkje nyttar seg av dei.

Retten til fedrekvote blei innført med verknad frå 1. april 1993, jf. Ot.prp.nr. 13 (1992-93). Siktemålet var å få fleire fedrar til å ta aktivt del i omsorga i det første leveåret til barnet. Reglane om fedrekvote er seinare endra fleire gonger, siste gongen i Ot.prp. nr. 52 (1999-2000) om sjølvstendig oppteningsrett til fødsels- og adopsjonspengar for fedrar.

Heilt sidan 1977 har fedrar hatt høve til å dele fødsels- og adopsjonspengeperioden med mødrene. Det var få som nytta seg av dette høvet; berre 2-3 prosent av fedrane tok ut fødsels- og adopsjonspengar i byrjinga av 1990-åra. Innføringa av fedrekvoten førte til ein sterk auke i uttak av fødselspengar frå fedrar, og den delen av fedrane som nyttar fedrekvoten, har auka gradvis sidan 1993. I 2003 var det nær 90 prosent av dei fedrane som hadde rett til fedrekvote, som nytta seg av denne retten.

Reglane om fedrekvote er gitt i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdlova) kap. 14, i § 14-10 når det gjeld fødselspengar og i § 14-19 når det gjeld adopsjonspengar.

Det følgjer av folketrygdlova § 14-10 første ledd at det er ein føresetnad for rett til fedrekvote at både mor og far fyller vilkåra for rett til fødselspengar. I tillegg er det eit vilkår at mor i si oppteningstid har hatt ein yrkesaktivitet som har svart til minst halv stilling. Far sin rett til fedrekvote er altså avhengig av yrkesaktiviteten til mor før fødselen.

Lønnskompensasjonen for far under fedrekvoten blir rekna ut med utgangspunkt i inntekta hans etter reglane i folketrygdlova § 14-5 første ledd, jf. kap. 8. Men i samsvar med folketrygdlova § 14-10 andre ledd blir fødselspengane til far rekna ut i forhold til kor stor stillingsdel mor hadde i oppteningstida. Dette gjeld dersom mor arbeidde mellom 50 og 75 prosent stilling før fødselen. Dersom mor til dømes arbeidde 50 prosent stilling før fødselen, har far rett til lønnskompensasjon under fedrekvoten tilsvarande 50 prosent av si inntekt. Alternativt kan lengda av fedrekvoten avkortast tilsvarande, jf. folketrygdlova § 14-10 andre ledd tredje og fjerde punktum. Dette betyr at i eit tilfelle der mor har arbeidd 50 prosent stilling, kan far forkorte fedrekvoten og ta ut fulle fødselspengar i to veker. Den totale stønadsperioden blir då forkorta like lenge.

Dersom mor har arbeidd minst 75 prosent av full arbeidstid, får far fødselspengar rekna ut i forhold til sin eigen stillingsdel, jf. folketrygdlova § 14-10 andre ledd andre punktum. Arbeidde mor til dømes tilsvarande 80 prosent stilling før fødselen, gir dette ingen avgrensingar når det gjeld far sin rett til lønnskompensasjon under fedrekvoten. Denne regelen tok til å gjelde frå 1. juli 2000 i samband med innføringa av sjølvstendig oppteningsrett til fødsels- og adopsjonspengar for fedrar (Ot.prp. nr. 52 (1999-2000)).

Tilsvarande gjeld ved adopsjon etter folketrygdlova § 14-19.

Barne- og familiedepartementet har sendt ut eit høyringsnotat med forslag til forenklingar i regelverket for fødsels- og adopsjonspengar. Høyringsnotatet inneheld mellom anna forslag som gjeld fedrekvoten. Det blir foreslått at fedrekvoten skal kunne takast ut i dei første seks vekene etter fødselen, at det skal bli mogleg å inkludere fedrekvoten i ei ordning med fleksibelt uttak av fødsels- og adopsjonspengar, og at høvet til å gi dispensasjon i forhold til fedrekvoten skal snevrast inn.

2.2 St.meld. nr. 29 (2002-2003) Om familien - forpliktende samliv og foreldreskap

I St.meld. nr. 29 (2002-2003) Om familien - forpliktende samliv og foreldreskap blei det skissert forslag til endringar på fødsels- og adopsjonspengeområdet. Forslaga byggjer på likestilling av foreldra som omsorgspersonar, og vil gi valfridom for familien og eit enklare regelverk. Som ei langsiktig målsetjing blei det skissert ei likestilt fødselspengeordning der kvar av foreldra får rett til fødselspengar på basis av eiga opptening, uavhengig av kva tilpassingar den andre gjer både før og etter fødselen.

Forslaget om at fedrar som i dag kjem inn under ordninga med fedrekvote, skal få rett til fødselspengar under fedrekvoten basert på eigen stillingsdel, blei lagt fram som første steg i retning av ei meir likestilt fødselspengeordning. Det blei understreka at ei slik endring vil gi eit enklare regelverk og vere særleg viktig å gjennomføre før fedrekvoten blir utvida.

Som neste steg blei det foreslått at alle fedrar skal få rett til fødselspermisjon i fire veker basert på eiga opptening. På lengre sikt, etter at sjølvstendig oppteningsrett til fire vekers fødselspermisjon er gjennomført, blei det foreslått å arbeide for å utvide fedrekvoten i form av ei forlenging av den samla permisjonstida.

2.3 Innst. S. nr. 53 (2003-2004)

Ved behandlinga av St.meld. nr. 29 (2002-2003) uttalte komiteen (jf. Innst. S. nr. 53 (2003-2004)):

«Komiteen har merket seg at Regjeringen vil prioritere at de fedre som i dag får fedrekvoten, skal få lønnskompensasjon basert på egen opptjening. Komiteen slutter seg til dette.»