St.prp. nr. 76 (2000-2001)

Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

6 Programkategori 22.10 Post og telekommunikasjonar

Orientering om nye portotakstar i 2001 - innføring av meirverdiavgift

Som følgje av innføring av meirverdiavgift på posttenester frå 1. juli 2001, har styret for Posten Norge BA gjort framlegg om å auke portosatsane for A-post innanlands frå same dato. Samferdselsdepartementet har godkjend følgjande nye portosatsar inkl. meirverdiavgift for A-post innanlands frå 1. juli 2001, for brev som blir betalt med frimerke eller frankeringsmaskin:

Tabell 6.1 

Frimerke/frankert post (stykkpris)
VekstbasertGjeldande prisNy pris pr. 1.7.2001 inkl. mva
Inntil 204,505,50
21 - 50 g7,008,50
51 - 100 g9,0011,00
101 - 350 g18,0022,00

Gjennomsnittleg prisauke for desse satsane er om lag 22 pst. i forhold til satsane som blei innført pr. 1. januar 2001, dvs. noko lågare enn meirverdiavgiftssatsen på 24 pst.

I St.prp. nr. 60 (2000-2001) er det gjort greie for eit nytt prissystem med lineær betalingsstruktur for fakturert post (massepost). Prisane for slik post blir oppgitte utan meirverdiavgift, og desse grunnsatsane blir ikkje endra. Prisauken som følgje av innføringa av meirverdiavgift for fakturert post blir dermed den same som tillegget for meirverdiavgifta. Portoendringane fører ikkje til framlegg om endringar i løyvinga til kjøp av posttenester, jf. kap. 1370.