Ot.prp. nr. 7 (2004-2005)

Om lov om endringar i folketrygdlova (rett til lønnskompensasjon under fedrekvoten basert på eiga opptening)

Til innhaldsliste

3 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet viser til at siktemålet med forslaget er å styrkje fedrane sine rettar ved at lønnskompensasjonen til far under fedrekvoten blir rekna ut ut frå hans eiga opptening. Det inneber at utrekninga av fødselspengane til far under fedrekvoten ikkje lenger blir knytt til den stillingsdelen mor hadde før fødselen. Lønnskompensasjonen til far blir ikkje lenger redusert dersom mor har arbeidd 50-75 prosent stilling. Familien vil dermed ikkje tape økonomisk under fedrekvoten på at mor arbeidde deltid mellom 50 og 75 prosent stilling før fødselen. Forslaget sikrar far lønnskompensasjon under heile fedrekvoten basert på eiga opptening. Det nogjeldande alternativet om at ein kan velje ureduserte fødselspengar mot å forkorte fedrekvoten, vil dermed ikkje lenger vere aktuelt.

Forslaget omfattar ikkje endringar i vilkåra for rett til fedrekvote. Vilkåra vil som i dag vere knytt til at både mor og far har opptent rett til fødselspengar, og at mor har hatt ein yrkesaktivitet tilsvarande minst halv stilling i oppteningstida, jf. folketrygdlova § 14-10 første ledd. Forslaget fører ikkje til at fleire fedrar enn i dag vil ha rett til fedrekvote, men sikrar ein betre lønnskompensasjon under fedrekvoten for familiar der mor har arbeidd deltid før fødselen. Forslaget vil venteleg føre til at endå fleire fedrar enn i dag kjem til å ta ut fedrekvoten, og vil gi eit enklare regelverk.

Tilsvarande gjeld for fedrekvoten knytt til adopsjonspengar etter folketrygdlova § 14-19 andre ledd.

Departementet foreslår at § 14-10 andre ledd og § 14-19 andre ledd blir oppheva. Tilvisingane til dei nemnde føresegnene i §§ 14-8 og 14-17 blir endra tilsvarande.