Ot.prp. nr. 7 (2004-2005)

Om lov om endringar i folketrygdlova (rett til lønnskompensasjon under fedrekvoten basert på eiga opptening)

Til innhaldsliste

5 Merknader til dei einskilde paragrafane

Til §14-10

Føresegna gjeld fedrekvoten knytt til fødselspengar. Regelen om at far under fedrekvoten får fødselspengar rekna ut ut frå mor sin stillingsdel i oppteningstida, står i noverande andre ledd i føresegna.

Forslaget om å innføre rett til lønnskompensasjon under fedrekvoten basert på eiga opptening føreset at det noverande andre ledd første punktum i føresegna fell bort. Det same gjeld reglane i noverande andre ledd andre til fjerde punktum, som modifiserer den nogjeldande hovudregelen i første punktum. Etter noverande andre punktum har far rett til fødselspengar rekna ut etter eiga opptening dersom mor har hatt ein stillingsdel som har utgjort minst 75 prosent av full arbeidstid. Noverande tredje og fjerde punktum i føresegna gir far rett til å komprimere fedrekvoten for å få fulle fødselspengar over ein kortare periode. Ingen av desse reglane blir relevante når far får rett til lønnskompensasjon basert på eiga opptening under heile fedrekvoten.

Innføring av rett til lønnskompensasjon under fedrekvoten basert på eiga opptening fører såleis til at noverande andre ledd i føresegna kan fjernast. Noverande tredje til sjuande ledd blir nytt andre til sjette ledd.

Forslaget inneber ingen endringar i dei vilkåra som må vere oppfylte for at fedrar skal ha rett til fedrekvote. For å få rett til fedrekvote må framleis både far og mor har opptent rett til fødsels- og adopsjonspengar, og mor må ha hatt ein yrkesaktivitet i oppteningstida som minst har svart til halv stilling, jf. folketrygdlova § 14-10 første ledd.

Forslaget fører heller ikkje til endringar i inntektsgrunnlaget for lønnskompensasjonen til far under fedrekvoten. Det skal som i dag følgje av folketrygdlova § 14-5.

Til § 14-19

Føresegna gjeld fedrekvoten knytt til adopsjonspengar. Innføring av rett til lønnskompensasjon under fedrekvoten basert på eiga opptening fører til at noverande andre ledd i føresegna fell bort. Noverande tredje til sjuande ledd blir nytt andre til sjette ledd.

Vi viser til merknadene til folketrygdlova § 14-10, som vil gjelde tilsvarande her. Når det dreier seg om adopsjonspengar, vil utrekninga av lønnskompensasjon til far under fedrekvoten følgje av folketrygdlova § 14-15 jf. § 14-5.