Ot.prp. nr. 81 (2007-2008)

Om lov om endringer i pasientskadeloven m.m. (dekking av advokatutgifter og forlengd søksmålsfrist)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovforslaget

2.1 Auke i kostnader – behov for innsparing

Pasientskadeloven tredde i kraft for den offentlege helsetenesta 1. januar 2003. Lova erstatta ei mellombels avtalebasert ordning med pasientskadeerstatning.

I 2002 vart det sett fram 2584 krav om erstatning etter den mellombelse ordninga for NPE. Etter at lova tredde i kraft, har talet på erstatningskrav auka ein god del. I 2003 vart det sett fram 2336 krav om pasientskadeerstatning, mens det i 2004, 2005 og 2006 vart sett fram høvesvis 3258, 3567 og 3867 nye krav. I 2007 vart det sett fram 3737 krav. Frå 2002 til 2006 har talet på nye krav som er sette fram for NPE, auka med 45 prosent.

Talet på saker som årleg kjem inn til Pasientskadenemnda, det vil seie klager på vedtak i NPE og gjenopptakingskrav, har også auka mykje. Pasientskadenemnda mottok 674 saker i 2003, 724 saker i 2004, 927 saker i 2005, 1120 saker i 2006 og 949 i 2007. Frå 2004 til 2005 auka talet på saker for Pasientskadenemnda med 28 prosent, mens det var ein auke på 21 prosent frå 2005 til 2006. Utviklinga av talet på saker i eit langsiktig perspektiv er avhengig av utviklinga når det gjeld talet på skadar i helsesektoren, pasientane sin kunnskap om rettane etter pasientskadeloven og rettsmedvitet deira.

I 2007 gjekk talet på innkomne saker til Pasientskadenemnda ned med 15 %. Ifølgje Pasientskadenemnda kjem nedgangen av at talet på melde saker til NPE er gått ned med 3 %, og at restansane samtidig har auka i NPE. Saksavviklinga i NPE er påverka i negativ retning blant anna på grunn av høg turnover. Ein reknar likevel med at dette problemet er forbigåande, fordi det no er sett i gang ei rekkje tiltak mot dette i NPE.

Stadig fleire pasientar bruker advokathjelp i pasientskadesaker. Ifølgje opplysningar frå Pasientskadenemnda brukte 28 prosent av pasientane advokat ved nemndsbehandlinga i 2003. I 2004 auka talet på pasientar som var representerte ved advokat, til 39 prosent, og i 2005 var det 45 prosent.

NPE har gått gjennom 25 saker frå 2005 og 2006 og kome til at advokatane i gjennomsnitt har teke ein timepris på kroner 1233,– for hjelp i pasientskadesakene. I tillegg kjem meirverdiavgift. Departementet reknar det som sannsynleg at gjennomsnittleg timepris for 2007 vil liggje på kroner 1300. Når meirverdiavgift blir lagd til, tilseier dette ein timepris på kroner 1625,–. NPE dekte i 2003 utgifter til advokathjelp med totalt 11,2 millionar kroner. I 2004 låg utgiftene på 15,5 millionar kroner, i 2005 på 17,7 millionar kroner, og 20,4 millionar kroner i 2006. I 2007 var det totale beløpet på kr 21,4 millionar kroner.

Helse- og omsorgsdepartementet meiner at auken i saksmengda og statens auka utgifter ikkje berre kan løysast gjennom å auke løyvingane til pasientskadeordninga og gjennom tiltak for å auke produktiviteten i NPE og Pasientskadenemnda. Departementet sende 19. oktober 2007 ut høyringsnotat med blant anna forslag om ei føresegn som opnar for at Kongen i forskrift kan gi føresegner som regulerer den timeprisen advokatane kan krevje for hjelp i pasientskadesakene. Den offentlege salærsatsen er frå 1. januar 2008 fastsett til ein timesats på 850 kroner.

2.2 Auke i talet på søksmål som blir trekte

Høyringsforslaget inneheldt også eit forslag om endring i søksmålsfristen frå fire til seks månader. Bakgrunnen for forslaget var at det har vore ein stor auke i søksmål mot Pasientskadenemnda som i neste omgang er trekte. Pasientskadenemnda meiner at ei forklaring kan vere at søksmålsfristen er for kort, og at det blir sett fram for mange lite gjennomtenkte søksmål for å halde fristen, – søksmål som i neste omgang blir trekte.

2.3 Høyringa

Høyringsbrevet vart sendt til desse organisasjonane og institusjonane:

  • Departementa

  • Akademikerne

  • Barneombodet

  • Dei regionale helseføretaka i landet

  • Den norske advokatforening

  • Den norske dommerforening

  • Den norske jordmorforening

  • Den norske Kreftforening

  • Den norske lægeforening

  • Den norske tannlegeforening

  • Dysleksiforbundet i Norge

  • Farmasi Forbundet

  • Fellesorganisasjonen for barnevernspedagoger, sosionomer og vernepleiere

  • Flerfaglig Fellesorganisasjon

  • Forbrukarombodet

  • Forbrukarrådet

  • Funksjonshemmedes fellesorganisasjon

  • Fylkeskommunar

  • Fylkesråda for funksjonshemma

  • Helseansattes Yrkesforbund

  • Helsetjenestens Lederforbund

  • Hørselshemmedes Landsforbund

  • Helsetilsynet i fylka

  • Kommunenes Sentralforbund

  • Landsforeningen for hjerte- og lungesyke

  • Landsforeningen for Huntingtons sykdom

  • Landsforeningen for Nyrepasienter og Transplanterte

  • Landsforeningen for Pårørende innen Psykiatri

  • Landsforeningen for utviklingshemmede og pårørende

  • Landsorganisasjonen i Norge (LO)

  • Mental Helse Norge

  • Multippel Sklerose Forbundet i Norge

  • Nasjonalforeningen for folkehelsen

  • Nasjonalt folkehelseinstitutt

  • Norges Ambulanseforbund

  • Norges Apotekerforening

  • Norges Astma- og allergiforbund

  • Norges Blindeforbund

  • Norges Diabetesforbund

  • Norges Døveforbund

  • Norges Farmaceutiske Forening

  • Norges Fibromyalgi Forbund

  • Norges Handikapforbund

  • Norges Optikerforbund

  • Norges Parkinsonforbund

  • Norges Tannteknikerforbund

  • Norsk audiografforbund

  • Norsk Epilepsiforbund

  • Norsk Ergoterapeutforbund

  • Norsk Forbund for Psykoterapi

  • Norsk Forbund for Utviklingshemmede

  • Norsk Fysioterapeut Forbund

  • Fagforbundet

  • Norsk Helse- og sosiallederlag

  • Norsk Helsesekretærforbund

  • Norsk Kiropraktikerforening

  • Norsk Kommuneforbund

  • Norsk Landsforening for laryngectomerte

  • Norsk ortopedisk forening

  • Norsk Pasientforening

  • Norsk Pasientskadeerstatning

  • Norsk Psykiatrisk Forening

  • Norsk Psykologforening

  • Norsk Radiografforbund

  • Norsk Revmatikerforbund

  • Norsk sykepleierforbund

  • Norsk tannpleierforening

  • Norsk Thyreoideaforbund

  • Norsk Tjenestemannslag (NTL)

  • Norsk Vernepleierforbund

  • Norske Fotterapeuters Forbund

  • Norske Ortopedisters Forening

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

  • Pasientomboda i landet

  • Pasientskadenemnda

  • Regjeringsadvokaten

  • Riksrevisjonen

  • Rikstrygdeverket

  • Statens råd for funksjonshemma

  • Rådet for psykisk helse

  • SAFO

  • Sametinget

  • Sosial- og helsedirektoratet

  • Statens autorisasjonskontor for helsepersonell

  • Statens Helsepersonellnemnd

  • Statens helsetilsyn

  • Statens råd for funksjonshemma

  • Statens senter for ortopedi

  • Stortingets ombodsmann for forvaltninga

  • Utval av kommunane i landet

  • Universiteta i landet

  • Yngre legers forening

  • Yrkesorganisasjonenes sentralforbund

Departementet har motteke fråsegner frå:

  • Arbeids- og inkluderingsdepartementet

  • Barne- og likestillingsdepartementet

  • Fiskeri- og kystdepartementet

  • Fornyings- og administrasjonsdepartementet

  • Forsvarsdepartementet

  • Justis- og politidepartementet

  • Kunnskapsdepartementet

  • Kultur- og kyrkjedepartementet

  • Landbruks- og matdepartementet

  • Miljøverndepartementet

  • Nærings- og handelsdepartementet

  • Samferdselsdepartementet

  • Utanriksdepartementet

  • Barneombodet

  • Fylkesmannen i Oslo og Akershus

  • Helsedirektoratet

  • Helsetilsynet i Buskerud

  • Helsetilsynet i Finnmark

  • Helsetilsynet i Vestfold

  • Norsk pasientskadeerstatning

  • Pasientskadenemnda

  • Statens helsepersonellnemnd

  • Hemnes kommune

  • Troms fylkeskommune, Fylkeseldrerådet

  • Troms fylkeskommune, Fylkesrådet for funksjonshemmede

  • Advokatforeningen

  • Advokat Ronald Pedersen

  • Den norske dommerforenings lovutvalg for helse- og sosialrett

  • Den norske legeforening

  • Landsorganisasjonen i Noreg

  • Norske Ortopisters Forening

  • Funksjonshemmedes fellesorganisasjon

  • Kreftforeningen

  • Landsforeningen for trafikkskadde

  • Mental helse

  • Norges astma- og allergiforbund

  • Norsk pasientforening

Av desse hadde desse ingen merknader:

  • Arbeids- og inkluderingsdepartementet

  • Barne- og likestillingsdepartementet

  • Fiskeri- og kystdepartementet

  • Fornyings- og administrasjonsdepartementet

  • Forsvarsdepartementet

  • Kunnskapsdepartementet

  • Kultur- og kyrkjedepartementet

  • Landbruks- og matdepartementet

  • Miljøverndepartementet

  • Nærings- og handelsdepartementet

  • Samferdselsdepartementet

  • Utanriksdepartementet

  • Barneombodet

  • Fylkesmannen i Oslo og Akershus

  • Helsetilsynet i Vestfold

  • Statens helsepersonellnemnd

Til forsida