St.prp. nr. 76 (2000-2001)

Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

4 Programkategori 21.30 Vegformål

Kap. 1320 Statens vegvesen (jf. kap. 4320)

Endringar i økonomiske fullmakter for Statens vegvesen

Statens vegvesen har ei rekkje økonomiske fullmakter. Samferdselsdepartementet legg opp til å justere grensene innafor nokre av desse. Fullmaktene bør justerast fordi det er mange år sidan dette blei gjort. Justeringane har også samanheng med det styringssystemet som gjeld i dag, der vegvesenet har fått større grad av fridom, jf. omlegging av statsbudsjettet for vegformål med verknad frå og med 1998, og at det er gjennomført eit skilje i styringa mellom stamvegar og andre riksvegar. Dei fullmaktene som skal justerast ligg innafor områda mellombelse omdisponeringar av midlar, varige omdisponeringar (bruk av innsparte midlar) og forskotteringar.

Mellombelse omdisponeringar av midlar

Formålet med ordninga er å få ei rasjonell utnytting av løyvingane. No har Statens vegvesen fullmakt til å gjere mellombels omdisponering innafor og mellom fylke som medfører sperring på maksimum 25 mill. kr for kvart anlegg og maksimum 30 pst. av den totale riksvegløyvinga til fylket i vedkomande år.

For mellombelse omdisponeringar mellom prosjekt og fylke av statlege midlar blir det lagt opp til følgjande nye fullmakter for Statens vegvesen:

  • Det skal ikkje vere avgrensingar for mellombelse omdisponeringar mellom stamvegprosjekt og prosjekt på det øvrige riksvegnettet ut over dei nedanståande for stamvegramma og fylkesfordelt ramme.

  • Stamvegramma: Maksimum 30 mill. kr pr. prosjekt og 30 pst. av den totale løyvinga til stamvegar i vedkomande år.

  • Fylkesfordelt ramme: Maksimum 30 mill. kr pr. prosjekt både innafor eit fylke og mellom fylke. Maksimum 30 pst. av løyvinga til fylket over fylkesfordelt ramme i vedkomande år kan bli lånt innafor fylket og mellom fylke.

  • Oppstart av prosjekt: Prosjekt som er prioritert innafor handlingsprogrammet for inneverande fireårsperiode og som er av ein slik storleik at det ikkje er aktuelt med omtale i St.prp. nr. 1. Lånte midlar som skal nyttast til oppstart av prosjekt på det øvrige riksvegnettet, skal vere handsama av fylkeskommunen. Ved usemje mellom fylkeskommunen og vegkontoret eller Vegdirektoratet skal saka leggjast fram for Samferdselsdepartementet.

Mellombelse omdisponeringar av bompengar (gjeld berre for bompengepakker) skal ha dei same fullmaktene som for statlege midlar, men med følgjande presiseringar:

  • Mellombelse omdisponeringar av bompengar i bompengepakker skal utgjere maksimum 30 pst. av det totale bompengebidraget frå bompengepakka i vedkomande år.

  • Mellombelse omdisponeringar av bompengar i bompengepakker til oppstart av prosjekt både på stamvegnettet og på det øvrige riksvegnettet skal vere handsama av fylkeskommunen.

Varige omdisponeringar av midlar (bruk av innsparte midlar)

Formålet med denne ordninga er også å få ei rasjonell utnytting av løyvingane. No har Statens vegvesen fullmakt til å overføre innsparingar på maksimum 2 mill. kr på eit prosjekt til ein disposisjonspost og overføre innsparingar på maksimum 5 mill. kr på eit prosjekt til prosjekt som er tekne opp til løyving på same riksvegstrekning.

For varige omdisponeringar av statlege midlar blir det lagt opp til følgjande nye fullmakter for Statens vegvesen:

  • Stamvegramma: Maksimum 30 mill. kr pr. prosjekt og 10 pst. av den totale løyvinga til stamvegar i vedkomande år.

  • Fylkesfordelt ramme: Maksimum 30 mill. kr pr. prosjekt og 30 pst. av løyvinga til fylket over fylkesfordelt ramme i vedkomande år.

  • Oppstart av prosjekt: Prosjekt som er prioritert innafor handlingsprogrammet for inneverande fireårsperiode og som er av ein slik storleik at det ikkje er aktuelt med omtale i St.prp. nr. 1. Omdisponeringar som skal nyttast til oppstart av prosjekt på det øvrige riksvegnettet, skal vere handsama av fylkeskommunen. Ved usemje mellom fylkeskommunen og vegkontoret eller Vegdirektoratet skal saka leggjast fram for Samferdselsdepartementet.

Varige omdisponeringar av bompengar (gjeld berre for bompengepakker) skal ha dei same fullmaktene som for statlege midlar, men med desse presiseringane:

  • Varige omdisponeringar av bompengar i bompengepakker skal utgjere maksimum 30 pst. av det totale bompengebidraget frå bompengepakka i vedkomande år.

  • Varige omdisponeringar av bompengar i bompengepakker til oppstart av prosjekt både på stamvegnettet og på det øvrige riksvegnettet skal vere handsama av fylkeskommunen.

Forskoteringar

Gjeldande retningslinjer for forskoteringar blei lagde fram for Stortinget i St.meld. nr. 32 (1988-89) Norsk veg- og vegtrafikkplan 1990-93. Statens vegvesen har pr. i dag fullmakt til å godkjenne forskotering av prosjekt med ein kostnad på maksimum 10 mill. kr.

I Budsjett-innst. S. nr. 13 (1998-99) står det m.a. følgjande:

«Komiteen er av den oppfatning at en bør være ytterst varsom med å godkjenne forskutteringsavtaler for nye vegprosjekter som ikke ligger inne i Norsk veg- og vegtrafikkplan, og at forskutteringer i hovedsak knyttes til igangsatte prosjekter.»

Fråsegna er ei endring/innskjerping i høve til retningslinjene i St.meld. nr. 32 (1998-99). Samferdselsdepartementet meiner at det i utgangspunktet ikkje bør vere nødvendig med forskotering knytt til prosjekt som er tekne opp til løyving, jf. at finansieringa av prosjektet bør sikre ønskt/rasjonell anleggsdrift. I ein situasjon der dette ikkje er mogleg bør det opnast for forskotering.

For forskoteringar der anleggsstart blir framskunda bør dette berre bli tillate for prosjekt som i hovudsak er fullfinansiert i handlingsprogrammet for 10-årsperioden i Norsk veg- og vegtrafikkplan og Nasjonal transportplan.

Samferdselsdepartementet foreslår at Stortinget i samband med dei årlege budsjetta fastset ei ramme som departementet får fullmakt til å inngå forskoteringsavtalar innafor. For 2001 gjer ein framlegg om at Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå forskoteringsavtalar for inntil 600 mill. kr ut over gitt løyving på kap. 1320, post 30 Riksveginvesteringar, og slik at samla refusjonsansvar knytt til nye og alt inngåtte forskoteringsavtalar ikkje overstig 1 800 mill. kr. Refusjonar på vilkår kjem i tillegg og skal leggjast fram for Stortinget.

Forskoteringar i samband med oppstart av prosjekt der prosjekta er av ein slik storleik at dei blir lagde fram i budsjettproposisjonane, skal framleis leggjast fram for Stortinget i samband med dei årlege budsjetta eller i eigne stortingsproposisjonar. Slike forskoteringar blir også omfatta av fullmakta på 600 mill. kr.

Samferdselsdepartementet legg opp til følgjande forskoteringsfullmakter for Statens vegvesen innafor den foreslåtte fullmaktsramma til departementet:

  • Stamvegramma: Det blir ikkje sett noka grense for prosjekt som er tekne opp til løyving. For prosjekt som ikkje er tekne opp til løyving blir forskoteringsgrensa sett til 30 mill. kr. Fullmakta til forskotering innafor stamvegrutene blir knytt til det totale nivået på løyvingane for stamvegar. Samla beløp til refusjonar i det året desse kjem til utbetaling skal ikkje overskride 20 pst. av løyvinga over kap. 1320, post 30.1 Stamvegar, i det året avtalen om forskotering blir underskriven.

  • Fylkesfordelt ramme: Det blir ikkje sett noka grense for prosjekt som er tekne opp til løyving. For prosjekt som ikkje er tekne opp til løyving blir forskoteringsgrensa sett til 30 mill. kr. Fullmakta til forskotering blir knytt til det totale nivået på løyvingane til fylket. Samla refusjonsbeløp i det året dei blir utbetalte, må ikkje overskride 20 pst. (25 pst. inkl. refusjonar på vilkår) av løyvinga i det året avtalen om forskotering blir underskriven.

  • Oppstart av prosjekt: Prosjekt som er prioriterte innafor handlingsprogrammet for inneverande fireårsperiode og som er av ein slik storleik at det ikkje er aktuelt med omtale i St.prp. nr. 1. Prosjekt med ein prosjektkostnad under 30 mill. kr som er førebels prioritert i handlingsprogrammet for den 10-årsperioden som Norsk veg- og vegtrafikkplan/Nasjonal transportplan omfattar. Mindre investeringstiltak med ein prosjektkostnad under 15 mill. kr uavhengig av om dei er prioriterte i handlingsprogrammet for den 10-årsperioden som Norsk veg- og vegtrafikkplan/Nasjonal transportplan omfattar eller ikkje.

Alle forskoteringar skal vere handsama av fylkeskommunen. Ved usemje mellom fylkeskommunen og vegkontoret eller Vegdirektoratet skal saka leggjast fram for Samferdselsdepartementet. Ved framskunding av bompengeprosjekt, der utgiftene til forskotering skal bli belasta trafikantane og der det blir ein auke i belastingane i høve til det som er lagt til grunn i bompengeproposisjonen, skal det leggjast fram for Samferdselsdepartementet. Dette skal gjelde i dei tilfella der bompengesatsane aukar eller perioden for innkrevjing blir forlengd med tre månader eller meir.

Samferdselsdepartementet vil fastsetje nærare retningslinjer for bruken av fullmaktene på dei tre områda.

Ev 18 over Eidangerhalvøya - utviding av eksisterande bompengeordning

Innkrevjing av bompengar til prosjektet Ev 18 Lanner - Rugtvedt i Telemark starta opp i juni 1986, jf. St.prp. nr. 7 (1985-86). Utbygging av parsellen blei fullført i 1996. Prosjektet kosta totalt 903 mill. kr (2001-kr) og av dette er bidraget frå Lanner bomstasjon 468 mill. kr (2001-kr), dvs. 51,8 pst.

Vi viser til St.prp. nr. 57 (1997-98) Om delvis bompengefinansiering av videre utbygging av Ev 18 mellom Gutu og Kopstad i Vestfold, der det er lagt opp til at innkrevjing frå bomstasjonen på Ev 18 Lannerheia i Telemark er avvikla innan 1. januar 2002. Samferdselsdepartementet rekna med at selskapet ville vere gjeldfri innan 1. januar 2002. Om det skulle stå att gjeld, måtte selskapet søkje om å få forlengd bompengeperioden for ein kortare periode i tråd med gjeldande avtale. Vegdirektoratet har etter dette handsama ein søknad om forlengd bompengeperiode og godkjent at innkrevjinga på Lanner bomstasjon blir avslutta 15. mars 2002.

Det er no behov for å gjennomføre fleire mindre trafikksikringstiltak på nye Ev 18 som ein ikkje var tilstrekkeleg merksam på før etter opninga av den nye vegen. Dei aktuelle tiltaka er oppsetting av viltgjerde, utviding og ombygging av tilfartsvegar, køyrefeltsignal ved tunnelar og bruer, utbetring av rekkverk ved tunnelportalane, utbetring av nattlys i tunnelane, bommar og skilt til bruk når Ev 18 blir sperra og detektor til automatisk varsling av hendingar i ein av tunnelane. Kostnadene er utrekna til om lag 13 mill. kr.

I tillegg til desse tiltaka er det foreslått bygging av rundkøyring og miljøtiltak på gamle Ev 18 på strekninga Rugtvedt - Heistad - Kjørholt for at denne skal kunne vere ein fullverdig omkøyringsveg. Kostnadene er utrekna til om lag 5 mill. kr. Tiltakskostnadene blir til saman om lag 18 mill. kr.

Det er søkt om løyve til å utvide bompengeinnkrevjinga for å finansiere desse aktuelle trafikksikringstiltaka. Ut frå bompengeinntektene i dag er det rekna med at utvidinga av prosjektet, saman med meirutgifter i samband med innføring av meirverdiavgift på tenester vil forlengje bompengeperioden med vel 4 månader. Innkrevjinga kan då avsluttast i byrjinga av august 2002.

Porsgrunn og Bamble kommunar, og Telemark fylkeskommune (ved vedtak i fylkesutvalet 22. februar 2001) har slutta seg til søknaden.

Samferdselsdepartementet meiner det er sterkt ønskjeleg å gjennomføre dei nemnde tiltaka og tilrår at bompengeselskapet får høve til å utvide bompengeinnkrevjinga på Lanner i samsvar med omtalen ovafor.

Ev 18 i Kristiansand - utvida bompengeordning

Bompengefinansieringa av Ev 18 i Kristiansand i Vest-Agder er handsama i St.prp. nr. 69 (1996-97) Om delvis bompengefinansiering av Ev 18 i Kristiansand i Vest-Agder og St.prp. nr. 68 (1998-99). Utvidinga gjeld finansiering av ny hovudtilkomst til Høgskolen i Agder (HiA-sambandet), og finansiering av tiltak for kollektivtrafikken i Kristiansand.

HiA-sambandet

St.prp. nr. 69 (1996-97) omtaler framtidig utbygging av HiA-sambandet. Det blei her vist til at trafikken til Gimlemoen vil auke når HiA blir ferdig utbygd, og at ny Ev 18 gir høve for ny hovudtilkomst til høgskoleområdet og betre tilhøve for kollektivtrafikk og gang- og sykkeltrafikk. HiA-sambandet var likevel ikkje omfatta av bompengeordninga sidan finansieringa ikkje var avklara mellom kommunen og utbyggjar av HiA.

Kristiansand kommune meiner HiA-sambandet er eit viktig ledd i betring av samferdselssituasjonen i byen, og går no inn for at prosjektet blir finansiert i hovudsak gjennom utvida bompengeinnkrevjing frå dei eksisterande bomstasjonane. Nytt hovudsamband mellom Ev 18 og høgskoleområdet betrar framkomsten for trafikken og reduserer miljøulempene i bustadområda ved at desse blir avlasta for trafikk. Ny hovudtilkomst betrar også tilhøva for kollektivtrafikken og gang- og sykkelvegtrafikken mellom Gimlemoen og resten av byen. Vidare utbygging av høgskoleområdet vil gi meir trafikkvekst.

Figur 4.1 HiA-sambandet

Figur 4.1 HiA-sambandet

HiA-sambandet, som i hovudsak er eit tunnelprosjekt, har godkjent reguleringsplan og er kostnadsrekna til 60 mill. kr. Det er gjort framlegg om ei finansiering med bompengebidrag på 50 mill. kr, tilskot på 5 mill. kr frå Kristiansand kommune og 5 mill. kr frå riksvegbudsjettet. Ved å gjere ferdig HiA-sambandet i 2002 unngår ein å byggje mellombels avlastingsveg ved bygging av Oddernestunnelen på Ev 18 Bjørndalssletta - Gartnerløkka. Innsparinga på 5 mill. kr for prosjektet Ev 18 Bjørndalssletta - Gartnerløkka kan bli overført som tilskot til HiA-sambandet.

Vegstatus for HiA-sambandet vil bli avklart på eit seinare tidspunkt. Det er forslag om at HiA-sambandet får riksvegstatus, med Statens vegvesen som byggherre for prosjektet.

Tiltak for framkomst i kollektivtrafikken

Kristiansand kommune går inn for å utvide bompengeordninga til å dekkje tiltak for framkomsten for busstrafikken frå Vågsbygd i vest, via sentrum og til Rona i aust. Det er i dag køproblem på innfarten frå aust og vest til Kvadraturen.

Tiltaket omfattar kollektivfelt på rv 456 Lumberkrysset - Hannevikdalen og Ev 39 Hannevikdalen - Sentrum, og bussterminal på rv 471 ved Oddemarka. I tillegg inngår fleire mindre kollektivfremjande tiltak på strekninga.

Finansiering

I St.prp. nr. 68 (1998-99) er det lagt opp til at bompengeinnkrevjinga er avslutta ved årsskiftet 2003/2004, eller hausten 2004 dersom det skal krevjast inn 50 mill. kr ekstra til gang- og sykkelvegutbygging.

Finansieringa av gang- og sykkelvegutbygginga vil bli avklart i handsaminga av handlingsprogrammet. Utbygginga av HiA-sambandet i 2002 og kollektivtiltak i 2003-2005 føreset låneopptak. Med kapitalkostnader på om lag 20 mill. kr medfører utvidinga av bompengeordninga at innkrevjinga blir forlengd med om lag eit år og tre månader.

Lokal handsaming

Kristiansand kommune gjorde i møte 7. mars 2001 dette vedtaket:

«2. Bystyret anser etablering av regulert vegforbindelse fra E18 på Bjørndalssletta til HiA og etablering av en høykvalitets bussmetro som meget viktig for den totale samferdselssituasjonen i Kristiansand. Det søkes derfor om tillatelse til å utvide bompengeordningen med kr 75 mill (2000-kroner) + lånekostnader.

3. Det søkes om tillatelse til nødvendig opptak av lån slik at anlegget kan gjennomføres tidsnok.»

Vest-Agder fylkeskommune handsama saka politisk i fylkesutvalet 21. mars 2001 og gjorde dette vedtaket:

«1. Vest-Agder fylkeskommune anser etablering av regulert vegforbindelse fra E18 på Bjørndalssletta til Høgskolen i Agder (HiA) og en høykvalitets bussmetro som meget viktig for den totale samferdselssituasjonen i Kristiansand. Det anbefales at bompengeordningen i Kristiansand utvides med 75 mill kr (2000-kr) pluss lånekostnader til dekning av dette.

2. Det anbefales at det søkes om tillatelse til nødvendig opptak av lån slik at anlegget kan gjennomføres tidsnok.

3. Vedtaket er fattet i medhold av kommunelovens § 13 (hasteparagrafen).»

Saka har vore lagt fram for nabokommunane Vennesla, Søgne, Songdalen, Lillesand og Birkenes. Lillesand, Vennesla og Songdalen kommunar er i mot utviding av innkrevjinga, da dei meiner at det fører til at kommunale byggjeoppgåver i Kristiansand dels blir finansiert av innbyggjarar i nabokommuner. Søgne kommune meiner at ordninga dels bryt med prinsippa for bompengeinnkrevjing, og at transportplanlegginga burde ha vore meir samordna med nabokommunane. Birkenes kommune har ikkje uttalt seg.

Samferdselsdepartementets vurdering

Samferdselsdepartementet viser til at den foreslåtte utvidinga av bompengeprosjektet vil innebere eit noko dårlegare samsvar mellom nytte av prosjektet, og betalinga av det. Dessutan viser departementet til at prosjektet allereie er utvida med tre bomstasjonar, jf. St.prp. nr. 68 (1998-99).

Departementet meiner likevel at ny hovudtilkomst til Høgskolen i Agder og tiltak for utbygging av kollektivtrafikken er viktige ledd i betringa av samferdselssituasjonen i Kristiansand. Å samle trafikken i ein hovudtilkomst mellom Ev 18 og høgskoleområdet betrar framkomsten og reduserer miljøulempene i bustadområda. Med køproblem i dag mot sentrum frå aust og vest er framkomsttiltak for busstrafikken eit viktig tiltak som vil styrkje kollektivtilbodet i Kristiansand. Departementet legg òg vekt på grunngjevinga til Kristiansand kommune for utvidinga av bompengeinnkrevjinga, som vertskommune for bommane og eigar av bompengeselskapet, og tilrår at bompengeselskapet får høve til å utvide bompengeinnkrevjinga i samsvar med omtalen ovafor.

Ev 6 Trondheim - Stjørdal i Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag - utviding av bompengeprosjektet

Innleiing

Gjennom handsaminga av St.prp. nr. 124 (1986-87) samtykte Stortinget i delvis bompengefinansiering av ei etappevis utbygging av ny Ev 6 Trondheim - Stjørdal, jf. Innst. S. nr. 74 (1987-88).

Heile anlegget var meint å stå ferdig i 1994. I St.prp. nr. 42 (1994-95) blei det gjort greie for svikt i bompengeinntektene og for framdrifta for prosjektet. Stortinget vedtok eit nytt innkrevjingsystem som skulle gjere bompengeselskapet i stand til å handtere gjelda, jf. Innst. S. nr. 207 (1994-95). Den vidare utbygginga av endeparsellane Nidelv bru - Grilstad i Trondheim og Værnes - Kvithamar i Stjørdal skulle ein kome tilbake til i samband med revisjonar av Norsk veg- og vegtrafikkplan.

Forslag til utviding av prosjektet

I St.prp. nr. 124 (1986-87) heiter det at ny Ev 6 Nidelv bru - Ranheim, som Grilstadtunnelen er ein del av, skal regulerast som firefelts veg, men i første omgang stort sett bli bygd som tofelts veg. Vidare heiter det at spørsmålet om utviding til firefelts veg vil bli teke opp som eiga sak etter at behovet for dette er vurdert nærare.

For å redusere ulempene for dei som bur i området og for trafikantane, blei det vedteke å sprengje ut nordre tunnelløp gjennom Grilstadhaugen samstundes med søre tunnelløp. Det står derfor berre att å setje nordre løp i stand til å bli opna for trafikk.

Grilstadtunnelen har i dag ein trafikk pr. døgn på om lag 14 000 køyretøy. Det er tidvis kø gjennom bomstasjonen. For å handtere eksisterande trafikkmengd og sannsynleg trafikkauke i framtida, og auken som vil følgje av ei sannsynleg trafikkoverføring frå noverande Ev 6, er det ønskjeleg å auke kapasiteten ved å fullføre utbygginga av Grilstadtunnelen.

Det er i dag fysisk midtdelar på Ev 6 på ei om lag 1 km lang strekning nord for Grilstad og på ei om lag 10 km lang strekning sør for Grilstad (Omkjøringsvegen). Det er ønskjeleg å etablere fysisk midtdelar på den om lag 2 km lange strekninga ved Grilstad der dette manglar i dag. Dette fjernar ein skilnad i standard på ei naturleg samanhengande strekning av Ev 6, noko som er ein gevinst for trafikktryggleiken.

Ved Grilstad har noverande Ev 6 ein trafikk pr. døgn på om lag 11 000 køyretøy. Dette fører med seg eit problem for trafikktryggleiken for skuleborn og eit problem for miljøet. For å redusere desse problema ønskjer Trondheim kommune og dei som bur i området, tiltak som opphøgd gangfelt og nedsett fartsgrense.

I planføresetnadene for ny Ev 6 Trondheim - Stjørdal inngår delfinansiering av miljøtiltak og nedbygging av Innherredsvegen og Mellomvegen frå fire- til tofelts veg etter at ny Ev 6 er ferdig. Ein stor del av trafikken i Mellomvegen skal førast over industriområdet Nyhavna. Tiltak på Mellomvegen kan gjennomførast alt no. Dette fører til framsteg for miljøet for bustadområdet Lademoen. Det er derfor ønskjeleg med tilskot til desse tiltaka alt no.

Kostnadsoverslag

Kostnadsoverslaget for den planlagte utvidinga av bompengeprosjektet er 52 mill. kr.

Kostnadsoverslaget for å fullføre nordre tunnelløp i Grilstadtunnelen er 31,5 mill. kr. I tillegg kjem om lag 14 mill. kr til nødvendige arbeid på veg i dagen, inkludert midtdelar, 0,6 mill. kr til miljøtiltak på noverande Ev 6 og 0,7 mill. kr til mindre tilpassingar i området til bomstasjonen. Kostnadene for desse tiltaka har ei uvisse på +/- 10 pst. og blei kvalitetssikra med metoden Anslag i februar 2000.

Kostnadsoverslaget for dei omtalte tiltaka på Innherredsvegen og Mellomvegen er om lag 20 mill. kr, men prosjektet Ev 6 Trondheim - Stjørdal skal bidra med berre 4,55 mill. kr gjennom den utvida bompengeordninga. Det er lagt til grunn at ein eventuell kostnadsauke for desse tiltaka ikkje skal bli belasta bompengeprosjektet.

Finansiering

For alle dei omtalte tiltaka i tilknyting til Grilstadtunnelen er det lagt opp til 100 pst. bompengefinansiering. I tillegg kjem bompengar som tilskot til tiltaka på Innherredsvegen og Mellomvegen.

Det er i februar 2001 gjennomført ein takstauke i bomstasjonen på Ranheim frå kr 20 til kr 25 for liten bil og frå kr 40 til kr 50 for stor bil. Auken ligg innafor Statens vegvesens fullmakt til å godkjenne takstauke i takt med prisstiginga. Takstauken er venta å føre til ein auke i inntektene i 2002 (første heile innkrevjingsår) på om lag 19 mill. kr samanlikna med 2000. Med ei utvikling i inntektene basert på 1,5 pst. årleg trafikkvekst, er det venta at noverande gjeld vil vere nedbetalt i siste halvdel av 2005. I samband med handsaminga av St.prp. nr. 42 (1994-95) blei det opna for innkrevjing fram til 2013. Årsaka til tidlegare nedbetaling av gjelda er høgare trafikkvekst og lågare lånerente.

Med ei utviding av bompengeprosjektet til også å omfatte bompengefinansiering av tiltaka som blir omtalte i denne proposisjonen, vil tida for innkrevjing auke med om lag eit halvt år, dvs. nedbetaling i løpet av første halvdel av 2006.

Framdrift

Under føresetnad av Stortingets godkjenning vil anleggsarbeidet starte snarast mogleg og med sluttføring i løpet av 2001.

Ytterlegare utviding av bompengeprosjektet

I St.meld. nr. 46 (1999-2000) Nasjonal transportplan 2002-2011, kap. 14.4.1.2, heiter det at innteninga i bompengeposjektet Ev 6 Trondheim - Stjørdal er vesentleg høgare enn lagt til grunn, og at det derfor blir arbeidd med planar om å utvide prosjektet til også å omfatte endeparsellane Nidelv bru - Grilstad i Trondheim og Værnes - Kvithamar i Stjørdal. Det heiter vidare at dersom det blir tilslutning til planane om å utvide eksisterande bompengeprosjekt, er det aktuelt å gjennomføre utbygging av endeparsellane i siste del av tiårsperioden.

Da bystyret i Trondheim kommune vedtok reguleringsplan for Nordre avlastningsveg Ila 23. november 2000, gjekk kommunen inn for å overføre kostnadene ved bygging av Nidelv bru frå Trondheimspakka til Ev 6 Trondheim - Stjørdal. Dette kan få konsekvensar for planane om å utvide bompengeprosjektet Ev 6 Trondheim - Stjørdal til også å omfatte endeparsellane. Forslaget frå Trondheim kommune må derfor leggjast fram for Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag fylkeskommunar, og Malvik og Stjørdal kommunar for handsaming.

Lokalpolitisk handsaming

Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag fylkeskommunar og Trondheim, Malvik og Stjørdal kommunar støttar framlegget om å finansiere fullføring av nordre løp i Grilstadtunnelen med bompengar frå Ev 6 Trondheim - Stjørdal.

Formannskapet i Trondheim kommune gjorde dette vedtaket 30. mai 2000:

«Formannskapet slutter seg til forslaget om å bruke bompenger fra E6 Øst til å fullføre Grilstadtunnelen og tar til etterretning forslag om takstøkning ved Ranheim bomstasjon. Formannskapet forutsetter i den forbindelse at det i budsjettet for 2001 bevilges 4,55 mill kr i bompenger fra E6 Øst til delfinansiering av trafikk- og miljøtiltak i Mellomvegen, jfr. Formannskapets vedtak i sak 0110/00.»

Malvik kommune fann ikkje grunn til å uttale seg om auken i takstane fordi den tilrådde takstendringa ligg innafor det Statens vegvesen har fullmakt til å godkjenne.

Hovudutval for næring, samferdsel og kultur i Sør-Trøndelag fylkeskommune gjorde dette vedtaket 23. januar 2001:

«Hovedutvalget for næring, samferdsel og kultur slutter seg til forslaget om å bruke bompenger fra E6 Øst for å fullføre Grilstadtunnelen og tar til etterretning forslag til takstøkning ved Ranheim bomstasjon.

Hovedutvalget samtykker i at 4,55 mill. kr av bompengene brukes til delfinansiering av trafikk- og miljøtiltak i Mellomvegen.»

Formannskapet i Stjørdal kommune gjorde dette vedtaket 17. august 2000:

«Stjørdal kommune slutter seg til forslag fra Vegsjefen i Sør-Trøndelag om tiltak i perioden 2001-2010 til sluttføring av bompengeprosjektet E6 Trondheim - Stjørdal, fremsatt i brev av 04.07.2000 til Vegsjefen i Nord-Trøndelag.

Kommunen stiller som betingelse for sin tilslutning at prosjektdefineringen for endeparsell Stjørdal er som presisert under «Vurdering», og at satsjusteringen holdes innenfor en ren justering etter konsumprisindeksen.»

Fylkesutvalet i Nord-Trøndelag fylkeskommune gjorde dette vedtaket 12. september 2000:

«1. Nord-Trøndelag fylkeskommune anser ferdigstilling av E6 Trondheim - Stjørdal som et viktig regionalt samferdselspolitisk tiltak, og viser til tidligere FT-sak nr 9/99.

2. Nord-Trøndelag fylkeskommune forutsetter at den avtalte bompengeperioden utnyttes til å fullføre prosjektet E6 Trondheim - Stjørdal, som tidligere avtalt i FT-sak nr 9/99, til Kvithammer. Samtidig forutsetter vi at tiltak på endeparsellen i Trondheim ikke vil gå på bekostning av endeparsellen i Stjørdal, dersom forutsetningene som beskrevet av vegsjefen i Sør-Trøndelag viser seg ikke å holde mål.»

Saka blei handsama 8. desember 2000 i Kontaktutvalet for Trondheimspakka og transportplan. Utvalet hadde ikkje innvendingar til forslaget.

Samferdselsdepartementets merknader

Samferdselsdepartementet meiner at det er viktig å auke kapasiteten gjennom Grilstadtunnelen slik at denne tunnelen ikkje blir ein flaskehals på strekninga Ev 6 Trondheim - Stjørdal. Departementet ser positivt på at det er teke omsyn til tiltak for trafikktryggleik med utbygging av midtdelar, og at miljøtiltak også er med i prosjektet. Samferdselsdepartementet ser vidare positivt på at bompengar blir nytta i finansieringa av prosjektet. Departementet har merka seg at det er lokalpolitisk semje om utviding av bompengeprosjektet.

Samferdselsdepartementet vil på dette grunnlaget tilrå at Trøndelag Bomveiselskap AS får høve til å finansiere utviding av bompengeprosjektet på Ev 6 Trondheim - Stjørdal slik som gjort greie for i denne proposisjonen. Det skal skrivast ein tilleggsavtale til gjeldande bompengeavtale.

Figur 4.2 Ev 6 Trondheim - Stjørdal

Figur 4.2 Ev 6 Trondheim - Stjørdal

Østfoldpakka - oppføring av bomstasjonar og førebuande arbeid på Ev 6

Ved handsaminga av St.prp. nr. 26 (1999-2000) ga Stortinget løyve til å starte innkrevjing av bompengar for delvis finansiering av utbygginga av Ev 6 og Ev 18 gjennom Østfold, jf. Innst. S. nr. 111 (1999-2000). Oppstarten på Østfoldpakka er nærare omtalt i St.prp. nr. 1 (2000-2001) og St.prp. nr. 20 (2000-2001).

I St.prp. nr. 20 (2000-2001) blei det varsla at Moss kommune har utsett slutthandsaminga av reguleringsplanane for bomstasjonane på Ev 6 og fv 311 til etter Stortingets handsaming av St.meld. nr. 46 (1999-2000) Nasjonal transportplan 2002-2011. Det blei vidare varsla at Samferdselsdepartementet vurderte bruk av statleg reguleringsplan for bomstasjonane for å unngå at oppstarten på innkrevjinga blei utsett.

Miljøverndepartementet gjorde 16. februar 2001 vedtak om statleg plan for dei to bomstasjonane. I vedtaket legg departementet vekt på at det er knytt nasjonale interesser til ei rask utbygging av Ev 6 gjennom Østfold og dermed til å setje i gang innkrevjing av bompengar. Det er vidare lagt vekt på at det er brei oppslutning i fylkestinget og i Stortinget om plassering av bomstasjonane.

Bomstasjonane på Ev 6 og fv 311 vil bli etablerte slik at innkrevjinga kan starte i oktober 2001. Låneopptak i 2001 til bygging av bomstasjonane og prosjektet Ev 6 Patterød - Akershus grense blir som omtalt i St.prp. nr. 20 (2000-2001), jf. St.prp. nr. 1 (2000-2001).

Saka blir omtalt til orientering.

Ev 39 Jektevik - Sandvikvåg i Hordaland

Prosjektet er omtalt i St.meld. nr. 46 (1999-2000), side 242-243.

Det ligg føre søknad frå Stord og Fitjar kommunar om løyve til å krevje inn bompengar på ferja Sandvikvåg - Halhjem for å finansiere opprusting og trafikksikring av Ev 39 mellom Borevik, like sør for Jektevik, og Sandvikvåg på Stord. Det står enno igjen noko førebuande arbeid lokalt, m.a. planavklaring, kvalitetssikring av kostnadsoverslag og avklaring av framdriftsplan. Samferdselsdepartementet tek sikte på å fremje saka i budsjettproposisjonen for 2002.

Saka blir omtalt til orientering.

Ev 16 Voldum - Seltun i Sogn og Fjordane

Prosjektet er omtalt i St.meld. nr. 46 (1999-2000) Nasjonal transportplan 2002-2011, side 246. Det omfattar bygging av to tunnelar på 1,5 km og 3 km, og ny bru over Lærdalselva. Det ligg føre godkjend reguleringsplan. I Vegdirektoratets forslag til handlingsprogram for perioden 2002-2011 er det foreslått anleggsstart i 2002 og opning for trafikk i 2004. Gjennom kvalitetssikring av handlingsprogrammet er kostnadsoverslaget no oppgitt til 275 mill. kr.

Statens vegvesen ønskjer å starte førebuande arbeid hausten 2001. Arbeida omfattar nødvendig omlegging av kraft- og telefonlinjer i området, klargjering av riggområde, bygging av anleggsveg og bru for tilkomst til tunnelpåhogga, diverse arbeid med påhogg/forskjering og bygging av fundament for ei interimsbru over Lærdalselva. Arbeida i 2001 er kostnadsrekna til om lag 5 mill. kr, og er foreslåtte finansierte gjennom innsparingar på prosjektet Ev 16 Lærdal - Aurland.

Arbeida må i det alt vesentlege gjennomførast i sommarhalvåret. Samferdselsdepartementet sluttar seg derfor til at arbeida blir gjennomførte hausten 2001. Departementet vil kome tilbake til vidareføringa av prosjektet i samband med statsbudsjettet for 2002, inkl. ein nærare omtale av innsparingane på prosjektet Ev 16 Lærdal - Aurland.

Saka blir omtalt til orientering.

Ev 6 Osen - Korgen i Nordland

Prosjektet er omtalt i St.meld. nr. 46 (1999-2000) Nasjonal transportplan 2002-2011, side 235-236.

I samband med handsaminga av St.prp. nr. 1 (2000-2001) gjekk fleirtalet i samferdselskomitéen inn for ei løyving på 25 mill. kr til vidareføring av Lofotens fastlandssamband (LOFAST) i 2001, under føresetnad av at prosjektet får prioritet i første del av Nasjonal transportplan med samanhengande finansiering frå 2002. Dersom føresetnaden om samanhengande finansiering ikkje blei innfridd, gjekk fleirtalet inn for å nytte løyvinga til å starte prosjektet Ev 6 Osen - Korgen i 2001, jf. Budsjett-innst. S. nr. 13 (2000-2001).

I samband med handsaminga av St.meld. nr. 46 (1999-2000) gjekk fleirtalet i samferdselskomitéen inn for å setje av 500 mill. kr til vidareføring av Lofotens fastlandssamband i perioden 2002-2005. Fordi plansituasjonen for LOFAST enno ikkje er avklart, kan ikkje prosjektet bli starta opp før i 2003. Ev 6 Osen - Korgen kan ut frå plansituasjonen startast opp alt i 2001. På denne bakgrunn går Vegdirektoratet i forslaget til handlingsprogram for planperioden inn for vidareføring av prosjektet Ev 10 Lofotens fastlandssamband i 2003 og oppstart av Ev 6 Osen - Korgen i 2001. Løyvinga på 25 mill. kr i 2001 er foreslått nytta til å starte prosjektet Ev 6 Osen - Korgen.

Prosjektet Ev 6 Osen - Korgen omfattar bygging av 13 km ny veg, inkl. 8,5 km i tunnel gjennom Korgfjellet. Kostnadsoverslaget er på 425 mill. 2001-kr. Det ligg føre godkjend reguleringsplan i Hemnes kommune, medan reguleringsplanen i Vefsn kommune er venta godkjend i løpet av mai 2001. Med anleggsstart hausten 2001 er det rekna med at prosjektet kan opnast for trafikk i 2004.

Samferdselsdepartementet sluttar seg til at løyvinga på 25 mill. kr i 2001 blir nytta til oppstart av prosjektet Ev 6 Osen - Korgen.

Saka blir omtalt til orientering.

Ev 6 Ildhøllia i Nordland

Prosjektet er omtalt i St.prp.nr. 1 (2000-2001), side 111-112. Det omfattar utbetring av ei 2,2 km lang rasfarleg strekning på Ev 6 mellom Røssvoll og Storforshei i Rana kommune, om lag 14 km nord for Mo i Rana. Reguleringsplanen for prosjektet blei godkjent i november 2000. Kostnadsoverslaget er på 63 mill. 2001-kr.

Som det går fram av St.prp.nr. 1 (2000-2001), er det foreslått tildelingar til prosjektet over kap. 1320, post 33 Kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift, både i 2000 og 2001. Dette utgjer til saman 31 mill. 2001-kr. I Vegdirektoratets forslag til handlingsprogram for strekningsvise investeringar på stamvegnettet er prosjektet foreslått fullfinansiert i 2002. Vegdirektoratet går derfor inn for å starte anleggsarbeidet sommaren 2001. Dette medfører at prosjektet kan opnast for trafikk hausten 2002. Samferdselsdepartementet sluttar seg til dette.

Ev 6 Trældal - Leirvika i Nordland

I Nasjonal transportplan for 2002-2011 har Samferdselsdepartementet vurdert det som aktuelt å leggje om Ev 6 på den rasfarlege strekninga på nordsida av Rombaken ved Narvik i siste del av planperioden 2002-2011, jf. St.meld. nr. 46 (1999-2000), side 236.

Som følgje av handsaminga av St.meld. nr. 46 (1999-2000) i Stortinget er investeringsrammene for planperioden auka. På bakgrunn av dette har Vegdirektoratet i forslaget til handlingsprogram for strekningsvise investeringar på stamvegnettet foreslått at ramma til stamvegrute 4 blir auka, slik at arbeidet med rassikring av Ev 6 på strekninga Trældal - Leirvika kan starte i 2005 med fullføring i siste del av tiårsperioden.

Det blir arbeidd med tre alternativ for rassikring på strekninga. Alle alternativa medfører omlegging av vegen i tunnel forbi dei mest rasutsette områda. Val av alternativ vil bli avklart gjennom kommunedelplan. Det er venta at godkjend kommunedelplan vil liggje føre medio 2002. På grunn av den vanskelege strekninga må planarbeidet forserast slik at anlegget kan starte tidlegare enn lagt opp til. Arbeidet med reguleringsplan blir starta opp omgåande med sikte på at det skal liggje føre godkjend reguleringsplan i løpet av 2002.

Rv 5 Knapstad - Kvalvik i Sogn og Fjordane

I samband med handsaminga av St.prp. nr. 77 (1997-1998) gav Stortinget Sunnfjordtunnelen AS løyve til å forskotere 120 mill. kr til vidare utbetring av rv 5 mellom Førde og Florø, jf. Innst. S. nr. 251 (1997-1998). Prosjektet er sist omtalt i St.prp. nr. 1 (2000-2001), side 107-108.

Det går fram av St.prp. nr. 1 (2000-2001) at Sogn og Fjordane fylkeskommune slutta seg til forslaget frå vegkontoret om anleggsstart på parsellen Knapstad - Kvalvik hausten 2001. På grunn av store bindingar innafor den fylkesfordelte ramma gjekk Samferdselsdepartementet inn for å utsetje anleggsstart til etter 2001, slik at dette kunne vurderast nærare i samband med handlingsprogrammet for perioden 2002-2011. Parsellen omfattar 3,3 km ny riksveg utanom Eikefjord sentrum. Det ligg føre godkjend reguleringsplan. Kostnadsoverslaget er 70 mill. 2001-kr. Dette er ein auke på om lag 30 pst. i forhold til overslaget i St.prp. nr. 77 (1997-98).

Som følgje av handsaminga av St.meld. nr. 46 (1999-2000) er den fylkesfordelte planramma til Sogn og Fjordane for perioden 2002-2005 auka i forhold til det som låg til grunn for St.prp. nr. 1 (2000-2001). I tillegg medfører kostnadsreduksjon på parsellen Grov - Grovavåg at det vil det stå om lag 10 mill. kr til disposisjon i 2001. I forslaget frå vegkontoret til handlingsprogram for perioden 2002-2011 er det foreslått 39 mill. kr til parsellen i 2002. Dette sikrar rasjonell anleggsdrift dersom arbeidet på parsellen startar hausten 2001.

Samferdselsdepartementet går inn for anleggsstart på parsellen Knapstad - Kvalvik hausten 2001. Det er lagt til grunn at midlane i 2001 blir stilte til disposisjon som forskot av Sunnfjordtunnelen AS.

Rv 714 Fastlandsambandet Hitra - Frøya i Sør-Trøndelag - omdisponering

Innleiing

I St.prp. nr. 1 (2000-2001) blei det gjort framlegg om å løyve 44,4 mill. kr i refusjon til bompengeselskapet og 65,4 mill. kr til vegbygging i 2001. I St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 5 (2000-2001) blei Stortinget orientert om at departementet i 2001 ville kome tilbake til omdisponering av foreslått løyving i 2001 for rv 714 Hitra - Frøya. Dette var som følgje av at Miljøverndepartementet i oktober 2000 godkjende kommunedelplanen i samsvar med kommunen sitt vedtak om ny bru over Vettastraumen.

I Budsjett-innst. S. nr. 13 (2000-2001) legg fleirtalet i samferdselskomitéen til grunn at midlane som er foreslåtte løyvde til Hitra - Frøya i 2001, framleis blir stilte til disposisjon innafor riksvegramma til Sør-Trøndelag. I samsvar med dette og lokalpolitiske vedtak legg Samferdselsdepartementet opp til at 6,1 mill. kr av løyvinga på 65,4 mill. kr blir nytta til restarbeid og sluttoppgjer på rv 714 Hitra - Frøya, og at dei resterande 59,3 mill. kr blir omdisponerte til andre tiltak i samsvar med fylkeskommunen sitt vedtak.

Rv 714 Hitra - Frøya

Da prosjektet Hitra - Frøya blei teke opp til løyving, jf. St.prp. nr. 1 (1997-98), var dette basert på ny bru over Dolmsundet. Den løysinga som no er valt, gjer at det er naturleg å avslutte prosjektet Hitra - Frøya, medan prioritering av utbetringa med ny bru over Vettastraumen blir vurdert i samband med handlingsprogrammet 2002-2011. Kostnadsoverslaget for restarbeid og sluttoppgjer er 6,1 mill. kr.

Med frådrag for utbetring med ny bru over Dolmsundet var rv 714 Hitra - Frøya rekna til å koste om lag 490 mill. 2001-kr da prosjektet blei teke opp til løyving, jf. St.prp. nr. 1 (1997-98). Medrekna forslaget til sluttløyving vil kostnaden for prosjektet bli om lag 461 mill. 2001-kr. Det reduserte prosjektet kan dermed bli avslutta til ein kostnad om lag 6 pst. lågare enn opphavleg rekna med.

I St.prp. nr. 1 (1997-98) la ein opp til at finansieringa av prosjektet Hitra - Frøya blir dekt med 48,1 pst. frå staten og 51,9 pst. frå bompengeselskapet og ved lokale tilskot. Pr. i dag har bompengeselskapet og lokale tilskot dekt 63,3 pst. og staten 36,7 pst. Dersom ikkje ytterlegare tiltak blir gjennomførte, har bompengeselskapet krav på refusjon ut over det som alt er lagt opp til. Samferdselsdepartementet går ut frå at dette må sikrast seinast før avslutting av bompengeprosjektet Fastlandssambandet Hitra - Frøya.

Omdisponering

59,3 mill. kr av løyvinga i 2001 blir omdisponert for bruk i 2001 i samsvar med fylkeskommunen sitt vedtak:

Tabell 4.1 

Mill. kr
Rv 705 Rollset - Hestspranget og Flakne - Uthus20,0
Rv 714 Pervikberga36,8
Planlegging2,5
Sum59,3

Forslaget legg til grunn ei sluttløyving i 2002 på 9 mill. kr til rv 714.

Midlane til planlegging skal nyttast til planarbeid for utbetring av strekninga Stråmyra - Hammeren på rv 714 med ny bru over Vettastraumen.

Rv 714 Pervikberga, Snillfjord kommune

Prosjektet har eit kostnadsoverslag på 46 mill. 2001-kr. Med anleggstart våren 2001 og ei løyving på 9 mill. kr i 2002 kan anlegget opnast for trafikk i første halvår 2002.

Vegstrekninga på om lag 3 km er smal og lite oversiktleg. Delar av strekninga er bolta fast til fjellet for å hindre utgliding. Strekninga har vesentleg dårlegare standard enn tilliggjande veg. Trafikken pr. døgn er om lag 800 køyretøy. Vegstrekninga er planlagt utbetra med utretting av kurver og ei vegomlegging på om lag 1 300 m med om lag 600 m i tunnel. Prosjektet fører til ei innkorting av rv 714 på snaue 400 m. Det ligg føre godkjend reguleringsplan. Prosjektet har ein utrekna netto nytte på -30 mill. kr.

Figur 4.3 Pervikberga, Snillfjord kommune

Figur 4.3 Pervikberga, Snillfjord kommune

Lokalpolitisk handsaming

Fylkesutvalet i Sør-Trøndelag gjorde 15. februar 2001 følgjande vedtak:

«1. Planene for ny bru ved Vettastraumen med tilstøtende vegnett avklares snarest og bygging starter i løpet av perioden 2002-05.

2. .....(annen sak)......

3. Bevilgningen for 2001 på 65,4 mill. kr til videreføring av Hitra - Frøyaprosjektet, som Stortinget har stilt til disposisjon som en del av Sør-Trøndelags ramme for øvrige riksveger, disponeres slik:

  1. Fullføring av restarbeider for prosjektet Hitra - Frøya på strekningen Stråmyra på Dolmøya - Hammeren på Frøya samt planlegging av ny veg fra Stråmyra på Dolmøya til Vikstrøm på Fast-Hitra, inkl. ny bru ved Vettastraumen, 8,6 mill. kr.

  2. Bygging av ny rv 705 på de utlagte fyllingene langs Nea i Selbu, 20,0 mill. kr.

  3. Bygging av ny rv 714 gjennom Pervikberga i Snillfjord kommune, 36,8 mill. kr. Prosjektet forutsettes gjennomført uten bruk av bompengeinntekter fra Fastlandsforbindelsen til Hitra og Frøya.»

Saka blir omtalt til orientering.

Fv 67 Bru til Tautra i Nord-Trøndelag

I samband med Stortingets handsaming av statsbudsjettet for 2001 blei det løyvd til saman 20 mill. kr til bru til Tautra. Beløpet blei delt med 5 mill. kr over Miljøverndepartementets budsjett og 15 mill. kr over Samferdselsdepartementets budsjett. I tillegg har Nord-Trøndelag fylkeskommune gjort vedtak om å medverke med 3,4 mill. kr i 2002.

Med eit kostnadsoverslag på 47 mill. kr står det att å finansiere 23,6 mill. kr (47,0 - 23,4). I Budsjett-innst. S. nr. 13 (2000-2001), side 36, ber eit fleirtal i komitéen om at Regjeringa kjem attende til Stortinget med ein plan for fullfinansiering av prosjektet.

Miljøverndepartementet og Samferdselsdepartementet er samde om at dei to departementa på statsbudsjettet for 2002 dekkjer resten av kostnadene på 23,6 mill. kr med same fordelingsnøkkel som løyvingane for 2001. På denne bakgrunn blir Miljøverndepartementets del på 5,9 mill. kr og Samferdselsdepartementets del på 17,7 mill. kr.

Tilskot til Lenvik kommune i samband med kjøp av glattkøyringsbane

Ved handsaminga av St.meld. nr. 46 (1999-2000) Nasjonal transportplan 2002-2011/Innst. S. nr. 199 (2000-2001) gjekk eit fleirtal inn for at Samferdselsdepartementet skulle vurdere å gjere glattkøyringskurs for førarar av tunge køyretøy obligatorisk for kandidatar frå heile landet. Ein føresetnad for formålstenleg og effektiv glattkøyringsopplæring med tunge køyretøy er høvelege øvingsanlegg.

Nord-Norsk trafikksenter i Lenvik gjekk konkurs sommaren 2000. Stortinget har tidlegare løyvd om lag 28 mill. kr til bygging av anlegget. I tillegg er det gitt tilskot på til saman 14 mill. kr frå kommune og fylkeskommune. Lenvik kommune har no kjøpt anlegget og har i samband med dette søkt om tilskot på 1,6 mill. kr, som er om lag halvparten av kjøpesummen. Kommunen er også i gang med å etablere eit driftsselskap med målsetjing om at anlegget kan setjast i drift i 2001. Tilskot frå staten til Lenvik kommune til delvis finansiering av kjøp av glattkøyringsanlegget fører ikkje til at staten får eigarpart i anlegget. Anlegget vil bli drive utan nokon form for statleg garanti for ytterlegare investeringar eller drift.

Samferdselsdepartementet vil gi eit tilskot på 1,6 mill. kr til Nord-Norsk Trafikksenter i Lenvik.

Saka blir omtalt til orientering.

Utprøving av katamaranferjer i riksvegferjedrifta

Samferdselskomitéen har i Budsjett-innst. S. nr. 13 (2000-2001) og fleirtalet i komitéen har i Innstilling S. nr. 119 (2000-2001) om Nasjonal transportplan 2002-2011, stilt seg positive til utprøving av snøggåande katamaranferjer av typen Ferry Cat i riksvegferjesamband som ligg til rette for dette.

Utprøving av ny teknologi

Samferdselsdepartementet legg til grunn at ferjer av denne typen kan vere eit godt supplement til dagens ferjetype på lengre ferjestrekningar med stor trafikk i skjerma farvatn der høg fart og korte opphald ved ferjeleia gjer katamaranen effektiv.

Modellforsøk viser at katamaranferjene i aluminium har lågare forbruk av drivstoff enn dagens konvensjonelle riksvegferjer ved same kapasitet og fart - og med den last som er vanleg i ferjedrifta.

Dagens riksvegferjer blir bygde for fart inntil 16 knop. Ferry Cat 120 er konstruert for fart opp mot 25 knop, men både fart og nyttelast har stor innverknad på forbruket av drivstoff. Det er derfor neppe aktuelt med eit rutemønster som legg til grunn konstant høg fart. Rutemønster må derfor vurderast nærare i lys av at drivstofforbruk og dermed utsleppa som aukar sterkt med auka fart.

Noverande utgåve av Ferry Cat er ikkje tilpassa drift med naturgass, men det ligg føre søknader frå Fjellstrand AS til Norges Forskningsråd om tilskot til slik vidareutvikling av katamaranen. Ein bør ikkje prøve ut katamarankonseptet og gassdrift på eitt og same fartøy.

Ferjeleia bør tilpassast eigenskapene til katamaranane med omsyn til rask lossing og lasting - i ei utprøvingsfase legg ein likevel til grunn dei mest nødvendige tilpassingar som kan gjerast innafor ei låg kostnadsramme.

Fjellstrand AS har rekna prisen pr. ferje til 160 mill. kr i tillegg til kostnadene til eigaren til planlegging og byggjeoppfølging. Med den uvisse som ligg i eit nytt konsept, tilseier slike kostnader ei avgrensa utprøving av ein prototype.

Det er hittil i prosjektarbeidet ikkje påvist forhold som gjer at Sjøfartsdirektoratet ikkje vil kunne godkjenne Ferry Cat til bruk i riksvegsamband.

Val av samband

I Budsjettinnst. S. nr. 13 (2000-2001) har komitéen spesielt peika på at sambandet Stavanger - Tau kan høve.

Det blir arbeidd lokalt for å byggje eit undersjøisk fast samband mellom Nord-Jæren og Ryfylke - RYFAST. Regjeringa tek sikte på å omtale revidert transportplan for Ryfylke med alternative løysingar for ferjefritt samband til Ryfylke ved revisjonen av nasjonal transportplan for 2006-2015. Departementet ser ikkje at utprøving av ei ferjei dette sambandet vil gi ei tilfredsstillande trafikkavvikling. Ein er merksam på at trafikkveksten i sambandet gjer det ønskjeleg å auke kapasiteten i sambandet. Vegdirektoratet er innstilt på å få til ei løysing slik at sambandet kan bli tilført nyare og meir høvelege ferjer.

Samferdselsdepartementet vil halde det opent i kva samband det kan vere aktuelt å prøve ut ferjetypen. Ein gjer likevel merksam på at det er relativt få lange samband med stor trafikk i skjerma farvatn som høver for denne ferjetypen.

Det er mest aktuelt å setje ferja inn i eit samband der farten til ferja kan gi ein kapasitet og eit rutemønster som kan svare til to vanlege ferjer på dei mest trafikktunge tidene.

Departementet vil minne om at det ligg risiko og auka administrative kostnader i det å vere først ute med ein ny ferjetype. Det er derfor av interesse å sjå nærare på viljen til samarbeid mellom offentlege og private aktørar, m.a. kva risiko verft, underleverandørar og reiarlag tek. Konkret vedtak om bruk av katamaranferjer og val av samband krev etter departementet si vurdering at Vegdirektoratet på nytt går igjennom budsjett- og miljøverknadene i aktuelle samband. Departementet legg til grunn at Vegdirektoratet i samsvar med det skisserte opplegget får fullmakt til å gå vidare med dette arbeidet innafor dei fullmakter som gjeld elles i riksvegferjedrifta.

Effektivisering av Statens vegvesen - utvikling av publikumsretta tenester over Internett

I St.prp. nr. 1 (2000-2001) blei det gitt ei generell orientering om effektivisering og omstilling av Statens vegvesen. Det blei m.a. gjort greie for arbeidet med Internettbaserte løysingar. Effektiviseringstiltaka her vil redusere kostnadene for Statens vegvesen, og betre tilbodet til brukarane. I tillegg er dette ein del av Regjeringa si eNorge-satsing.

I løpet av 2001 vil fleire av tenestene som trafikkstasjonane tilbyr, bli gjorte tilgjengelege for publikum via Internett. Registrering av køyretøy ved elektronisk kommunikasjon mellom bilbransjen og Statens vegvesen er det tiltaket som vil gi den største kostnadssparinga både for Statens vegvesen og publikum. I august 2001 vil ordninga bli sett i verk for registrering av nye køyretøy. Ein vil hauste erfaringar fram til nyttår ved at nokre bilforhandlarar gjennom eit pilotprosjekt får bruke tenesta. Frå årsskiftet 2001/2002 vil alle bilforhandlarar få tilgang. Ordninga vil bli utvida til å gjelde brukte køyretøy i løpet av 2002.

Frå mai 2001 vil publikum kunne bestille time til periodisk køyretøykontroll hos Statens vegvesen på nettet. Seinare i år vil ein også finne søknadsskjema for førarkort, og kunne tinge time for førarprøve på nettet. Det vil også bli oppretta ein database for dei mest vanlege spørsmåla publikum stiller til trafikkstasjonane.

I 2002 vil Internettenestene bli utvida. Tapt førarkort kan meldast her. Publikum vil også kunne søkje om førarkortduplikat, kopi av vognkort, graveløyve, løyve til avkjørsel frå veg og dispensasjonar. Det vil også bli utvikla Internettbaserte hjelpeverktøy til internt bruk i vegvesenet som skal gjere kostnadene mindre. Dette vil gjelde m.a. elektronisk registrering av resultat frå tekniske kontrollar, elektroniske hjelpemiddel for førarprøvesensor og utvikling av eksamensoppgåver for førarprøve og kompetanseprov.

Hausten 2001 vil det bli oppretta eit mellombels kontaktsenter for spesialisering av fleire telefontenester og e-posthandsaming. Ved årsskiftet 2001/2002 vil kontaktsenteret ha om lag 30 tilsette. Vegdirektoratet reknar med at behovet etter kvart vil bli så stort at senteret anten må utvidast, eller at det må opprettast eit senter til.

Gevinsten av effektiviseringa av dei nye tenestene ligg i at publikum i større grad utfører tenestene frå eigen datamaskin. Det er usikkert i kva monn publikum vil ta i bruk desse Internettbaserte tenestene. Ut frå erfaringar som andre organisasjonar har med overgang til Internettbaserte tenester, har Statens vegvesen rekna med ei netto innsparing på om lag 150 årsverk. For dei personane dette gjeld, vil det i medhald av inngått omstillingsavtale, bli søkt å finne anna arbeid eventuelt etter omskolering.

Tekniske investeringar og driftsutgifter, andre administrative kostnader til Internettenester og drift av kontaktsenter vil i den første 4-årsperioden koste om lag 35 mill. kr årleg.

Saka blir omtalt til orientering.

Produksjonsverksemda i Statens vegvesen

I St.meld. nr. 46 (1999-2000) Nasjonal transportplan 2002-2011, står det at Samferdselsdepartementet vil engasjere Statskonsult til å greie ut alternative organisasjonsmodellar som kan bidra til å effektivisere produksjonsverksemda i Statens vegvesen, jf. også St.prp. nr. 1 (2000-2001). Samferdselsdepartementet har no motteke rapporten frå Statskonsult (Rapport 2001: 10 Mer veg for pengene - En utredning av alternative organisasjonsmodeller for statlig vegproduksjon). I samband med dette vil departementet kome tilbake til Stortinget med ein omtale av organiseringa av produksjonsverksemda i budsjettproposisjonen for 2002.