Ot.prp. nr. 81 (2007-2008)

Om lov om endringer i pasientskadeloven m.m. (dekking av advokatutgifter og forlengd søksmålsfrist)

Til innhaldsliste

5 Økonomiske og administrative konsekvensar av forslaga

For 2007 vart det utbetalt 21,4 millionar kroner i advokatsalær etter pasientskadeordninga. I tillegg har Norsk pasientskadeerstatning og Pasientskadenemnda over lengre tid hatt vesentlege utgifter til kjøp av advokattenester. Gjennom styrking av kompetansen i etatane er desse utgiftene no stabiliserte, og det er forventa at dei minkar.

NPE har gått gjennom 25 saker frå 2005 og 2006 og kome fram til at advokatane i gjennomsnitt har teke ein timepris på kroner 1233. I tillegg kjem meirverdiavgift. Det er ut frå dette sannsynleg at gjennomsnittleg timepris for 2007 ligg på kroner 1300. Når meirverdiavgift blir lagd til, tilseier dette ein timepris på kroner 1625. Forslaget om å avgrense retten til dekking av advokatutgifter til ein timesats tilsvarande salærsatsen medfører at timesatsen, etter tillegg av meirverdiavgift, vil liggje på kroner 1031,25. Dette beløpet er ca. 37 prosent lågare enn den gjennomsnittlege timesatsen for 2007. Departementet viser likevel til at det knyter seg noko usikkerheit til dei oppgitte beløpa, ettersom desse er baserte på anslag etter gjennomgang av ei mindre gruppe av det totale talet på saker per år. Vidare kan det tenkjast at det, som følgje av dei føreslåtte endringane, i større utstrekning enn i dag vil bli brukt advokatar som ikkje har erfaring med pasientskadesaker, og som vil ha behov for å bruke noko lengre tid enn advokatar med lang erfaring. Departementet vil likevel anslå at ein kan oppnå ei innsparing på rundt 25 prosent, så sant bruken av advokathjelp held seg konstant. I tillegg kan lovforslaget redusere Pasientskadenemndas og NPEs eigne utgifter til advokattenester.

Ein reknar ikkje med at forslaget får administrative konsekvensar.

Når det gjeld konsekvensar av at søksmål blir trekte, har departementet etter høyringsrunden innhenta nye opplysningar frå Pasientskadenemnda. Pasientskadenemnda har tidlegare anslått at ei trekt sak kostar mellom 30 000 og 40 000 kroner for nemnda. I høyringsforslaget om å utvide søksmålsfristen vart det pårekna at ei utviding av søksmålsfristen ville gi merkbare økonomiske konsekvensar. Pasientskadenemnda har likevel opplyst at utgifter per sak som blir trekt, no er vesentleg lågare enn det ein tidlegare rekna med. Dette kjem av at Pasientskadenemnda no sjølv førebur og fører rettssakene. Sjølv om innsparingane ikkje vil bli like store som ein tidlegare har trudd, legg departementet likevel til grunn at ei endring av søksmålsfristen kan gi innsparingar. Men det er ikkje mogleg å vurdere kor mykje dei sparte utgiftene utgjer.

Til forsida