St.prp. nr. 76 (2000-2001)

Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

3 Programkategori 21.20 Luftfartsformål

Kap. 1310 Flytransport

Post 70 Godtgjering for innanlandske flyruter

Flyselskapet Braathens ASA kunngjorde 15. november 2000 at det ville leggje ned flyrutetilbodet mellom Oslo og Røros frå 2. januar 2001.

Samferdselsdepartementet vurderte den totale transportsituasjonen for Røros-området - med og utan flyrutetilbod - og fann etter ei samla vurdering at staten framleis burde ta ansvar for eit flyrutetilbod på Røros med ein kapasitet tilpassa behova. Vurderingane var m.a. baserte på den rolla flyrutetilbodet speler for den viktige turist- og hotellnæringa på Røros og satsinga dei siste åra på utbygging av hotell- og konferansefasilitetar. Denne næringa er viktig for sysselsetjing og verdiskaping på Røros og i området rundt.

Flyselskapet Danish Air Transport blei på bakgrunn av dei nemnde vurderingane og etter ein tilbodskonkurranse der fleire selskap deltok, tildelt mellombels kontrakt for å fly mellom Oslo og Røros fram til rutedrift etter ordinært anbod kan starte 1. august 2001. Det statlege tilskotet til Røros-ruta fram til 1. august 2001 svarer til 5,2 mill. kr på årsbasis. Kontrakt for drift av ruta etter 1. august 2001 vil bli inngått etter anbodskonkurranse i samsvar med EØS-regelverket. Tildeling av kontrakt vil tidlegast skje 20. juni 2001.

Det blir gjort framlegg om å auke kap. 1310, post 70, med 5,2 mill. kr. Når det gjeld forslag til vedtak, viser departementet til Finansdepartementets proposisjon i samband med revidert nasjonalbudsjett 2001. Ein vil kome tilbake til Stortinget dersom det etter anbodskonkurransen blir behov for justeringar av budsjettet for 2001.

Kap. 1313 Luftfartstilsynet (jf. kap. 4313)

Bemanninga i Luftfartstilsynet

Samferdselsdepartementet orienterte i St.prp. nr. 1 (2000-2001), side 44, om at bemanninga i Luftfartstilsynet ville bli nærare vurdert.

Gjennom vinteren 2000/2001 har Luftfartstilsynet overfor departementet gjort nærare greie for korleis etaten ser for seg den vidare utviklinga av bemanninga, særleg i samband med etablering av nye tilsynsområde. Luftfartstilsynet viser til at i den fasen etaten er no, har tilførsel av kompetanse styrkt m.a. det operative tilsynet. Vidare har etaten starta oppbygging av kompetanse innafor nye tilsynsområde som flysikringssystem, «security» og tilsyn med småflyverksemda. Luftfartstilsynet meiner det vil vere nødvendig å auke bemanninga frå 140 til 155 årsverk totalt for å kunne dekkje alle dei pålagde tilsynsoppgåvene og for å kunne halde høg standard med omsyn til kvalitet, effektivitet og servicenivå. Luftfartstilsynet opplyser at heile organisasjonen i 2001 vil bli gjennomgått med tanke på effektiv bruk av eksisterande ressursar.

Samferdselsdepartementet legg vekt på at Luftfartstilsynet skal utføre oppgåvene sine med høg kompetanse og kvalitet, samstundes som verksemda skal vere effektiv. Etter departementet sitt syn er det viktig at verksemda skal omfatte også alle dei planlagde nye tilsynsområda. I samband med dette vil departementet framheve at Luftfartstilsynet har ansvar for å ha ei optimal organisering og ressursutnytting mellom dei ulike avdelingane og seksjonane.

Departementet legg til grunn at ei eventuell utviding av bemanninga ut over dei 140 årsverka etaten har i dag, må sjåast i samanheng med føresetnaden om effektiv ressursutnytting. I framlegget til statsbudsjett for 2002 vil departementet ta endeleg stilling til bemanninga i Luftfartstilsynet og til eventuelle produktivitetskrav til verksemda.

Kap. 2450 Luftfartsverket (jf. kap. 5450)

Tabell 3.1 (i 1 000 kr)

Post/underpostVedteke budsjett 2001Revidert forslag 2001Endring i pst.
24.1Driftsinntekter, stamrutenett-2 401 900-2 405 6000,2
24.2Driftsinntekter, regionale lufthamner-219 300-212 300-3,2
24.3Frå reguleringsfondet-76 900-81 2005,6
Inntekter i alt-2 698 100-2 699 1000,0
24.4Driftsutgifter, overslagsløyving1 622 3001 692 0004,3
24.5Driftsutgifter regionale lufthamner, overslagsløyving206 700209 0001,1
24.6Avskrivingar360 000335 900-6,7
24.7Renter av statens kapital35 10035 100
24.8Til investeringsformål340 000314 100-7,6
Utgifter i alt2 564 1002 586 1000,9
24Driftsresultat-134 000-113 000-15,7
30Flyplassanlegg, kan overførast700 000650 000-7,1
Sum kap. 2450566 000537 000-5,1

Når det gjeld forslag til vedtak på kap. 2450 Luftfartsverket og kap. 5450 Luftfartsverket, viser departementet til Finansdepartementets proposisjon i samband med revidert nasjonalbudsjett.

Post 24 Driftsresultat

Utviklinga i luftfarten etter framlegget av budsjettet for Luftfartsverket sist haust har vist ytterlegare reduksjon i faktisk og venta etterspørsel etter Luftfartsverkets tenester, og dermed reduserte trafikkinntekter. I den samanhengen er det viktig å vere merksam på at inntektene frå flygingane på Oslo Lufthavn, Gardermoen, ikkje inngår i Luftfartsverkets rekneskap anna enn gjennom avkastinga frå Oslo Lufthavn AS.

I forhold til St.prp. nr. 1 (2000-2001) reknar Luftfartsverket med ein samla reduksjon i trafikkinntektene på stamrutenettet og dei regionale lufthamnene på om lag 42,6 mill. kr i 2001. Dette inkluderer m.a. konsekvensane av ruteendringane Braathens ASA gjorde ved årsskiftet 2000/2001. Denne svikten i inntektene vil delvis bli kompensert ved ein auke i avkastinga frå Oslo Lufthavn AS på 39,3 mill. kr, frå 200 mill. kr til 239,3 mill. kr. Det blir vidare foreslått at trekket på Luftfartsverkets reguleringsfond blir auka med 4,3 mill. kr, frå 76,9 mill. kr til 81,2 mill. kr. Det må understrekast at det framleis er stor uvisse knytt til trafikkutviklinga utover i 2001 og dermed også til driftsinntektene for Luftfartsverket. Dette kjem m.a. av omlegginga av dei fiskale flyavgiftene frå 1. april 2001.

Frå og med 2001 vil Luftfartsverkets driftskostnader auke med 43,8 mill. kr pr. år som følgje av Luftfartsverkets planlagde overtaking av plass-, brann- og redningstenesta på Værnes og Banak, som konsekvens av implementering av rammeavtalen med Forsvaret om den økonomiske driftsansvarsfordelinga for flyplassar med både sivil og militær verksemd. Det er lagt inn utgifter knytt til lønnsoppgjøret for 2001 på 13 mill. kr og auka pensjonsutgifter på 13 mill. kr. I tillegg er det lagt inn 21 mill. kr i auka kostnader for Luftfartsverket som halvårseffekt av den vedtekne omlegginga av meirverdiavgiftssystemet frå 1. juli 2001.

Luftfartsverket har redusert driftsutgiftene på andre område, noko som er rekna til om lag 18,8 mill. kr i 2001. Dette fører til at netto auke i driftsutgiftene i forhold til St.prp. nr. 1 (2000-2001) er 72 mill. kr. Driftsutgifter for stamrutelufthamnene og dei regionale lufthamnene aukar dermed frå 1 829 mill. kr til 1 901 mill. kr, dvs. 3,9 pst.

Av omsyn til utviklinga i Luftfartsverkets økonomi og auka kostnader i samband med innføring av meirverdiavgift på tenester, blir det gjort framlegg om at avkastingskravet frå Luftfartsverket blir redusert med 21 mill. kr.

Post 30 Flyplassanlegg

Som følgje av endringane i driftsinntekter og driftsutgifter, blir det gjort framlegg om å redusere investeringsramma i 2001 frå 700 mill. kr til 650 mill. kr. Dette er ein reduksjon på 7,1 pst. Det nye investeringsnivået fordeler seg med 520 mill. kr (mot tidlegare 536 mill. kr) til stamruteplassane og 130 mill. kr (mot tidlegare 164 mill. kr) til dei regionale lufthamnene.

Dei mest omfattande endringane i investeringane for stamrutelufthamnene gjeld desse prosjekta:

Stavanger lufthamn, Sola - utviding av ekspedisjonsbygg

Til og med 2000 var det løyvd til saman 54 mill. kr til planlegging, prosjektering og byggjestart. I samband med Stortingets handsaming av St.prp. nr. 1 (2000-2001) blei det løyvd 91,2 mill. kr til vidare prosjektering og planlegging. Utvidinga av ekspedisjonsbygget ved Stavanger lufthamn, Sola, har vore underlagt ekstern kvalitetssikring på grunn av at prosjektet har ei kostnadsramme på meir enn 500 mill. kr, jf. omtalen i St.prp. nr. 1 (2000-2001), og i Gul bok for 2000. Den utførte kvalitetssikringa gir ei i hovudsak positiv omtale av kvaliteten av og innhaldet i Luftfartsverkets gjennomførte planleggingsarbeid knytt til Sola-utbygginga. Kostnadsoverslaget er foreslått sett til 562,5 mill. kr, medrekna ein reserve for venta tillegg på 29 mill. kr. Den viktigaste tilrådinga frå kvalitetssikrarane gjeld metodikk for handtering av uvisse i eit slikt stort prosjekt.

På bakgrunn av kvalitetssikringa er kostnadsoverslaget no auka frå 556 mill. kr til 562,5 mill. kr.

Prosjektet blir no gjennomgått på nytt med sikte på reduserte totalkostnader, m.a. i lys av utviklinga i Luftfartsverkets økonomi. Det er derfor ei uvisse knytt til oppstartstidspunktet for utbygginga, men prosjektet er framleis høgt prioritert. Til vidare prosjektering i 2001 legg ein opp til å nytte om lag 20 mill. kr som blir overført frå 2000, i tillegg til 10 mill. kr som revidert løyving for 2001. Ein legg opp til at løyvinga for prosjektering og planlegging blir redusert frå 91,2 mill. kr til 10 mill. kr i 2001.

Utskifting av flykontrollsystema (NATCON), Sola, Flesland, Værnes, Bodø

Ved handsaminga av St.prp. nr. 1 (2000-2001) blei det løyvd 58 mill. kr til dette tiltaket. Investeringane vil i hovudsak gå med til å vidareføre innflygings- og kontrollsentralen i Stavanger, samt førebuande arbeid ved Flesland innflygingskontroll. Totalbudsjettet er basert på risikoanalysar knytte til uvissa i kostnadsoverslaga. Totalkostnadene er rekna til 298,4 mill. kr. For 2001 blir det foreslått å auke løyvinga til dette prosjektet til 76 mill. kr, inkl. 15 mill. kr i tryggleiksanalyse.

Isvarslingsanlegg

I samband med auka krav til banevedlikehald blir kjemikaliar (avisingsvæske) brukt som førebyggjande tiltak. For å optimalisere bruken av kjemikaliar av omsyn til verknadene på miljøet og økonomien, har det vore planlagt å installere isvarslingssystem (temperaturfølarar i rullebanen) på stamruteplassane. Det var tidlegare lagt opp til å starte installasjon av isvarslingssystem ved dei viktigaste lufthamnene i 2001, men dette arbeidet vil bli noko utsett.

Endringane i investeringane for regionale lufthamner gjeld desse prosjekta:

Bygg og anlegg

Bygging av nytt kontrolltårn ved Florø lufthamn blir avslutta i 2002, mot tidlegare lagt til grunn 2001. Det vil i 2001 bli gjennomført fornying/oppgradering av driftsbygg ved enkelte lufthamner. Vidare vil banesystem (taksebanar og plattformer) bli reasfaltert ved m.a. lufthamnene Sogndal, Rørvik og Leknes. I tillegg vil det bli sett av midlar til diverse oppgraderings- og rehabiliteringstiltak av høg prioritet.

Det blir etter dette gjort framlegg om å setje av 17,8 mill. kr til bygg og anlegg i 2001, mot tidlegare 60 mill. kr.

Flynavigasjonsanlegg og utstyr for flyvêrtenesta

Det blir gjort framlegg om at løyvinga for 2001 til fornying og utskifting av flynavigasjonsanlegg og utstyr for flyvêrtenesta på regionale lufthamner, blir auka til 21,3 mill. kr, mot 16 mill. kr i St.prp. nr. 1 (2000-2001). Løyvinga vil bli fordelt på renovering og utskifting av kontrollutstyr i tårn, navigasjonsanlegg og meteorologisk utstyr.

Teknisk og operativ oppgradering

Til teknisk og operativ oppgradering, inkludert GNSS med 4 mill. kr, blir det gjort framlegg om å løyve 25,9 mill. kr i 2001 mot 40 mill. kr i St.prp. nr. 1 (2000-2001). I forhold til St.prp. nr. 1 (2000-2001) fører dette til at oppgradering av flyplassbelysning ved Mehamn lufthamn blir gjennomført. Oppgradering av endefelt på Rørvik og Mehamn og flyplassbelysning på Rørvik blir utsette inntil vidare. Utsetjinga av dei tidlegare planlagde oppgraderingane av endefelta på Rørvik og Mehamn kjem som følgje av både reduserte investeringsrammer og framleis uvisse når det gjeld Luftfartstilsynets godkjenning av plassane.

Rullande materiell

For 2001 blir det gjort framlegg om å setje av 20,8 mill. kr i staden for 18 mill. kr som i St.prp. nr. 1 (2000-2001).

Security og anna

Til kjøp av røntgenutstyr, gjerder og utstyr til kontrollav tilgjenge blir det gjort framlegg om å løyve 6,4 mill. kr ved regionale lufthamner. I tillegg kjem diverse miljøtiltak og IT-tiltak og andre landsomfattande tiltak på i alt 37,8 mill. kr. Samla utgjer denne delen 44,2 mill. kr.

Etablering av treningssenter for brann- og redningsteneste i Tjeldsund i Nordland

Regjeringa foreslår etablering av nytt treningssenter for brann- og redningsteneste i Tjeldsund i Nordland, samlokalisert med Norges brannskole. Det nye senteret kjem i tillegg til dagens verksemd på Trandum ved Gardermoen. Investeringsbehovet er førebels kostnadsrekna til i overkant av 30 mill. kr. Dei årelge driftskostnadene for Luftfartsverket er rekna med å auke noko i forhold til samla drift på Trandum (førebels rekna til om lag 4 mill. kr).

Regjeringa vil kome tilbake til saken i seinare budsjettframlegg.

Honningsvåg lufthamn

Godkjenning av lufthamna og operasjonane der

I St.prp. nr. 1 (2000-2001), side 53, orienterte Samferdselsdepartementet om dei operative tilhøva og moglege behov for utbetringar ved Honningsvåg lufthamn. På det tidspunktet var det uvisst kva for godkjenning Luftfartstilsynet ville gi for lufthamna og om operasjonar med DHC-8 framleis ville bli godkjente.

Etter Luftfartstilsynets godkjenning av 20. oktober 2000 er Honningsvåg lufthamn open for generell bruk av fly med under 5 700 kg som høgste startvekt og med mindre enn 10 passasjersete. Operasjonar med større fly krev at operatøren har særskild godkjenning frå Luftfartstilsynet for å trafikkere lufthamna med spesifisert flytype. Widerøe's Flyveselskap ASA har fått slik særskild godkjenning for bruk av DHC-8-103. Både godkjenninga av lufthamna og av Widerøes operasjonar er gyldige til 1. august 2001.

Luftfartsverket må innan 1. mai 2001 søkje Luftfartstilsynet om fornya godkjenning av lufthamna frå 1. august 2001. Luftfartstilsynet vil òg gjennomføre ei ny vurdering av Widerøes godkjenning frå 1. august 2001.

Departementet legg til grunn at Luftfartsverket vil halde lufthamna ved like med sikte på at godkjenninga av ho skal kunne fornyast etter 1. august 2001. Ein føresetnad er da at ikkje nye uventa og vesentlege forhold verkar inn på godkjenninga av lufthamna. Dersom det skulle skje vesentlege endringar knytte til godkjenninga av operasjonane til Widerøe, vil departementet om nødvendig finne andre løysingar, i tråd med det som blei nemnd i St.prp. nr. 1 (2000-2001). Departementet vil følgje situasjonen nøye i høve til Luftfartsverket og rutedrifta.

Vidare utgreiingar

I samband med ei samla vurdering av den regionale lufthamnstrukturen som ledd i oppfølginga av St.meld. nr. 46 (1999-2000) Nasjonal transportplan 2002-2011, jf. Innst. S. nr. 119 (2000-2001), har Luftfartsverket gjort førebelse utgreiingar av alternative løysingar for Honningsvåg. Utgreiingane viser at det må reknast med sterke operative restriksjonar og låg regularitet ved Honningsvåg lufthamn. Den vêrmessige regulariteten er av Det norske meteorologiske institutt rekna til om lag 80-85 pst. på årsbasis.

Det kan fysisk vere mogleg å ruste opp lufthamna. Ei avgrensa oppgradering er rekna til rundt 60-70 mill. kr, medan ei full oppgradering til om lag same standard som andre regionale lufthamner har i dag, er rekna til om lag 150 mill. kr. På grunn av vêr- og vindrestriksjonane reknar Luftfartsverket det likevel som usikkert om slike utbetringar vil verke nemneverdig inn på regulariteten. Lufthamna kan ikkje utviklast vidare med den generelle teknisk-operative oppgraderinga som det blir lagt opp til for regionale lufthamner.

Luftfartsverket har vidare gjort førebelse operative vurderingar av moglege alternative stader for ei eventuell ny lufthamn, til erstatning for noverande Honningsvåg lufthamn og eventuelt òg for andre lufthamner i regionen. Desse vurderingane tyder på at det kan vere mogleg å byggje ei ny lufthamn på Porsangernesryggen nær det sørlege tunnelinnslaget for fastlandssambandet til Magerøya. Eit grovt overslag tyder på at kostnadene for ei slik lufthamn vil bli om lag 235 mill. 2001-kr, og at ferdigstilling kan skje tidlegast i 2009. I tillegg er ulike løysingar nær Olderfjord og Skaidi vurderte, men Luftfartsverket har kome til at desse ikkje vil vere aktuelle, særleg på grunn av dei operative tilhøva. Vidare kan ein vente at desse alternativa, og spesielt Olderfjord, vil bli enda dyrare å byggje ut enn Porsangernesryggen.

Ikkje minst på grunnlag av dei store investeringane som eventuelt må gjerast anten på dagens Honningsvåg lufthamn eller ein ny lokalitet, legg departementet til grunn at dei vidare utgreiingane og endeleg avgjerd om Honningsvåg lufthamn må skje på lik linje og i samanheng med det generelle arbeidet med den regionale lufthamnstrukturen. Dette vil sikre eit best mogleg grunnlag for prioriteringane av investeringar på det regionale lufthamnnettet. Departementet reknar med å kome tilbake til saka hausten 2001.