Ot.prp. nr. 79 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfarten (sjøloven)

Til innhaldsliste

5 Merknader til dei einskilde paragrafene i lovforslaget

Til § 170

§ 170 vert oppheva, som ein konsekvens av at avsnitt III vert oppheva, jf. kapittel 2 ovanfor.

Til § 171

I § 171 vert det gjort ei endring av tilvisinga som følgje av endringane i § 172 og ny § 172 a.

Til § 172

I § 172 er overskrifta endra for å markere at § 172 berre gjeld avgrensing etter reglane i 1996-avgrensingskonvensjonen, til skilnad frå § 172 a, som gjeld krav som er tatt unna frå konvensjonsbindinga. Sjå nærmare kapittel 3 om bakgrunnen for forslaget.

I § 172 første ledd er gjeldande nr. 4 og nr. 5 stroke. Reglane om slike krav er flytta til nye § 172 a første ledd nr. 1 og 2. Noverande nr. 6 i § 172 første ledd vert ny nr. 4.

Departementet foreslår også eit nytt tredje ledd i § 172, som går ut på at skip med tonnasje på 300 tonn eller mindre vil vere omfatta av § 175 også når det gjeld slike tap som er nemnde i § 172 a. Dette svarar til § 172 tredje ledd i forslaget frå Sjølovkomiteen. Sjå om dette ovanfor i punkt 3.5.3.

Til § 172 a

Lovforslaget § 172 a svarar i hovudsak til § 182 b i framlegget frå Sjølovkomiteen.

I første ledd nr. 1 og 2 finn ein slike krav som er nemnde i artikkel 2 nr. 1 bokstav d og e i 1996-avgrensingskonvensjonen, som i dag er gjennomført i sjølova § 172 første ledd nr. 4 og nr. 5. Dette er slike krav som er tatt unna frå konvensjonsbindinga ved det norske atterhaldet til 1996-avgrensingskonvensjonen, sjå punkt 3.2.2 ovanfor.

Avgrensingsbeløpa for krava i lovforslaget § 172 a er tekne inn i lovforslaget § 175 a, og reglane om rettsverknaden av avgrensingsfond m.m. er tekne inn i lovforslaget § 178 a. Ein særregel om reiaren sine eigne tiltak er gjeve i § 179 i lovforslaget, sjå punkt 3.6 ovanfor. Elles gjeld dei generelle reglane i kapittel 9 også for krava som er omfatta av § 172 a, om ikkje anna er sagt, sjå om dette punkt 3.8.4 ovanfor.

Tolkinga av første ledd nr. 1 og 2 må som etter gjeldande lov ta utgangspunkt i tolkinga av 1996-avgrensingskonvensjonen artikkel 2 nr. 1 bokstav d og e. Flyttinga verkar ikkje inn på tolkinga av kva slags krav føresegnene omfattar.

Alternativet «strandet» omfattar alle formar for grunnstøyting. Skipet kan vere «sunket», «strandet» og «forlatt» utan å ha vorte «vrak». Alternativet «vrak» har sjølvstendig verknad der ingen av dei andre alternativa passar, til dømes etter brann eller uver, jf. side 17 i NOU 1980: 55 Begrensning av rederansvaret.

Medan § 172 a første ledd nr. 1 berre gjeld i tilfelle der skipet er «sunket, strandet, forlatt eller blitt vrak», gjeld nr. 2 om fjerning m.m. av skipets last i alle høve. Om ein til dømes må tømme skipet for farleg last for å unngå skade, utan at skipet i seg sjølv forliser eller liknande, vil § 172 a første ledd nr. 2 gjelde.

Bunkersolje er ikkje last. Dette betyr at bunkersoljesøl berre er omfatta av § 172 a første ledd, når skipet har lidt ein slik lagnad som nemnt i § 172 a første ledd nr. 1. For krav etter eit bunkersoljesøl der skipet ikkje er «sunket, strandet, forlatt eller blitt vrak», er det § 172 første ledd nr. 3 og nr. 4 (noverande nr. 3 og nr. 6) og ansvarsgrensene i § 175 som vil gjelde, og ikkje § 172 a og ansvarsgrensene i forslaget § 175 a. Det er vanlegvis slik ved store bunkersoljesøl at skipet lir ein lagnad som er omfatta av § 172 a første ledd nr. 1, til dømes at skipet grunnstøytar, vert senka, eller brekk i to. Ein kan likevel også tenkje seg ein situasjon der eit bunkersoljesøl ikkje er omfatta av § 172 a første ledd nr. 1, til dømes ein skipskollisjon der det går hull på drivstofftankane og bunkersolje renn ut. Her er skipet ikkje «sunket», «strandet» eller «forlatt», og ein kan tenkje seg høve der skipet heller ikkje vert vrak etter ein slik kollisjon. Om skipet er å rekne som vrak eller ikkje, vil vere ei vurdering i det enkelte tilfellet. Sjølovkomiteen uttaler på side 15 i NOU 2002: 15 følgjende om noverande § 172 nr. 4, som svarer til nye § 172 nr. 1:

«I forhold til denne bestemmelsen vil det derfor sjelden være nødvendig å avgjøre om et skip som er utsatt for en alvorlig sjøulykke, er blitt vrak eller ikke. Det avgjørende vil normalt være om skipet overhodet lar seg berge. Er skipet ikke forsøkt berget innen rimelig tid etter ulykken, vil det vanligvis måtte betraktes som vrak.»

Det er elles gjort nærmare greie for tolkinga av konvensjonen artikkel 2 nr. 1 bokstav d og e i NOU 1980: 55 Begrensning av rederansvaret side 17.

I NOU 2002: 15 på side 15 drøftar Sjølovkomiteen grensa mellom tingskade, jf. sjølova § 172 første ledd nr. 1, og kostnader i samband med fjerning m.m., som vil vere omfatta av lovforslaget § 172 a første ledd. Sjølovkomiteen peikar på at denne grensa vert viktigare etter lovforslaget, fordi grensa får verknad for kva for avgrensingsbeløp som gjeld. Komiteen uttaler:

«Ved sjøulykker som medfører skade på f. eks. havneanlegg, bassenger, vannveier og navigasjonshjelpemidler, vil imidlertid kostnadene ved fjerning av skip og last m.v. også kunne oppfattes som en del av ansvaret for tingsskadene. Legges alminnelige regler om erstatningsutmåling til grunn, vil slike kostnader inngå i den samlede erstatning som skadelidte har krav på. I NOU 1980:55 side 17 antas det derfor at erstatningskravet i sin helhet da vil gå inn under sjøloven § 172 nr. 1. Er denne tolkingen riktig, vil § 172 første ledd nr. 4 og 5 bare omfatte tilfelle hvor skadelidte ikke er påført tingsskade, og derfor utelukkende krever erstatning for utgifter og annet tap som følge av fjerning eller unnlatt fjerning av skip og last m.v.

I forhold til gjeldende rett er det uten betydning om et krav henføres under den ene eller andre av underpostene i § 172. Dersom krav som nevnt i § 172 første ledd nr. 4 og 5 går ut av listen, har imidlertid spørsmålet om rekkevidden av § 172 første ledd nr. 1 om krav i anledning av tingsskade ikke lenger bare teoretisk interesse. Legges synet i NOU 1980: 55 side 17 til grunn, vil rekkevidden av konvensjonsforbeholdet bli tilsvarende begrenset. Grensen mellom disse bestemmelsene bør derfor vurderes på nytt. Etter Sjølovkomiteens syn taler de beste grunner for at grensen i stedet bør baseres på et skille mellom, på den ene side, selve tingsskaden og de økonomiske følger av denne og, på den annen side, kostnadene ved de fjernings- og oppryddingstiltak som sjøulykken gjør nødvendig.»

Departementet er samd med Sjølovkomiteen her. Departementet legg til grunn at § 172 a gjeld alle tiltak for å fjerne, øydeleggje eller uskadeleggjere skipet eller noko som har vore om bord i skipet. Dette gjeld også tiltak som knytter seg direkte til ei tingskade, til dømes fjerning av bunkersoljesøl frå ei brygge. § 172 a gjeld generelt utan omsyn til kva for skade ein med tiltaka unngår eller rettar opp, om dette er til dømes ein rein miljøskade eller ein tingskade. Ved fjerning av bunkersolje frå ei brygge vil til dømes bryggeeigaren sitt tap av innkome som følgje av at brygga ikkje kan brukast på grunn av oljesøl, vere omfatta av § 172. Om inntektstapet derimot er ei følgje av skadar på brygga som er valda av tiltak som er omfatta av § 172 a, vil tapet vere omfatta av § 172 a. Dette følgjer av at slik følgjeskade av tiltaka vil vere «krav i anledning av» slike tiltak.

Departementet vil dessutan peike på at reiarens kostnader til eigne tiltak ikkje i noko høve er omfatta av § 172 a, men følgjer § 179, sjå om dette ovanfor i punkt 3.6.

Til § 173

I nr. 1 er det gjort ei endring i tilvisinga som ei følgje av endringane i § 172, jf. forslaget til ein ny § 172 a. Endringa i nr. 2 er oppretting av ein inkurie i tilvisinga.

Til § 175

Endringa av § 175 går ut på at det er tatt inn ei ny innleiing, som slår fast at § 175 berre gjeld krav som er omfatta av § 172.

Til § 175 a

Lovforslaget § 175 a svarar til forslaget til § 182 c frå Sjølovkomiteen. Paragrafen regulerer ansvarsgrensene for dei krava som er omfatta av lovforslaget § 172 a. Sjå punkt 3.5.3.

Til § 177

I § 177 er det foreslått å oppheve første ledd andre og tredje punktum og andre ledd andre punktum, som ein konsekvens av forslaget om å oppheva avsnitt III, jf. kapittel 2 i proposisjonen.

Til § 178

I § 178 er overskrifta endra og det er teke inn ei innleiing om at reglane berre gjeld for krav som er omfatta av § 175, jf. § 172.

Det foreslås å oppheve § 178 nr. 7 fordi denne regelen knyt seg til reglane i avsnitt III, som vert oppheva. Sjå kapittel 2 i proposisjonen.

Til § 178 a

Forslaget til ny § 178 a inneheld særreglar for krava som er omfatta av forslaget i § 172 a, jf. § 175 a, om rettsverknadene av at avgrensingsfond er oppretta. Forslaget svarer til § 182 f andre ledd i forslaget frå Sjølovkomiteen. Lovforslaget§ 178 a første ledd viser til at § 178 gjeld tilsvarande når avgrensingsfond er oppretta her i riket, men med unntak av nr. 3 og 4. Dette er den same regelen som i § 182 f andre ledd første punktum i forslaget frå Sjølovkomiteen.

Andre ledd gjeld avgrensingsfond som er oppretta i ein annan konvensjonsstat. Regelen svarer til § 182 f andre ledd andre punktum frå Sjølovkomiteen. Grunnen til at det er naudsamt med ein særregel her, er at avgrensingsfond som er oppretta i utlandet etter 1996-avgrensingskonvensjonen, ikkje vil omfatte like høge beløp som § 175 a. Det er derfor naudsynt å krevje eit tilleggsfond for å gje det utanlandske fondet den same verknaden etter § 178 a som elles gjeld etter § 178 nr. 3.

Til § 179

§ 179 svarar i hovudsak til reglane i sjølova § 195 fjerde ledd (om det særskilde oljesølansvaret i sjølova kapittel 12), og svarar til § 182 d andre ledd i forslaget frå Sjølovkomiteen. Sjå nærmare om forslaget ovanfor i punkt 3.6. Ein skilnad frå § 195 fjerde ledd er at regelen gjeld ved «fordelingen av ansvarsbeløpet», og ikkje ved «fordelingen av fondet». Grunnen til denne skilnaden er at det etter § 195 er naudsynt å opprette avgrensingsfond for å avgrense ansvaret. Dette gjeld ikkje i høve til avgrensing etter sjølova kapittel 9, jf. § 180 som eksplisitt seier at retten til å avgrense ansvaret også gjeld når det ikkje er oppretta avgrensingsfond. Ein annan skilnad frå reglane om dette i § 195 er at det etter § 179 ikkje gjeld noko vilkår om at tiltaka er gjort «frivillig». Se nærmare om bakgrunnen for dette ovanfor i punkt 3.6. Ein tredje skilnad er at § 195 berre gjeld forureiningsskade, mens § 179 gjeld alle krav som gjeld tiltak som er omfatta av § 172 a, jf. § 175 a.

Til § 181

I § 181 det tatt inn tilvisingar til ny § 175 a.

Til § 182

I § 182 er første ledd første punktum endra som ei konsekvens av at avsnitt III er foreslått oppheva, jf. kapittel 2 i proposisjonen.

Til § 231

I § 231 første ledd er tilvisinga til § 186 tatt ut som ein konsekvens av at avsnitt III er foreslått oppheva, jf. kapittel 2 i proposisjonen.

Til § 232

I § 232 første ledd er tilvisinga til § 184 tatt ut som ein følgje av at avsnitt III er foreslått oppheva, jf. kapittel 2 i proposisjonen. I tillegg er det teke inn ei tilvising til ny § 175 a. Andre ledd svarar til § 232 andre ledd i Sjølovkomiteen sitt lovforslag.

Til §§ 235, 240 og 244

I desse paragrafane er tilvisingar til reglar i avsnitt III tatt ut som ein følgje av at avsnitt III er foreslått oppheva, jf. kapittel 2 i proposisjonen.

Til § 422

I § 422 første ledd første punktum vert ansvarsgrensa auka frå 175 000 SDR til 400 000 SDR for kvar einskild passasjer. Sjå punkt 4.1 ovanfor.

Til § 430

Endringa i § 430 er ei følgje av at det ikkje lengre vil vere nordisk rettseinskap på dette punktet når Noreg aukar ansvarsgrensa for passasjerskadar i § 422 første ledd første punktum til 400 000 SDR. I § 430 første ledd er derfor tilvisinga endra, slik at den ikkje omfattar § 422 første ledd første punktum.

I eit nytt andre ledd i § 430 vert ansvarsgrensa i § 422 første ledd første punktum gjort bindande for passasjerfart i, til eller frå Noreg, og ved annan passasjerfart kor norsk rett gjeld. I høve til passasjerfart med tilknyting til Noreg gjeld derfor framleis den same regelen som gjeld etter første ledd i dag.

Til § 507

I § 507 vert ansvarsgrensa auka, jf. kapittel 4, og det vert også tatt inn ei tilvising til nye § 175 a.

Til forsida