Ot.prp. nr. 81 (2007-2008)

Om lov om endringer i pasientskadeloven m.m. (dekking av advokatutgifter og forlengd søksmålsfrist)

Til innhaldsliste

6 Merknader til dei enkelte føresegnene

6.1 Merknader til forslaget til endringar i pasientskadeloven

Til § 11 nytt andre ledd

Forslaget til nytt andre ledd medfører blant anna at Kongen får heimel til å fastsetje ein lågare timesats for saker der krav om erstatning etter pasientskadeloven blir fremja mot Norsk Pasientskadeerstatning, eller der vedtak i Norsk Pasientskadeerstatning blir påklaga til Pasientskadenemnda, enn dei timesatsane advokatane legg til grunn for sine salær i andre saker. Sakskostnader som gjeld arbeid med del av sak som blir omgjord til gunst for pasienten i tråd med forvaltningsloven § 36, kan likevel ikkje fastsetjast til ein lågare timesats.

Kongen kan gi føresegner i forskrift om at offentleg salærsats skal brukast. Kongen kan også gi nærmare føresegner om kva som skal reknast som nødvendige og rimelege utgifter som følgje av skaden.

Til § 11 nytt tredje ledd

Forslaget inneber at ein advokat som påtek seg eit oppdrag for ein klient som ønskjer å fremje eit krav mot Norsk Pasientskadeerstatning (NPE) etter pasientskadeloven, ikkje kan krevje betaling etter høgare timesatsar enn det som NPE og Pasientskadenemnda har vedteke å dekkje. Advokaten kan dermed ikkje krevje ein eventuell differanse mellom den offentlege salærsatsen og ordinær timepris frå klienten. Føresegna inneber også at Kongen i forskrift kan avgrense at advokaten ikkje kan krevje betaling for fleire timar enn NPE eller Pasientskadenemnda dekkjer som eit rimeleg timetal i saka. Føresegna gjeld berre for den delen av saka som NPE eller Pasientskadenemnda har vedteke å dekkje advokatutgiftene til. Ofte dekkjer NPE pasientens utgifter til advokathjelp i samband med utmålingsspørsmålet, men ikkje ved ansvarsspørsmålet. Sakskostnader som blir omtala i forvaltningslova § 36, er heller ikkje omfatta.

Pasienten står fritt til å bruke advokat for eiga rekning i samband med den delen av saka som ikkje blir dekt av det offentlege. Føresegna er heller ikkje til hinder for at pasienten kan bruke ein advokat som tek høgare timesats enn den offentlege salærsatsen. Eit slikt val vil likevel få den konsekvensen at oppdraget fell utanfor ordninga med at NPE/Pasientskadenemnda dekkjer advokatutgiftene etter pasientskadeloven § 11.

Til endring i § 16 første ledd første punktum

Forslaget inneber at ordet «personlig» blir stroke, og at det såleis ikkje lenger er eit krav om at oppnemnde varamedlemmer er personlege. Dette gir Pasientskadenemnda ein auka sjanse for å få ei effektiv utnytting av tilgjengeleg kapasitet, og at planlagd møtefrekvens blir halden ved lag. Dette inneber ikkje noka endring i forhold til at kvart møte blir sett med fem medlemmer, at møteleiar skal vere jurist, og at det blant dei andre medlemmene skal vere helsepersonell og brukarrepresentantar.

6.2 Merknader til endringane i lov 29. juni 2007 nr. 78 om endringer i pasientskadeloven m.m.

Til § 11 første ledd

I lov 29. juni 2007 nr. 78 om endringer i pasientskadeloven m.m. er det vedteke endringar i pasientskadeloven § 11 første ledd. Etter endringa følgjer det av første punktum at utgifter til advokathjelp blir dekte dersom Norsk Pasientskadeerstatning har gjort vedtak om det. Det følgjer av andre punktum at pasienten kan krevje førehandsavgjerd om kva for advokatutgifter som blir dekte. Endringslova er ikkje iverksett.

Det følgjer av merknadene til pasientskadeloven § 11 i Ot.prp nr. 103 (2005–2006) Om lov om endringer i lov 15. juni 2001 nr. 53 om erstatning ved pasientskader mv. (pasientskadeloven) m.m. at:

«Endringene skyldes at NPE etter lovforslaget overtar ansvaret etter loven også utenfor den offentlige helsetjenesten. Bestemmelser som omhandler både NPE og forsikringsgiver eller på annen måte er knyttet til den nåværende regelen om forsikring, endres eller oppheves.»

Ordlyden i den endra føresegna kan tyde på at Pasientskadenemnda ikkje kan fatte vedtak om dekking av advokatutgifter. Ei slik endring er ikkje tilsikta, og det blir føreslått at dei vedtekne endringane derfor blir oppheva.

Til § 18 andre ledd første punktum

Endringa inneber at søksmålsfristen blir forlengd med to månader.

Lov 29. juni 2007 nr. 78 om endringer i lov 15. juni 2001 nr. 53 om erstatning ved pasientskader mv. (pasientskadeloven) m.m. er vedteken, men har ikkje teke til å gjelde. Departementet går ut ifrå at denne proposisjonen truleg vil tre i kraft samtidig eller etter den nemnde endringslova. Den foreslåtte endringen i § 18 er såleis relatert til føresegna slik ho lyder i den vedtekne endringslova.

Til forsida