Ot.prp. nr. 76 (2000-2001)

Om lov om endringar i lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. og i einskilde andre lover

Til innhaldsliste

5 Endringar i andre lover

5.1 Særleg om makeskifte og odelsrett

Ved makeskifte etter jskl. § 85 andre ledd vil skiftefeltet omfatte både det arealet som utløyser kravet om makeskifte (A), det arealet tiltakshavaren skyt inn som erstatningsareal (B), samt det arealet jordskifteretten elles trekker inn for å oppnå ei tenleg skifteplanløysing (C). Både heil eigedom og delar av eigedom kan skiftast etter denne føresegna.

Kva for odelsrettslege konsekvensar eit makeskifte etter makeskifteregelen i jskl § 85 andre ledd utløyser, vil kunne innverke på kor brukande ein opplever denne regelen. Reglane om høve til odelsfrigjering vil også vere viktige i denne samanhengen.

5.1.2 Gjeldande rett

Reglane om odelsovergang ved makeskifte av fast eigedom:

Odelslova av 1821 § 7 regulerte dei odelsrettslege konsekvensane ved makeskifte av fast eigedom både når ein heil eigedom blei skifta med ein annan, og når makeskiftet gjaldt ein del av ein odelseigedom:

«Mageskiftes Odelsjord lige for lige, bliver hver Jord dens Odel, som bekommer den i Mageskifte, men gives Mellemlag, da søger hver Æt den Odel, som før tillaae den.»

Etter odelslova av 1974 er makeskifteregelen avgrensa til det lovgivaren vurderte som mest praktisk, nemleg makeskifte av del av eigedom. Ifølgje odelslova § 16 første ledd vil del av eigedom, «jordstykkje eller teigar», som blir makeskifta, gå inn under odel eller odling på dei eigedomane dei høyrer til etter makeskiftet. Etter andre punktum i føresegna gjeld dette og når det blir gitt mellomlag, når mellomlaget «etter måten er så lite at teigane i røynda må reknast for å vere jamgode». Ein må forstå regelen slik at makeskiftet ikkje gir rett for dei som har odelsrett, til å gå til løysingssak.

Dersom heile odelseigedomar inngår i makeskiftet, vil dei som har odelsrett likevel kunne gå til løysingssak med mindre eigedomen blir odelsfrigjort etter odelslova kap. 8. Partane i makeskiftet må på si side hevde ny odel til den eller de eigedomane dei tek over. Det kan vere noko usikkert om ein skal forstå odelslova § 16 slik at føresegna berre gjeld ved makeskifte av mindre delar av eigedom. Ved ei slik forståing vil den rettslege situasjonen ved makeskifte av vesentlege delar av eigedom vere som ved makeskifte av heile eigedomar.

Etter § 16 andre ledd gjelder tilsvarande når ein teig blir bytt med råderett over annan eigedom.

Ifølgje odelslova § 16 tredje ledd gjeld reglane om makeskifte i første ledd tilsvarande når jord ved jordskifte blir overført frå ein eigedom til ein annen, eller bruksrett blir avløyst med eit grunnstykke.

Bortfall av odelsrett ved odelsfrigjering:

I dei tilfella der regelen om odelsovergang i § 16 første ledd ikkje gjeld, vil det for tiltakshavaren eller vernemyndigheitene vere av interesse om det på annan måte er mogeleg å få odelsjord som inngår i makeskiftet, frigjort for odel. Uten ei slik mogelegheit vil ein kunne risikere at odelsrettshavarane går til løysingssak. Areal som det kviler odel på, vil difor vere mindre attraktive som bytteobjekt.

Reglane om bortfall av odelsrett ved odelsfrigjering er omhandla i odelslova kap. 8.

Etter odelslova § 30 kan Kongen ta avgjerd om odelsfrigjering dersom stat eller kommune vil ta over odelsjord og særlege grunnar taler for at odelsrett ikkje bør vere til hinder. 1 Odelslova § 30 tek sikte på overtaking av grunn for typisk offentlegrettslege formål.

Ifølgje odelslova § 31 kan Kongen odelsfrigjere eigedom dersom odelsrett er til hinder for overtakingar som staten har gjort ved oppkjøp etter jordloven eller forkjøp etter konsesjonslova. 2

Odelslova § 32 første ledd slår fast at odelsrett fell bort når ein eigedom blir ekspropriert, bortsett frå når odelsretten unntaksvis kan «sameinast med oreigningsføremålet». Etter andre ledd kan Kongen erklære jord som er overdrege, fri for odel dersom overtakaren søkjer om det, og ein må rekne med at det ville ha blitt tatt avgjerd om eit tilsvarande ekspropriasjonsinngrep dersom jorda ikkje hadde blitt overdrege friviljug. 3

Reglane om odelsfrigjering gjeld både heile eigedomar og delar av eigedom.

Det følgjer av desse reglane at det vil vere mogeleg for stat og kommune å søkje om odelsfrigjering etter § 30 ved overtaking av erstatningsareal (B). I visse tilfelle vil tiltakshavaren eller vernemyndigheitene og kunne søkje dette arealet odelsfrigjort etter § 31. 4 Ved overtaking av det arealet som utløyser kravet om makeskifte (A), vil det og vere mogeleg for stat og kommune å søkje om odelsfrigjering etter § 30. Er det heimel til å ekspropriere dette arealet, vil tiltakshavaren vidare kunne søkje om odelsfrigjering etter § 32, dersom vilkåra i føresegna elles er oppfylte. Det vil likevel ikkje være mogeleg å søkje om odelsfrigjering av det arealet som elles blir trekt inn i makeskiftet for å oppnå ei tenleg skifteplanløysing (C).

5.1.3 Høyringsnotatet - Høyringsfråsegner

I høyringsnotatet gjorde departementet framlegg om at odelslova § 16 tredje ledd vert endra slik at føresegnene om odelsovergang skal nyttast der heile eller delar av eigedomar vert skifta etter jskl. § 85 andre ledd.

Vidare gjorde departementet framlegg om ein regel om odelsfrigjering i odelslova § 32 første ledd får eit nytt andre punktum som presisserar at eldre odelsrett fell bort på den eigedomen som eigaren gjev frå seg

Departementet sitt forslag får ålmenn tilslutnad.

5.1.4 Departementet sine vurderingar

For å sikre ein smidig og føreseieleg makeskifteprosess er det viktig at den odelsrettslege statusen på dei aktuelle eigedomane blir avklart så tidleg som mogeleg i makeskifteprosessen.

Ved reglane om odelsovergang i odelslova § 16 har ein et stykke på veg oppnådd dette: Dersom tiltakshavaren ønskjer å overta teigen A frå ein odelseigedom og eigaren (x) i bytte mot A får tilbod om teigen B, vil B falle inn under odelen på x» eigedom. Odelsretten til teigen A fell da bort. Der heile eigedomar blir trekt inn i makeskiftet, gjeld likevel ikkje dette. Der vesentlege delar av eigedom blir trekt inn i makeskiftet, er det usikkert om reglane om odelsovergang gjeld. For dei tilfella der reglane om odelsovergang ikkje gjeld, må ein falle tilbake på reglane om odelsfrigjering. Men behandlinga av søknad om odelsfrigjering er ein omstendeleg prosess som tek tid, og det er heller ikkje gitt kva utfallet av søknaden vil bli, ettersom avgjerda byggjer på eit skjønn der ei rekkje ulike omsyn gjer seg gjeldande. For tiltakshavaren eller vernemyndigheitene vil det derfor vere ein fordel med reglar som sikrar at odelsretten fell bort utan at ein må gå vegen om å søkje om odelsfrigjering. Vidare vil det som nemnt ovanfor ikkje alltid vere mogeleg å søkje det arealet som blir trekt inn i makeskiftet, frigjort for odel. Dersom ein ved makeskifte etter jskl. § 85 andre ledd innfører ein regel om odelsovergang som gjeld generelt, dvs. som også omfattar makeskifte der heile eller vesentlege delar av eigedomar inngår, vil ein kunne løyse desse problema. Dette vil dessutan kunne vere med på å gjere det lettare å bli samde om makeskifteavtalar med grunneigarane.

Departementet foreslår etter dette at odelslova § 16 tredje ledd får eit tillegg som inneber at reglane om den odelsrettslege stillinga etter første ledd gjelder ved makeskifte som omhandla i jordskiftelova § 85 andre ledd.

Det vil kunne vere tilfelle der det gjennom makeskifte er aktuelt å tilby eigar (x) av odelseigedom ein erstatningseigedom som ikkje er odlingsjord. Mindre praktisk, men likevel tenkeleg, er den situasjonen at x gir frå seg ein del av odelseigedomen og tek imot areal som ikkje vil kunne odlast fordi x» eigedom med tillegg av det arealet som er motteke, ikkje lenger fyller kriteria til odlingsjord. I slike tilfelle vil odelsrettshavarane til x» eigedom kunne gå til løysingssak til den (delen av) eigedomen x gir frå seg. For å unngå slike situasjonar foreslår departementet ein regel om at odelsrett fell bort når ein i bytte for odelsjord tek over eigedom som det ikkje kan hevdast odel til. Ein regel om direkte bortfall av odelsrett har ein som nemnt ovanfor, allereie i § 32 første ledd for dei tilfella der eigedom blir ekspropriert. Sjølv om grunngjevinga for den foreslegne føresegna om bortfall av odelsrett er ein annan enn ved odelsfrigjering som følgje av ekspropriasjon, finn ein det likevel for oversikten si skuld formålstenleg å plassere føresegna i § 32 første ledd.

Etter departementet si vurdering er det behovet tiltakshavarane eller vernestyresmaktene har for å få det arealet som dei tek over som erstatningsareal, frigjort for odel, tilstrekkeleg tatt omsyn til ved reglane om høvet til odelsfrigjering i odelslova kap. 8. Ein foreslår derfor inga endring i desse reglane.

Jordlova av 18. mars 1955 er erstatta av jordlova av 12. mai 1995. Ved ein inkurie er tilvisinga til jordlova i odelslova § 16 fjerde ledd ikkje endra som følgje av dette. Dette foreslår ein no retta opp slik at odelsloven § 16 viser til jordlova som gjeld i dag.

5.2 Endringar i grannegjerdelova, servituttlova og veglova

5.2.1 Gjeldande rett

Jordskifteretten er kompetent til å halde skjønn etter bl.a. følgjande lover som eiga sak:

  • lov 5. mai 1961 om grannegjerde § 16 andre ledd,

  • lov 21. juni 1963 nr. 23 § 60 andre ledd og

  • lov 29. november 1968 um særlege råderettar over framand eigedom § 19 andre ledd

Jordskifteretten er ikkje kompetent til å halde slike skjønn som del av sak etter jskl. § 6 første til tredje ledd.

5.2.2 Høyringsnotatet - Bakgrunnen for endringsforslaga

Som del av ei kombinert sak etter jskl. § 6 første til tredje ledd har jordskifteretten kompetanse til å halde skjønn etter gjerdelova, jf jskl. § 52, og til å halde ekspropriasjonsskjønn etter veglova § 53 (private vegar) enda om dei ligg utanfor jordskiftefeltet, jf. jskl. § 43 andre ledd. Som eiga sak - uavhengig av jordskifte - har jordskifteretten kompetanse til å halde gjerdeskjønn, ekspropriasjonsskjønn for private vegar og sevituttskjønn.

I høyringsnotatet gjorde departementet framlegg om at jordskifteretten får kompetanse til å halde skjønn etter ovannemnde lover i samband med avtaleskjønn for erstatningsareal (eigedom), jf. forslaget til endring av § 6 fjerde ledd første punktum. Endringsforslaga er grunna i praktiske og prosessøkonomiske omsyn. Utgangspunktet er forskjellig frå forslaget til endring av jskl. § 6 fjerde ledd første punktum i det jordskifteretten etter gjeldande rett alt er sakleg kompetent til å halde slike skjønn i samband med overtaking av erstatningsareal (eigedom) som eiga sak. I staden for å halde to til fire separate avtaleskjønn for ein og same eigedom (først skjønn etter forslaget til jskl. § 6 fjerde ledd første punktum, deretter separate skjønn etter veglov, lov om grannegjerde og servituttlov) kan ein halde skjønnet som ei og same sak i samband med skjønn etter jskl. § 6 første til tredje ledd og forslaget til fjerde ledd første punktum.

Departementet viser til at det gjerne vil oppstå behov for å halde eitt eller fleire slike skjønn i samband med overtaking av erstatningsareal som ligg utanfor jordskiftefeltet. Ein kan vise til følgjande eksempel: Erstatningseigedomen, som tidlegare blei brukt til kornproduksjon, skal takast over av ein husdyrbrukar. Spørsmål om gjerdehald blir aktualisert. Erstatningsarealet er ein skogteig som ligg i stor avstand frå den som skal motta areala. Eksisterande private veger hadde sitt utgangspunkt i driftssenteret til tidlegare eigar. Den «nye eigaren» har driftssentrum eller bustad fleire kilometer frå den aktuelle skogteigen. Spørsmål om ny(e ) privat(e) veg(ar) blir aktualisert. Tilsvarande behov og eksempel vil gjelde for servituttar i samband med erstatningseigedom.

Dei praktiske og prosessøkonomiske omsyna som er nemnt ovanfor, har og relevans ved saker etter jskl. § 6 første til tredje ledd. Departementet foreslår derfor at ein kan halde skjønn etter nemnde lover i samband med desse sakene.

Dei praktiske og prosessøkonomiske omsyna som er nemnt ovanfor, har og relevans ved saker etter jskl. § 6 første til tredje ledd. Departementet foreslår derfor at ein kan halde skjønn etter nemnde lover i samband med desse sakene.

5.2.3 Høyringsfråsegner

Departementet sitt forslag får ålmenn tilslutnad.

5.2.4 Departementet sine merknader

Departementet viser til at det finnast alternative lovtekniske måtar å regulere jordskifterettens skjønnskompetanse etter dei nemnte lovene. Eitt alternativ er å lovfeste skjønnskompetansen i vedkomande lov, til dømes i servituttlova § 19 andre ledd, mens dei nærare vilkåra for skjønnskompetansen blir regulert av jordskiftelova. Etter departementet si vurdering vil dette føre til lovtekniske endringar av større deler av jordskiftelova. Departementet viser til at jordskifterettane sin stilling og funksjon er under vurdering av eit regjeringsoppnemnt utval, «Løkenutvalet». Ein vil vente på ei klårleggjing av dei overordna spørsmåla som dette utvalet utgreier før ein endrar paragrafnumereringa og til visningar i ein stor del av jordskiftelova sine paragrafar.

Departementet viser til kap. 5.2.2 og fremjar forslag i samsvar med dette.

Fotnotar

1.

Vedtak om odelsfrigjøring må skje før statens eller kommunens eiendomserverv blir tinglyst.

2.

Frigjøring kan ikke skje i forhold til den krets av personer som kunne overta eiendommen konsesjonsfritt etter konsesjonsloven § 6 nr. 1, bortsett fra de tilfeller der eiendommen er mindre enn 30 dekar eller vilkårene for ekspropriasjon etter jordloven § 13 er oppfylt. Etter annet ledd gjelder tilsvarende på visse vilkår ved private erverv av tilleggsjord.

3.

Det er ikke noe vilkår for odelsfrigjøring at kjøperen har eller kan gis selvstendig ekspropriasjonshjemmel. I Rt. 1968 s. 589 ble det ansett tilstrekkelig at kommunen ville ha søkt om ekspropriasjon til fordel for kjøperen dersom frivillig ordning ikke hadde kommet i stand.

4.

Det vil kunne være aktuelt å søke om odelsfrigjøring ved erverv av areal som skal nyttes som kompensasjonsareal i forbindelse med barskogvern.

Til forsida