Ot.prp. nr. 76 (2000-2001)

Om lov om endringar i lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. og i einskilde andre lover

Til innhaldsliste

7 Merknader til einskilde paragrafer

Til § 6 fjerde ledd

Første punktum gjeld jordskifteretten sin saklege kompetanse til å halde avtaleskjønn for grunn, bruksrett og avgrensing av eigarrådvelde for eigedom som ligg utanfor skiftefeltet. Det er eit vilkår at slik rett vert nytta til erstatning til eigedomar som omfattast av skiftefeltet, jf jskl. § 25.

Endringa av andre punktum inneber ikkje noko realitetsendring i høve til gjeldande rett og er såleis berre av lovteknisk karakter.

Til § 6 bokstav b

Første ledd gjeld for skjønn som jordskifteretten held utan eit samtidig jordskifte. I slike saker gjeld reglane i lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker. Endringa er berre lovteknisk i høve til gjeldande rett.

Andre ledd første punktum vert endra som følgje av endringa av § 6 fjerde ledd . Etter fjerde ledd første punktum får jordskifteretten heimel til å halde avtaleskjønn for erstatningseigedom som ligg utanfor skiftefeltet. Dette skjønnet skal følgje sakshandsamingsreglane som elles gjeld for kombinerte saker etter jskl. § 6 første til tredje ledd. Det same gjeld for skjønn etter lov om grannegjerde § 16 andre ledd første punktum , veglova § 60 andre ledd første punktum og servituttlova § 19 andre ledd når skjønn som nemnt vert halde i samband med sak etter jskl. § 6 første til fjerde ledd første punktum.

Til § 17 a nytt femte ledd

Unntaksregelen omfatter semje i enkle og oversiktlege rettsspørsmål. Spørsmål om ekstinksjon fell såleis utanfor.

Det same gjeld spørsmål om grunneigedomsrett og delingsgrunnlag i realsameige.

Til § 28

Hovudregelen etter 28 andre ledd nest siste punktum vert at det ikkje skal takast omsyn til avvik mellom grunnverdi før og etter skiftet. Vilkåret etter det første alternativet er at ingen kan påførast tap. Med ingen meinast einkvar som har ein materiell rett i skiftefeltet. Dette inneber at tredjemenn - som ikkje er partar i saka - som til døme panthavarar ikkje skal påførast tap. Til like med tap reknast redusert pantesikkerhet.

Det visast elles til generelle merknadane under kap. 4.4.4.

Til § 74

Prinsippa i andre ledd andre og tredje punktum vert gjort gjeldande i andre ledd nytt fjerde punktum.

Til § 76

Med kostnadane i fjerde ledd meinast jordskiftekostnadene, jf dei generelle merknader under kap. 4.8. Sideutgifter vert ikkje regulert i denne paragraf, men av § 74 andre ledd.

Til § 85

I andre ledd i paragrafen innfører ein omgrepet makeskifte. Med makeskifte meiner ein dei verkemidla som elles gjeld for jordskifte med unntak for dei høva som er nemnt i tredje ledd.

Tvangs- og rettskraftverknadane vil berre omfatte partar og eigedomar som omfattast av avtalen.

Det visast nærare til kap.4.6.4

Til § 88

Den saklege kompetansen etter første ledd første punktum vert utvida til å omfatte offentleg regulering av eigedom. Det er ikkje gjort unntak med omsyn til art eller karakter av slik regulering.

Etter andre ledd kan offentleg styresmakt krevje slik sak.

Lov 28. juni 1974 nr. 28 nr 58 (Odelslova)

Til § 16 tredje og fjerde ledd:

I odelslova § 16 første ledd har ein føresegner for kva odelsrettslege konsekvensar det har at delar av odelseigedom blir makeskifta mellom to eigarar utan medverknad frå jordskifteretten si side. I same paragraf tredje ledd seiast det at dei same reglane skal gjelde når ein brukar jordskifte. Dei føresegnene gjeld når det dreier seg om makeskifte av del av eigedom. Ein har nå gitt jskl § 85 eit nytt andre ledd. Både heil eigedom og delar av eigedom kan skiftast etter jskl § 85 nytt andre ledd. Gode grunnar taler for å endre § 16 tredje ledd slik at ho og fangar opp makeskifte utan omsyn til om makeskifte gjeld hel eller del av eigedom. Endringa i odelslova § 16 hindrar at odelsrett skiplar samfunnsnyttige makeskifte, uansett om makeskifte gjeld heile eller deler av eigedomar. Dei nye generelle føresegnene tek og sikte på å sikre ein smidig og føreseiende makeskifteprosess slik at den odelsrettslege statusen på dei aktuelle eigedomane blir avklart så tidleg som mogleg i makeskifteprosessen.

Ved makeskifte etter jskl. § 85 nytt andre ledd vil skiftefeltet omfatte både det arealet som utløyser kravet om makeskifte, det arealet tiltakshavaren skyt inn som erstatningsareal, samt det arealet jordskifteretten elles trekk inn for å oppnå ei tenleg skifteplanløysing. Endringa i jskl § 85 er omtalt på side ... i proposisjonen og ein syner til det som er sagt der.

Det er ikkje gjort endringar når det gjeld omgrepa odlingsjord, odelsjord og odlar. Ein syner såleis til odelslova § 1, og til § 2 slik den lyder etter lovendringa ... Ein har heller ikkje gjort endringar når det gjeld kva slags eigedomar det kan hevdast odel til eller kven som har odelsrett.

Dei nye føresegnene gjeld når nokon «overlet» odlings- eller odelseigedom. Meininga er at reglane skal gjelde uansett form for overdraging. Den odelsrettslege stillinga blir den same om den som overlet odlings- eller odelseigedom får eit mellomlag som etter måten er så lite at eigedomane i røynda må reknast som jamgode, sjå odelslova § 16 første ledd andre punktum.

Det er sagt at den odelsrettslege stillinga for odlaren eller dei odelsberettigede skal være den same i høve til den nye som den var i høve til den gamle. Ein har ikkje med dette meint å binde opp dei odelsrettslege tilhøva på eigedomen framover. Odlaren kan som tidlegare i medhald av odelslova § 11 tinglyse fråsegn på eigedomen om at den skal vere fri for odel.

Det har elles ingen ting å seie korleis eigedomen har blitt fri for odel.

Endringa i odelslova § 16 fjerde ledd gjeld tilvisinga til jordlova. Ved ein inkurie blei ikkje tilvisinga til jordlova 18. mars 1955 endra til lova av 12. mai 1995 då lova frå 1995 kom i staden for lova frå 1955. Loven er no endra for å rette opp feilen.

Til § 32 første ledd nytt andre punktum:

Odelslova § 32 første ledd er gitt eit nytt andre punktum. Første punktum er ikkje endra og bestemmer som tidlegare at odelsrett til oreigna eigedom fell bort. Den nye føresegna i andre punktum inneber at odelsrett til eigedom som eigaren gir frå seg i eit makeskifte fell bort dersom han mottar i byte eigedom som det ikkje kan hevdast odel til. Grunngjevinga for føresegna er den same som for endringa av odelslova § 16.

Grunngjevinga for den nye føresegna er ein annen enn for odelsfrigjering ved oreigning. Den nye føresegna er plassert i odelslova § 32 for oversikta si skuld.

Det har ikkje noko å seie kva årsak det er til at det ikkje kan hevdast odel til den eigedomen eigaren får i bytte med odelseigedomen.

Når eldre odelsrett fell bort på det areal eigaren gir frå seg, får det konsekvensar for alle dei som på avhendingstidspunktet har odelsrett. Det har ikkje noko å seie kva for odelsprioritet dei har. Når det gjeld grunngjevinga for endringa syner ein til det som er sagt til endringa i odelslova § 16.

Til forsida