Ot.prp. nr. 76 (2000-2001)

Om lov om endringar i lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. og i einskilde andre lover

Til innhaldsliste

6 Konsekvensar av lovforslaget

6.1 Dei økonomiske - og administrative konsekvensane

Departementet legg til grunn at lovforslaget ikkje vil ha nemnande budsjettmessige konsekvensar. Dei fleste av forslaga gjelder større utbyggings og -vernesaker. Erfaringsmessig går det fleire år mellom kvar gong slike saker vert krevd. I tillegg legg departementet til grunn at lovforslaga inneber ei effektivisering med omsyn til å løyse slike saker i høve til gjeldande rett.

Når det gjeld forslaget til endringar av § 88, grensegang av grenser mot verneområder m.v., reknar ein med at talet på saker vil auke noko. Departementet viser til forslaget til endring av § 74 andre ledd nytt fjerde punktum om sideutgifter. Det er ein føresetnad at ressursbehovet for det tekniske arbeidet skal dekkjast ved engasjement av teknisk personell, og at vedkomande styresmakt skal dekkje slike utgifter i samsvar med prinsippa i gjeldande § 74 andre ledd andre og tredje punktum.

6.2 Likestillingsmessige konsekvensar

Departementet legg til grunn at lovforslaget ikkje har likestillingsmessige konsekvensar.

Til forsida