Ot.prp. nr. 78 (2005-2006)

Om lov om endringar i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste mv.

Til innhaldsliste

8 Særskilde merknader til dei einskilde paragrafane

8.1 Til endringane i lov om tomtefeste

Til § 15 Regulering av festeavgift

Endringsforslaget retter opp ein inkurie ved utforminga av § 15 andre ledd, som oppsto ved endringa av føresegna ved lov 2. juli 2004 nr. 63 om endringer i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste mv. Dei særlege reglane i § 15 andre ledd nr. 2 var aktuelle også i høve til regulering som skjedde 1. januar 2002, i samsvar med korleis § 15 andre ledd før den nemnde lovendringa var utforma med verknad frå og med 1. januar 2002. Når regulering er skjedd den 1. januar 2002, skal ikkje ei ny regulering kunne skje etter særreglane i andre ledd. Departementet legg til grunn at dette ville følgt av ei tolking av føresegna også utan oppretting av inkurien, men finn at ein bør endre lovteksta for at dette skal gå beint fram av ho.

Til § 32 Rett til innløysing av festetomt til bustadhus og fritidshus

Sjå om endringsforslaget til § 32 første ledd under punkt 3 foran. For festetomter til fritidshus er endringa reint teknisk og endrar ikkje realiteten. For festetomter til bustadhus vil festaren kunne krevje innløysing kvart anna år, mot i dag kvart tiande år, etter at dei første 30 år av festetida er gått.

Til § 34 Unntak frå festarens rett til innløysing

Forslaget til endring av § 34 andre ledd er omtalt under punkt 4 foran. I høve til gjeldande lovtekst blir det gjort fleire endringar. I § 34 andre ledd første punktum om krav om innløysing av tomt som høyrer til bygdeallmenningar, blir det sagt at regelen femnar både om festetomter til bustadhus og festetomter til fritidshus. Dette er ei presisering som ikkje seier anna enn det som gjeld i dag. Det nye § 34 andre ledd andre punktum femner derimot berre om festetomter til fritidshus, slik som også § 34 tredje ledd gjer. Andre punktum slår fast at unntaket etter første punktum også gjeld ved krav om innløysing av ei festetomt til fritidshus som høyrer til ein statsallmenning eller til Finnmarkseigedomens grunn i Finnmark. Om Finnmarkseigedomen skulle bli eigar av grunn utanfor Finnmark fylke, vil altså unntaket ikkje gjelde berre av den grunn. Kva som er ein statsallmenning, må vurderast konkret ut frå alminnelege rettsreglar. Departementet legg til grunn at om nokon har rettar på allmenningsrettsleg grunnlag på statsgrunn, så vil unntaket i forslaget til lov om tomtefeste § 34 andre ledd gjelde for den statsgrunnen.

Forslaget til endring av § 34 tredje ledd er omtalt under punkt 5 foran. Det følgjer av føresegna at Kongen kan gi forskrift som gjer at bortfestaren kan tilby lenging som i § 34 andre ledd framfor å akseptere eit krav om innløysing av festetomt til fritidshus. Framlegget endrar ikkje kravet om at eit unntak berre kan bli fastsett i forskrift så lenge det gjeld tomt festa bort til fritidshus som høyrer til ein landbrukseigedom. Men forslaget gjer den endringa i høve til gjeldande regel at det tar ut kravet til at festeinntektene i ei eventuell forskrift skal bli vurdert i høve til næringsinntektene, og dermed også kravet til eit nærare høvetal. Kravet etter framlegget er i staden at «inntekta frå festearealet som høyrer til bruket, tilseier at innløysing ikkje finn stad». Dette kravet vil vere oppfylt når det etter den politiske vurdering som Kongen byggjer på, er grunn til å verne denne inntekta. Regelen opnar altså for eit fritt skjønn der den gjeldande regelen set visse grenser.

Til § 37 Innløysingsvilkår

Om forslaget til endring av § 37 andre ledd første punktum viser departementet til punkt 6.2 foran. Når krav om innløysing høyrer under skjønn, slår framlegget fast at skjønnet avgjer ikkje berre innløysingssummen og innløysingsvilkåra elles, men også retten til innløysing i det konkrete høvet og alle spørsmål som gjeld gjennomføringa av skjønnet. Med at retten «avgjer» dette, er det her meint at dei aktuelle tvistespørsmåla blir rettskraftig avgjort ved skjønnet.

Dette vil som sagt gjelde når krav om innløysing høyrer under skjønn. Vilkåra for dette er at partane ikkje «er samde om innløysingsvilkåra, eller har avtalt vilkåra fastsette på annan måte». Om partane er samde om innløysingsvilkåra, men ikkje om retten til innløysing eller om spørsmål om gjennomføringa av innløysinga, vil eventuelle tvistespørsmål om retten til innløysing eller om gjennomføringa av innløysinga ikkje høyre under skjønn. Om innløysingsvilkåra er avtalt fastsette på annan måte, og det av den grunn reint faktisk ikkje blir halde skjønn, gir framlegget heller ikkje høve til å reise skjønn for å få avgjort berre retten til innløysing eller spørsmål om gjennomføringa av innløysinga. Tankegangen bak reglane er at om det først blir halde skjønn, så bør ein part kunne trekkje tvistespørsmål som her nemnt inn i saka og få også dei avgjort med rettskraft.

Så lenge partane ikkje er blitt samde om innløysingsvilkåra, og dei ikkje har avtalt at vilkåra skal fastsetjast på annan måte, høyrer «krav om innløysing under skjønn». Dette skal medføre – i mangel av avtale som nemnd – at i tida før det ligg føre semje om innløysingsvilkåra kan ikkje ein part reise søksmål i vanlege prosessformer om retten til innløysing og om spørsmål som gjeld gjennomføringa av innløysinga.

Om det er halde skjønn utan at spørsmål om retten til innløysing eller om gjennomføringa av innløysinga er blitt rettskraftig avgjort, fordi ingen av partane har reist spørsmålet slik at det er blitt avgjort, vil føresegna ikkje hindre at spørsmål om dette i ettertid blir avgjort i eit eige søksmål i vanlege prosessformar. Når innløysingsvilkåra først er avgjort, ved semje eller skjønn (eller til dømes ved voldgift), er føresetnaden at tvist som eventuelt seinare blir reist om anna enn innløysingsvilkåra, ikkje skal eller må handsamast i eit nytt skjønn.

Inngangsporten til eit skjønn er såleis at det faktisk ligg føre usemje om innløysingsvilkåra, og det ikkje er avtalt at slik usemje skal bli løyst på annan måte. Når eit skjønn blir halde, høyrer kravet om innløysing under skjønnet, som då og avgjer alle tvistespørsmål om retten til innløysing og om gjennomføringa av innløysinga. Etter at skjønnet er halde, vil det avgjerande for kva partane kan reise sjølvstendig sak om, vere kva som faktisk er rettskraftig avgjort ved det konkrete skjønnet.

Ein festar som vil stengje for seinare søksmål om retten til innløysing, må derfor sørge for at det i skjønnssaka blir lagt ned påstand om at festaren har rett til å løyse inn festetomta, slik at dette reint faktisk sett blir rettskraftig avgjort. Dette kan i tilfelle bli gjort også om bortfestaren eller grunneigaren ikkje på dette tidspunktet har reist innvending mot at festaren har rett til innløysing.

Ei eiga sak om retten til innløysing i tid etter eit skjønn vil truleg vere lite praktisk. Tvist om retten til innløysing vil i dei fleste tilhøve bli aktualisert tidleg etter at eit krav om innløysing er sett fram av festaren. Begge partane vil også ha rasjonell eigeninteresse i å få dette spørsmålet avgjort i skjønnssaka, slik lovframlegget no mogleggjer. Og det er nok at ein av partane trekkjer spørsmålet inn under skjønnssaka for at det skal bli rettskraftig avgjort. Etterfølgjande tvist knytt til gjennomføringa av innløysinga kan derimot vere noko meir tenkjeleg, då det her etter skjønnet kan kome opp spørsmål som partane ikkje tenkte på.

Departementet vil nemne at § 37 andre ledd opnar for at partane kan avtale at innløysingsvilkåra skal fastsetjast på annan måte enn ved skjønn. Mellom anna opnar dette for at partane kan avtale at vanlege rettargangsreglar skal nyttast, anten i festeavtala eller ved etterfølgjande avtale, til dømes når det er aktuelt å reise sak.

Når det gjeld forslaget om å oppheve § 37 andre ledd andre og tredje punktum, viser departementet til punkt 6.4 foran.

Til § 38 Gjennomføring av innløysing

Nytt tredje ledd første punktum seier at festaren kan seie frå seg kravet om innløysing seinast fire veker etter at innløysingssummen er endeleg fastsett ved skjønn, voldgift eller rettsleg avgjerd. Festaren kan ikkje skrive frå seg retten til å nytte denne regelen, jf. lov om tomtefeste § 4. Det er tidspunktet for når avgjerda får rettskraft som er avgjerande for når fristen tar til å laupe. Oftast vil det truleg vere eit skjønn som har avgjort innløysingssummen, men departementet legg til grunn at partane etter § 37 andre ledd kan avtale at vilkåra blir fastsett på annan måte, mellom dette ved at vanlege rettargangsreglar nyttast.

Dersom festaren vel å seie frå seg kravet, må etter andre punktum bortfestaren sine naudsynte kostnader som følgje av kravet dekkjast. Dette vil vere meir enn kostnadane til skjønnssaka eller den rettslege prosessen. Alle naudsynte kostnadar som bortfestaren har hatt som følgje av kravet om innløysing fell under festaren sitt skadebotansvar. Det er sagt uttrykkeleg at også kostnader i saka som bortfestaren eventuelt er blitt pålagt å betale før i saka til festaren, no skal betalast attende av festaren. Bortfestaren må på si side godtgjere for festaren at han eller ho har hatt utgiftene. Kostnadsansvaret må også gjelde den naudsynte kostnaden med å få fastsett beløpet som festaren skal betale etter § 38 nytt tredje ledd, dersom spørsmålet blir avgjort av avgjerdsinstansen etter § 38 nytt tredje ledd tredje punktum, sjå like nedanfor. Regelen må her som ein spesialregel gå foran rettargangslovgjevinga sine sakskostnadsreglar.

Etter tredje punktum kan kvar av partane be avgjerdsinstansen ved orskurd å fastsetje beløpet som festaren skal betale etter § 38 nytt tredje ledd andre punktum. Det er ikkje sett nokon frist for å fremje dette kravet. Om ein part kan nytte rettsmiddel mot orskurden vil avhenge av reglane for den aktuelle rettargangsforma det er tale om og av kva instans som har avsagt den endelege avgjerda om innløysingssummen. Forfall for kravet vil etter vanlege formuerettslege reglar følgje av påkrav frå bortfestaren, og plikt til å svare forseinkingsrente av reglane i lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling m.m. Avgjerdsinstansen kan «fastsetje beløpet som festaren skal betale». Dette vil også gjelde rentekrav. Når ein part ber om det, skal slutninga utformast slik at den kan vere tvangsgrunnlag for det festaren skal betale etter tvangsfullbyrdingslova, jf. lova § 4-1.

I fjerde punktum står det at skjønnets eller rettens leiar eller ein annan dommar kan seie orskurden åleine. Dette gjeld ein avgjerd som ein ikkje bør nytte for mykje ressursar på. Ein annan dommar kan vere ein annan dommar som har vore med på avgjerda om innløysingssummen, eller ein annan dommar ved same rettsinstans. Om det har vore eit skjønn som etter avtale mellom partane har vore styrt av lensmannen, namsfuten eller politistasjonssjef, som har avsagt den endelege avgjerda om innløysingssummen, skal denne personen seie orskurden. Om denne har forfall grunna sjukdom eller anna, føreset regelen likevel at den som utøvar funksjonen for denne kan seie orskurden.

Til § 43 Skjønn

Endringane i § 43 første og andre ledd er omtalt under punkt 6.5 foran, og departementet viser til dette. Det går fram av første ledd første punktum at skjønn etter lov om tomtefeste i alle høve som utgangspunkt blir halde som rettslege skjønn. Men etter første ledd andre punktum kan skjønnet styrast av lensmannen, namsfuten eller politistasjonssjef med sivile rettspleieoppgåver. Dette gjeld berre dersom partane er samde om det. Endringane i andre ledd er ei reint teknisk tilpassing ut frå realitetsendringane som går fram av første ledd. Dessutan er ordet «skjønnsmenn» foreslått endra til «skjønnsmedlemmer», i tråd med ei generell terminologiendring i lovverket knytt til ikraftsetjinga av ny tvistelov.

Det nye tredje ledd gjeld for skjønn om innløysing etter lova § 37. Tredje ledd seier at ei slik skjønnssak kan bli delt slik at det blir forhandla og fastsett særskilt om festaren har rett til innløysing eller om kva innløysingssummen er, slik at skjønnet elles blir utsett. Departementet viser til punkt 6.3 foran om dette.

8.2 Til endringa i fjellova

Til § 13

Endringsforslaget har samanheng med endringa i § 34 andre ledd, og departementet viser til punkt 4 foran. I dag seier § 13 tredje ledd andre punktum at føresegna i første ledd ikkje er til hinder for at tomt som er festa bort til bustadhus og fritidshus, blir innløyst etter lov om tomtefeste kapittel VI. Fjel­lova § 13 første ledd seier at statsallmenningsgrunn til vanleg ikkje kan avhendast. I samanheng med endringa i lov om tomtefeste § 34 andre ledd endrast fjellova § 13 tredje ledd andre punktum slik at det berre vil gjelde bustadhus som blir innløyst etter lov om tomtefeste kapittel VI.

8.3 Til endringane i lov 18. februar 2005 nr. 10 om endringer i lov 3. juni 1994 nr. 15 om Enhets­- regis­teret, lov 21. juni 1985 nr. 78 om registrering av foretak og i enkelte andre lover

Til endringa av konkurslova § 79

Departementet foreslår å gjere endringar i avsnitt III om endringar i konkurslova, som enno ikkje er i kraft. Forslaget går ut på å oppheve endringane i konkurslova § 79 andre ledd. Desse endringane blir i staden tatt inn i endringslov 27. januar 2006 nr. 4, sjå merknadene til endringar i konkurslova § 79 i denne lova.

Til endringa av konkurslova § 138

På grunn av endringane i § 79 andre ledd blir det naudsynt å endre § 138 andre ledd første punktum, som viser til § 79 andre ledd.

8.4 Til endringane i lov 27. januar 2006 nr. 4 om endringar i lov 8. juni 1984 nr. 58 om gjeldsforhandling og konkurs og andre lover (elektronisk kommunikasjon mv.)

Til endringa av konkurslova § 79

Ved lov 18. februar 2005 nr. 10 blei det gjort ei endring i konkurslova § 79. Denne gjekk ut på at Einingsregisteret skal vere med i opprekninga av kva register føraren av Konkursregisteret skal syte for at ei melding om konkurs blir registrert i. Endringa går ut på å ta inn eit nytt nr. 2 i § 79 andre ledd og gjere dei eksisterande nr. 2 og 3 til nye nr. 3 og 4. Endringa skal tre i kraft 1. januar 2007, sjå kongeleg resolusjon 18. februar 2005. Under førebuinga av endringslov 27. januar 2006 nr. 4, sjå Ot.prp. nr. 108 (2004-2005), såg ein ikkje denne endringa. Også ved denne lova blei konkurslova § 79 endra ved å gi eit nytt nr. 2 i § 79 andre ledd. Også denne endringa skal etter planen tre i kraft 1. januar 2007.

For å unngå at to motstridande lovendringar trer i kraft på same dag, er det naudsynt med endringar i dei to endringslovene. Departementet foreslår at i avsnitt III i lov 18. februar 2005 nr. 10 blir endringane i § 79 oppheva, og at dei endringane som blei gjorde der, i staden blir tatt inn i lov 27. januar 2006 nr. 4 ved å endre denne lova.

Etter dette vil konkurslova § 79 andre ledd nr. 2 ha den ordlyden som føresegna fekk ved lov 18. februar 2005 nr. 10. Konkurslova § 79 andre ledd nr. 3 vil få den ordlyden som blei gitt som nr. 2 i lov 27. januar 2006 nr. 4. Dei eksisterande nr. 2 og 3 blir etter endringa nye nr. 4 og 5.

Dette gjer at det òg er nødvendig med ei endring i lov 27. januar 2006 nr. 4 § 79 sjuande ledd, som viser til andre ledd.

Til endringa av konkurslova § 138

Departementet foreslår å rette opp ein inkurie i § 138, som går ut på at det ved lov 27. januar 2006 nr. 4 blei gjort ei endring i § 138 første ledd tredje punktum som viser til mellom anna § 79 andre ledd nr. 5, som då ikkje fanst i lova. Sjølv om det etter dei føreslåtte endringane i § 79 no vil vere eit nr. 5 i andre ledd, skal det ikkje visast til dette i § 138.

Til forsida