Ot.prp. nr. 7 (2004-2005)

Om lov om endringar i folketrygdlova (rett til lønnskompensasjon under fedrekvoten basert på eiga opptening)

Til innhaldsliste

4 Økonomiske og administrative konsekvensar

I St.prp. nr. 1 (2004-2005) er dei økonomiske konsekvensane av forslaget rekna ut til 5,5 mill. kroner i 2005, som ein førsteårseffekt knytt til auka utgifter for folketrygda. Heilårseffekten reknar ein med blir på om lag 25 mill. kroner (RTV, 2004).

Ein reknar ikkje med at forslaget fører med seg nemnande administrative meirkostnader.